Året overgang: Flytta frå Voss til Førde. Slutta som vinkelner og byrja som bakar. Frå Grand Cru til grovbrød. Frå kveldsjobbing til tiiiidlig opp.

Ungane er søte, men sit sjeldan stille.. Her sat dei i allefall i ro i 1/60 sekund.
Lik ettersmaken av ein fløyelmjuk burgunder, kverv minnet om sjølv den beste vin med tida. Men nokre syrefriske set då spor i den mentale harddisken. Nokre gonger vert det skribla ned smaksnotat, andre gonger endåtil blogga om minnerike vinar. Svært mange av dei mest minnerike er så sjeldne og dyre at dei nok aldri vert smakt igjen, og det kjennest litt dumt å ikkje kunne formidle opplevinga i ord rike nok til å romme denne smakseksplosjonen. Men slik er det vel. Nokon har sagt at å skrive om vin, er som å danse om arkitektur. To som skriv bra om vin er Ole Martin og Rune.
Når ein skal til topps, er det som regel slik at fjellet kjem ikkje til deg, men du må gå til fjellet. I år var eg så heldig at fjellbygda Voss fekk besøk av eit par toppar. I januar kom Dirk Niepoort og Lois Seabra innom og mykje god vin vart servert. Eg fekk også invitasjon til Porto og Douro. I mars fekk vi besøk av Etienne Grivot med familie, frå Domaine Jean Grivot. Det vart ei flott smaking av vinar frå Vosne-Romanée og Nuits-Saint-Georges frå kommune- til Grand Cru-nivå. Mellom høgdepunkta var ein 1. cru Aux Reignots 99, rik, fruktig og litt utypisk Vosne. Laga i berre 300 flasker..
Lista:
Årets Champagne: Det vert nok Jacques Selosse VO, servert saman med mykje anna god vin og familie i Gøteborg. Runner ups er ein flott Roger Brun Cuvee des Sires la Pelle Extra Brut 2004 på Sandane og Selosse Vintage 99, servert til Niepoort og følgje i januar.
Årets beste gjensmak: Leroy Vosne-Romanée 04, då hyggjeleg Sunnmøring gjesta hotellet.
Årets vertikal: Ikkje noko vanskeleg val, dette. Servert på Quinta de Napoles i april. Niepoort Colheita 1937, 1934, 1912, 1900 og 1863. Sjeldan gamal vin vore så vital!
Årets eldste: Også frå Porto-turen. Servert utpå kvelden på avslutningsmiddag i lageret i Vila Nova de Gaia. Ein Niepoort Vintage frå 1840-åra, litt usikkert eksakt årgang. Bar preg av å vere på hell, men absolutt drikkbar. Det kan ein ikkje seie om alle 170-åringar!
Årets siste vin frå kjellaren på Park: Chateau de Fonsalette 2001. Også ein av årets beste raude. I selskap med gode kollegaer.
Årets mest oppløftande Loire chenin blanc-vin: Patrick Baudouin Anjou Les Saulaies 08.
Årets høgdepunkt frå eigen kjellar: Fourrier Gevrey-Chambertin VV 02. Løftar seg over vanlig kommunenivå. Elegant til Gevrey å vere. Forførande og smooth. Heldigvis har eg ei til.
Årets beste kvite: Mykje godt, men trur nok at Soalheiro Primeras Vinhas 2007 var den mest spanande.
Årets kvite søte: Fritz Haag Brauneberg Juffer-Sonnenuhr Riesling Auslese Goldkapsel 1992. Mogen, frisk, konsentrert og topp balanse mellom syre og sødme.