Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for desember 2006

Det ultimate svev

I går fekk eg til eit svev på 250,66 meter! Og med fjellstøtt telemarknedslag. Slå den, Frode!

Read Full Post »

Andre omgang

Etter nokre dagar ut i julehopprennet med bror min og meg som einaste, men bitre motstandarar var det eg som hadde leiinga med 244,07 meter i K248m-bakken i Japan. I går, etter ei finfin fotballøkt på Slåtten skule, fekk eg ei tekstmelding frå Frode om at han hadde hoppa 247,25 meter. Arrrghhh!!! Eg vert nøydt til å forsøke å slå han. Æra må gjennopprettast!

Reklame

Read Full Post »

Hopp i natta

Som vanlig vert bror min og eg sitjande utover kveldane no i jula og spele Deluxe Skijump 3, ein demoversjon. Vi er beggje to byrja å kome i form etter litt ein fomlande start. Det er K248-bakken i Japan som tel. Frode har no eit ståamde hopp på 237m og eg har eit på 238m som lengst. Frode har også eit på 252m med fall. Eg er nøydt til å trene litt framover..

Read Full Post »

Etter julemiddag, moltekrem og kaker matrialserte det seg i stygge tal: litt over 72..

Read Full Post »

Feriedag to

Etter vel ein med fotball i Førdehuset der eg kom til kort kondisjonsmessig, er eg framleis på 70-streken. Men set det snart inn med den gode og feite maten. Kan eg halde dette nivået heile jula?

Read Full Post »

Litt over 70-streken på analog badevekt. Det begynner bra, men det kan bli stygge tal etter kvart. Etter kveldsmaten i dag ropar magen på Nyco..

Read Full Post »

Det er alltid kjekt å kome heim til mine gamle foreldre. Men som vanlig går det ikkje mange timane før dei prøver å prakke på meg noko gamalt skrot som dei har funne på eit kott eller nedst i ei skuff. Denne gongen var det noko flugebindingsremedier som berre var å kaste og nokre bilete frå eit juleavslutningsspel frå barneskulen. I den posen låg også helseboka mi, som kunne fortelje om vaksinasjonar eg har gått igjennom som unge, i tilleg til mål og vekt frå fødsel til mars 1986. Då var eg 123 cm høg og vog 21,7 kg. Helseboka kunne diverre ikkje avsløre kva blodtype eg har, så eg må nok leve i spaning ei stund til. Det låg også to dollarsetlar og ein 20 kronersetel frå Tsjekkia i plastlomma til helseboka. Uvisst av kva grunn.

Read Full Post »

Ã…ret starta med stormen/orkanen Narve og det vart litt action her i vestfylket. Bussane gjekk ikkje på mange dagar og Ingeborg kom seg ikkje på arbeid på ei heil veke. Vi hadde ein fin tur i bakken i Rafsbotn med Gunnhild og Bjørnar og vi vitja Ã…got i Tromsø. Det har også vore fine skiturar til Tinnstua ved Vassbuktvatnet, Rundvanshytta og Montenegrohytta. Vi spelte ein del innebandy i gymsalen på sjukepleierhøgskolen på våren, medan eg litt seinare byrja på Herretrimmen på Baksalen. Frå april til august jobba eg litt på bakeriet i tilleg til på Rica. 1. oktober byrja eg i ny jobb i kantina på administrasjonsbygget på Melkøya. Eg har også byrja som støttekontakt i kommunen. Eg har altså tent heile fem ulike arbeidsgjevarar dette året, noko som er rekord for min del. Sommaren var ikkje særleg fin her nord, men i slutten av juli tok eg ferie og reiste etter kona som var på hytta i Arendal. Ei fin avslappa veke der med bading og is, før vi reiste til Sogndal og hytta. Der fekk vi med oss ein flott tur til Fuglesteg over Fortun innst i Sognefjorden. Det var mykje slekt og godtfolk med i alle aldrar. Det vart nokre fine dagar i Førde også med bading på Langeland og i Erdalen. Vi reiste ein tur til Masfjorden, der vi fiska litt og slappa av på svaberga. Vi svippa innom Bergen og fekk treffe gamle kjende. Så reiste eg og nokre kameratar til Voss og årets vinoppleving. Så bar det til Oslo og Øyafestivalen med mykje god musikk, men ikkje alltid like godt ver. Hausten har vore travel nok. Ingeborg har hatt suksess med oppstart av Friskis&Svettis. Sjå i arkivet om du ønskjer å sjå meir detaljert om kva som skjedde i år.

Listeoppsummering:

Bøker eg hugsar å ha lese i år:
Trynefaktoren – Torgrim Eggen
Den Uendelige Historie II – Michael Ende
Tyl – Finn Tokvam og Halvor Folgerø
Ut og stjæle hester – Per Petterson
Cooking for kings, the life of Marie-Antoine Carême – Ian Kelley
Under brua – Marita Liabø
Doppler – Erlend Loe
Volvo Lastvagnar – Erlend Loe
Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelse som har hjemsøkt vårt land – Dag Solstad
Mao min Mao – Hans Petter Sjøli
Humlehonning – Torgny Lindgren
Lyset – Torgny Lindgren
Fer-de-lance – Rex Stout
Snø vil falle over snø som har falt – Levi Henriksen
Modellen – Lars Saabye Christensen
Få meg på for faen – Olaug Nilssen
Gunnar Staalesen – Dødens drabanter
Flytande bjørn – Frode Grytten
Hugo – Simen Sætre
Escoffier, the king of chefs – Kenneth James
Damenes Detektivbyrå nr.1 – Alexander McCall Smith
Sjiraffens tårer – Alexander McCall Smith
Moral for vakre piker – Alexander McCall Smith

Fine filmar eg har sett på kino eller DVD:
Pingvinenes marsj
Oljeberget
Tilbake
Delicatessen
Kim Novak badet aldri i Genesaretssjøen
Cars
Volver
München

Teater:
Brand (Grimstad)
Falne engler (DNS)

Konsertar:
Madrugada (Hammerfest)
Iver Kleive, Knut Reiersrud og Vokal Nord (Tromsø)
Sondre Lerche og Bo Kaspers Orkester (Arendal)
!!! (Øya)
Motorpsycho (Øya)
Morrissey (Øya)
Dumdum Boys (Øya)
Marit Larsen (Øya)
Datarock (Øya)
Black Debatt (Øya)

Minnerike vinopplevingar:
Domini Veneti Amarone 2001
Duplessis Chablis 1. cru Montmains 1998
Disznókö Tokaji Aszu 5 Puttonyos 1988
Moulin Touchais 1989
Mugnier Chambolle-Musigny 2003
Saint-Aubin 1999
Gevrey-Chambertin En Songe 2001
Chablis Vaillon VV 1995, Jean Dauvissat
Morey-Saint-Denis 1. cru Clos de la Boussier 1999
Nuits-Saint-George 1. cru Les Argilliers 1989
Chateau Bastor Lamontagne 1990
Corte Giara Recioto della Valpolicella 2004
Arnoux Bourgogne Pinot Fin 2004
Henriques & Henriques Malmsey 10 years old

Tal diasfilmar eg har teke i år: ca 12
Tal svart/kvit-filmar eg har teke i år: 0

Read Full Post »

I det kalde nord kan det å snakke i mobiltelefon utandørs vere ei kald oppleving, spesielt for den handa som held telefonen. Ein trådlaus handsfree til feste på øyret er kanskje løysinga? Det ser noko rart ut, men om nokre år vert det vel heilt vanlig å gå rundt med ein propp i øyret og prate med seg sjølv.

Read Full Post »

Eg har så smått byrja å klatre i klatreklubben her i byen. Det er kjekt og utfordrande og eg er framleis på eit lågt nivå. Men med eit par klatresko vil eg merkje stor framgang, seier dei som kan det. Hint hint.

Read Full Post »

Older Posts »