Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Uncategorized’ Category

Har altså friveke, og om lag slik ser dagen ut.

0530-0630 Stå opp med Ingvild. Kjeks, vatn og leik.
0630-0715 Aili har også stått opp. Beggje skal i barnehagen. Kontrollert kaos.
0730-0830 Frukost og NPN frå fredag på nett-TV. Ei skjeve med leverpostei, ei med rekesalat og ei med ost og skinke. Appelsinjus.
0830-0930 Kaffi og evt noko attåt (om det finst noko i skåpet, truleg julekaker)
0930-1000 Lese i Jakob Sande-biografien.
1000-1030 Støvsuge
1030-1130 Lese i aviser frå helga/tenkje på å ta ein joggetur.
1130-1200 Lese meir i avisene/tenkje på rute for joggetur/kaffi
1200-1230 Lunsj. Truleg skjever med ymse pålegg.
1230-1300 Slappe av før joggetur
1300-1400 Jogge/lese bok
1400-1430 Gå til Coop Extra for å handle
1430-1500 Handle. Truleg fiskegrateng til middag.
1500-1530 Hente borna i barnehagen.
1530-1630 Middagslaging, foring og kaos.
1630-1730 Leike med Duplo
1730-1800 Fantoragen
1800-1830 Kveldsmat/grising
1830-1915 Leggjing av borna.
1915-2130 Utpusting

Advertisements

Read Full Post »

Frode rundar 30!


Gratulerer så mykje til broremann!

Read Full Post »

I morgon reiser eg til Porto for ei langhelg med ruby, tawny, colheita, vintage, white, garrafeira, late bottled vintage, ja portvin, mat og, får vi tru, hyggjeleg selskap. Yeha!

Read Full Post »

Påske ved fjorden

Ah, rolige dagar i Masfjorden. Nydelig ver og opp i 20 grader. Nokre bergensarar bada endåtil i sjøen. Fuggen kom ein tur, og hadde sekken full av te. Vi var også ein tur til skulen og tarzan-bana der. Kjekt å få herje litt, for både store og små.

Read Full Post »

2010, eit romjulsbrev

Ah, skrikarungane i seng, og pinnekjøtet fortært. Servert på tradisjonelt vis, men med ein streng riesling til. Breuer Rauenthal Estate 2004. Ein forholdsvis enkel vin, men så er det også enkle sjeler som drikk han. Syre og stål, med ein diskret aprikossødme. Ok, tid for oppsummering. 2010. Svært lite på konsert-, film- og litteraturfronten. I og eg var på kino i lag i sumar og såg Ein ganske snill mann. Så har det blitt nokre vinrelaterte bøker (he he, kven skulle trudd): Liquid memory, Jonathan Nossiter, Wine and war, Petie and Don Kladstrup, Rheingold, the german wine rennaisance, Owen Bird, Genier ved grytene, Anthony Blake og Quentin Crewe. Fekk også med meg Gunnar Stålesen si siste om Varg Veum, Vi skal arve vinden. Sjølvsagt mykje bra vin i år også. Verkeleg mykje bra.

Årets beste: Richebourg 2001, Anne Gros, i hyggjelig selskap.

Årets beste kvitvin (som eg nok allikevel aldri kjem til å kjøpe, med mindre eg plutselig går veldig opp i løn): DRC Montrachet 2007

Årets «yngste»: Clos de la Coulée de Serrant 1977. 1999 smakt ved sida av er sliten i forhold. Månesjuke?

Årets over evne: Etter ein lang dag på jobb opna eg Chateau de Fonsalette Rouge 2002 i hyggjelig selskap. Overraska veldig positivt. I 2002 kom det så mykje regn i Chateauneuf-området, at sjølv folk på Takle (Noregs våtaste værstasjon) hadde blitt imponert. Vinen var elegant og rustikk på ein gong. Og med frukt.

Årets suprise: Ein kveld står det plutseleg tre franskmenn som vil kike i kjellaren. Ein frå Jura, ein frå Alsace og ein frå Loire. Vi smakar mellom anna Patrick Baudouin Maria Juby Vin de Table (2002). Kjempevin.

Årets surrealistiske: Blir servert pølse med brød og Nonnenberg 2004 på kjøkenet av den ferske norgesmesteren i kokkekunst. Hektisk dag på jobb, med hyggjelig avslutning. Så var det vidare på Leroy Vosne-Romanée 2004, årets «oransjevin».

Trudde eg hadde avgrensa kjøpet av bøker på amazon etc i år, men i årets siste månad kom det ein del brune pakkar i posten..

Årets reingjeringsjobb: Dekanterte (og helte tilbake på flaskene) 30 flasker Ch. Lascombes 04 og 15 flasker Niepoort VP03, før Osa-middagen.

Fine jento, fine more.

I dei blindes rike er to einaugde eit radarpar.

Read Full Post »

Vår

Sykling, sol og softis!

Read Full Post »

Fransk flyt

Nokre kveldar skjer det uventa saker. I går på jobb kom det plutselig inn tre franskmenn busett i Stavanger, som var på skihelg på Voss. Dei hadde høyrd om kjellaren på Park og ville gjerne ta ein kikk i han. Det fekk dei og det vart tinga gode vinar. Det viste seg også dei var frå kvart sitt vindistrikt i Frankrike! Jean-Luc frå Alsace, Pierre-Yves frå Loire og Michel frå Jura. Det vart då etter kvart vin frå både Loire og Alsace, men frå Jura har vi faktisk ikkje ei einaste flaske, trass i ei samling på om lag 70000.. Men eit par flasker frå nabodistriktet Bourgogne var ingen dum idé.

Vosne-Romanée Cuvée Duvault-Blochet 2002, Domaine de la Romanée-Conti. Elegant, lys, ganske tilgjengelig, karamell og sous bois. Volnay-Champans 1997, Comte Lafon. Frå eit vanskeligare år. Litt grovare tanniner, litt grøne aroma og rustikk i høve til Vosne-Romanée-en. Men ein vin med karakter. Frå Loire og chenin blanc-drua: Patrick Baudouin Vin de Table Maria Juby 2002, søt vin frå Côteaux du Layon, konsentrert, flott syre, superfruktig og med eit lite sandsteinpreg. Frå Alsace, kveldens raraste vin: Riesling Selection de Grain Nobles 1983, Trimbach. Halvsøt vin med typisk rieslingsyre, men eit særmerkt preg av ost og sopp. Utrulig spanande, men kanskje meir interessant enn god?

Read Full Post »

Older Posts »