Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for februar 2007

Ja no er flott her i Vest-Finnmark, kan de tru! Diverre har eg ikkje knipsa så mange bilete enno. Sanneleg går det tregt med skanninga òg. Det er berre å beklage. Men solnedgangen og kveldlyset her er no så flott så flott. Ta gjerne turen opp!

Read Full Post »

Tørt hår

I dag brukte eg hårfønar for fyrste gong på mange mange år. Greit nok det. Men eg skjønar ikkje heilt vitsen.

Read Full Post »

Bokoppsumering II

Til jul fekk eg Ragnar Hovland si siste bok 1964. Romjula var så tettpakka at eg ikkje fekk lese ho før januar og eit nytt år kome. Litt skuffande kanskje, men ein del underfundig og Hovlandsk moro.
Til bursdagen var eg så heldig å få Mat og måltid av Henry Notaker. Dette er ei bok om matvaner og norske matrettar si historie i hovudsak frå 1800-talet til 1900. Bjørn Gabrielsen har budd eitt år i ei enkel hytte i Nordmarka, og slikt blir det bok av. Ho heiter Veien ut, og er vel verd å lese. I tillegg til logistikk for folk som nyttar sykkel og hundeslede som transportmiddel, handlar ho om vårt aukande forbruk og behov for kraft og bensin.
Eg har på den litt lettare fronten gjort unna dei to siste bøkene til Alexander McCall Smith om detektiv Mma Ramotswe i Gaborone. Skrivemaskinkurs for menn er bok nummer fire i serien,
og Livets godteskap er nummer fem. Festlige og lune bøker.

Reklame

Read Full Post »

Force majeure

Eller veret, som det ofte er her nord.

I dag har eg ikkje kome meg på arbeid, i allefall ikkje enno. Det bles liten storm med mykje snø i, så sikten er minimal. Drosjene vil ikkje køyre i dette veret, bussane er førebels instillte så det ser dårlig ut. Det visst ikkje brøyta heller. Eg har difor byrja på den siste boka om Botswana sin einaste kvinnelege privatdetektiv Precious Ramotswe.

Read Full Post »