Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for februar 2009

ailibursdag1

 

Veslejenta veks til og tida tikkar. I dag er ho eitt år! Det vart kaker frå morgon til kveld, og ho var så gira at ho droppa ettermiddagssovinga. 

ailibursdag2

 

Både mor og far hadde baka kaker og klokka tre byrja gjestene å strøyme på. 14 personar var vi til saman med smått og stort, og det er lengje sidan vi har vore så mange i stova vår. Det tilreisande frå andre kommunar, psykologar, kulturarbeidarar og ingeniørar. Folk frå skulevesenet var med og nokon med arbeid i skjæringspunktet mellom kunst og it. Opp til fleire hadde sitt verke innanfor juss, og så var det underteikna som framleis held seg i hotell- og restaurantbransjen. Med andre ord; mykje godtfolk og god stemning.

ailibursdag4

 

Hovudpersonen fekk prøvd nokre av gåvene, men vart etterkvart litt trøytt. Då var det godt å få slappe av i armkroken til ein psykolog eller musikar, før Drømmehagen kom på skjermen som siste post på programmet.

Reklame

Read Full Post »

lyr2

Dagens middag. Lyr med sydlandsk (thai) vri.

400g lyrfilet

litt brokkoli

1 litt ukjend grønsak som eg kjøpte for nokre veker sidan, og som eg trudde var søtpotet

1 gulrot

1/4 raud paprika

1/4 gul paprika

1 gul lauk

1 raudlauk

1 kvitlauk

2 fiskebuljongterningar

6 dl vatn

1 boks kokosmjølk

1-2 ts Patak mild currypaste

litt hakka persille

Fres hakka kvitlauk og currypaste i olje. Ha i vatn og fiskebuljong og kok opp. Kok bitar av dei harde grønsakene møre. Ha i kokosmjølk. Kok opp. Ha i resten av grønsakene og fisken. Dryss over hakka persille til slutt.

lyr1

Read Full Post »

Drum roll

I tillegg til bursdag og 14 dagar perimisjon har eg i januar fått lese ein del bøker. Faktisk ti stykker, ja heile serien til Gert Nygårdshaug om Fredric Drum, som byrja med Honningkrukken i 1985 og vart avslutta med Rødsonen i 2006.

Fredric Drum driv ein liten restaurant i Oslo med fleire stjerner i Guide Rouge. Han er også dechiffreringsekspert og driv og tyder gamle skriftspråk på fritida. Dette gjer at han stadig viklar seg inn mysterier på reiser rundt i verda. Det vert konsumert mykje god vin i desse bøkene, men det er ikkje så lett for lesaren følgje med på alle referansane (smaksmessig altså), med mindre du eig ein velfyllt kjellar med Bordeaux frå sytti- og åttitalet..

Myseriene Drum rotar seg inn i har røter i røynda og ein får grundig info om både dulgde katolske brorskap, pyramidane i Egypt og undergangen til Mayakulturen. Det er spanade og velskrivne bøker, men som fagmann innan det gastronomiske er det av og til eg lurer litt. Til dømes vert restauranten til Drum, Oslo sin beste, store deler av tida bemanna med nesten berre lærlingar. I ein av bøkene er motivet for ugjerningane at nokon vil tene store pengar på ein vin (i Bordeaux) som er naturleg gjæra til 17% alkohol. Eg tvilar litt på at ein slik vin ville vorte ein storseljar. Det er få raudvinar med ein slik alkoholstyrke (det finnst vel nokre Amarone- og zinfandelvinar) som er balanserte, eller i det heile drikkande.

Dei ti bøkene kan lesast kvar for seg, men det er også ein historie og utvikling av karakterane Drum og hans onkel Skarphedin Olsen gjennom bøkene. Denne er etterkvart i seg sjølv eit lite mysterium, og ein grunn til å få med seg alle bøkene kronologisk.

Er du det minste interessert i litteratur, krim, gastronomi, vin, mysterier eller kanskje alt dette, kan eg tilrå desse bøkene på det grovaste.

Read Full Post »