Posted in Uncategorized on januar 15, 2009| 3 Comments »
Posted in Samfunn, Tant og fjas on januar 14, 2009| 1 Comment »
Vel vel, nytt år og ny katalog. Som dei siste åra kan eg meddele med ein gong at eg framleis er kritisk, men noko betre er det i år.
Det kan sjå ut som matvarekrisa har påverka Lego, for i år er det traktor og gardsmaskiner i både Duplo, City og Technic. Litt moro at bondegarden er kategorisert under City. Men det er fine sett med ein gard med silo og fjøs og ein svær flott skurtreskar. Anleggsmaskiner har alltid vore modellert i Lego, og i år er det seks nye sett, med ein byggjeplass med kran og semitrailer med husmodular, som det største. Andre nye seriar er Power Miners, futuristiske gruvedriftsmaskiner i grønt og oransje.
Lisensprodukt frå filmar og seriar har det vore mykje av dei siste åra, og i år er det nye ting frå den nye Indiana Jones-filmen, Byggmester Bob og Star Wars Clone Wars.
Sjørøvar-tema kom fyrste gong på slutten av åtti-talet, og etter nokre års fråver er det attende i år. Men det ser no veldig likt ut som tidligare, men litt enklare. Skjerpings!
Bionicle er tydelegvis populært, og det er mange nye sett i år også.
I Technic er det ein tøff lastebil med motorisert lasteplan som er gjevast av dei nye setta. Elles er det ein liten traktor, ein ATV og ein liten bulldoser med belte.
Utsjånaden og formgjevinga er ganske lik som føregåande år. Ein heilt grei katalog. Det er nok eg som er blitt for gamal.
Posted in Fotografert, Tant og fjas on januar 13, 2009| Leave a Comment »
Eg vil gratulere min bror, levemannen og effektpedalbyggjaren så mykje med 27 årsdagen! Vonar du får ein strålande dag.
Posted in Bli steinrik i ein fei!!, Fotografert on januar 12, 2009| 6 Comments »
Posted in Tant og fjas on januar 7, 2009| Leave a Comment »
Trass i eit vakkert ytre, har det ulma på baksida av bloggen. Teknisk trøbbel og spam i søkk og spann. No har altså ein av mine edb-konsulentar vore så flittig å flytta bloggen og dei gamle greiene. Den gamle vert lagt ned om nokre dagar så dersom det skulle vere nokon tvil;
DETTE ER DEN NYE BLOGGEN,
velkomen vidare!