«Kva gjorde gutar før internett?» spurde Arild her ein dag. Vi prata over det internettbaserte telefonprogrammet Skype. Tja, kva gjorde vi? For det fyrste så kom jo internett snikande for om lag åtte-ti år sidan. Eg hugsar ikkje nøyaktig, men eg veit det var nede hjå Arild at eg fyrste gongen fekk kjennskap til dette. Sommaren 98 tinga eg eit fotoapparat (Lomo LC-A) frå Wien i Austerrike via internett og fekk det send til Besserud Postkontor, som på den tida var min næraste postfilial.
Men rett før internett, fram til midten av nittitalet, då fiska eg. Hadde mast meg til ei billeg flugestong frå ABU Garcia. Med snelle og snøre og fortom og etter kvart flugebindarsett. Batt fluger etter oppskrift og eige hovud. Kasta og øvde i Dalavatnet. Fekk ikkje så mykje. Var uansett mest kattefisk i Dalavatnet.
Elles var det fotball, volleyball og vanlege sysler. Nokre hadde tevespel og video. Men no er det heilt utenkjeleg med eit liv utan eksibisjonistiske bloggar eller stadige kjøp av anakronistiske fotoapparat frå Ebay.