Ja, då har eg fått nytt SIM-kort, så berre ring meg ned!
Archive for mars 2006
Tilbake på telenettet
Posted in EDB Solutions, Tant og fjas on mars 27, 2006| Leave a Comment »
Lenge ute, lenger inne.
Posted in Film, Fotografert, Gastronomi, In vino veritas on mars 26, 2006| 4 Comments »
I går var det klart for ein skitur i skiftande ver. Målet var Rundvannshytta. Vi smurde med lilla og hadde ok feste og dårleg gli. Vi fylte opp bilen med Anette, Elisabeth og Katrine og nådde fram etter to timar i skuterspor og motvind. Vi hadde ikkje med kamera på denne turen, så de får berre ta desse orda for at vi var på tur.
I dag fekk vi med oss Anette som fyrst gjekk frå byen. Så bar det opp Fjordadalen mot Montenegrohytta. Det var eit nydeleg ver og vi hugsa kamera.
Fjordadalen i finver med Tyven i bakgrunnen.
Ingeborg og Anette slit seg opp bakkane.
Seiland i bakgrunnen.
Langt der framme ser vi målet.
Vi kom oss heim att og åt Ingeborg sin favorittrett frå barndomen, kineserbiks, til middag. Ring for oppskrift. Så avrunda vi kvelden med Tony Soprano, kanelknutar og eit glas Bourgogne Rouge 2004.
Telekomunikasjonsproblemer
Posted in EDB Solutions, Tant og fjas on mars 25, 2006| Leave a Comment »
Det er sjeldan nokon ringjer til meg, men no er det faktisk ikkje mogleg i det heile. Det skulle kome eit nytt SIM-kort frå min teletenesteleverandør, men det vart send til mi førre adresse. No har det kome i retur og er send ut att, så vonaleg har eg det på mandag. Skulle det vere noko, kan de prøve å ringje kona. Ho er ofte i min nærleik.
Midtaustenkonflikt i grøntavdelinga
Posted in Gastronomi, Samfunn on mars 25, 2006| 1 Comment »
Når ein er i butikken for å handle har ein ofte eit val mellom ulike merker, kvalitetar eller typar. Mange har sine favorittar og handlar alltid Stabburet sin leverpostei, sjølv om det kanskje er tilbod på eit anna merke. Nokre har falle for den nye idéen tubesyltetøy, og bryr seg ikkje om det er Lerum, Nora, Eldorado, Røra eller andre som har kokt det i hop.
I avdelinga for frukt og grønsaker har ein sjeldan dei store vala. Sjølv i velassorterte butikkar har dei berre ein sort mango og han er til dømes frå Brasil. Det finnst kanskje raude og grøne epler og om hausten kan ein velje mellom fleire ulike sortar norske epler i tilleg til ein type utanlandsk.
Men i går stod eg ovanfor eit val som trekte grønsaksdisken med i dei store verdsproblema.
Eg var på Mega i Hammerfest og skulle handle inn til bursdagsfest til kona. Vi hadde bede nokre vener og hadde tenkt å diske opp med litt tapas. Ein enkel «rett» å lage er dadlar som ein legg bacon rundt og steikjer fort i panne. Søtt og salt. Val av bacon, fall på Coop sitt eige merke. Så var det dadlar. Eg tenkte at dei hadde vel berre ein type, så det var vel greit. Men der i Megabutikken i Hammerfest kunne, eller skal eg seie måtte ein velje mellom dadlar frå Israel og Iran. Desse landa er diverre belemra med styresmakter som gjer at mange tenkjer på krig, konfikt og deira innan- og utanriksproblem, heller enn kvaliteten på landbruksprodukta. Det vert også eit val mellom islam og jødedomen og mellom arabarar og jødar. Sjølv om det sjølvsagt ikkje berre bur jødar i Israel og ikkje alle i Iran er muslimar, er det lett å sjå desse religiøse fiendane i det prosaiske valet av frukt.
I denne globaliserte tida etter den kalde krigen er det ikkje lenger slik at dersom ein kjøper ein Lada, vert ein oppfatta som kommunist og tilhengjar av «austblokka». No er jo dessutan det meste ein kjøper produsert i Kina..
Tapasen fall i smak, men eg nemnde ikkje at dadlane kom frå eit land som blanda religion og politikk og hadde eit eskalerande atomprogram..
Gratulerer Ingeborg!
Posted in Tant og fjas on mars 24, 2006| Leave a Comment »
I dag er det dagen til Ingeborg, læraren, latinofreaken, korleiaren og joggejenta.
Hurra for kona mi!
Ny lenkje
Posted in EDB Solutions, In vino veritas on mars 20, 2006| 4 Comments »
De mange tusen lesarar av denne bloggen som har sakna vinstoff i det siste kan no flytte fokuset til vinpressa.no, som er ei side eg har laga for å få utlaup for vinøst skribleri. Lenkjen vert også å finne på høgremargen til seinare bruk. Eg vil takke kompanjong og structural engineer Håvard Grimelid, som har stått for det edb-faglege bak vinpressa.
Stoda i Bergen
Posted in Tant og fjas on mars 19, 2006| 1 Comment »
Etter at eg har flytta ut hit til ytterkanten av den norske sivilisajon, har det vorte dårlegare med oppdateringar frå Bjørgvin. Difor er det ein nyhende for meg å lese i vekeavisa Dag og Tid at Bogekorpsa (ja eg skriv det slik, de oppsternasige, militærkledde bråkebøtter) (spesielt Sydnæs Bataljon) har tenkt å informere studentane om når dei skal marsjere slik at lesinga kan tilpassast dei faste trommeøvingane for at det ikkje skal oppstå konflikter. Ingen eksamenslesing i mars, april eller mai, altså.
Kameraquiz til Endre og Arild (og evt andre som slengjer seg på)
Posted in Bli steinrik i ein fei!!, Tant og fjas on mars 9, 2006| 9 Comments »
Fekk (som så altfor ofte) med eit reklamebilag med BT som eg kjøpte i går på Narvesen i Hammerfest. Der oppdaga eg eit gamalt rangefinderkamera i hendene på ein skinnjakkekledd modell. Quizen har eitt spørsmål og det er:
Kva kameramodell er dette?
Vinnaren får premie!!
Førdianar i fjernsynet
Posted in Bøker on mars 8, 2006| 2 Comments »
I kveldens Bokprogrammet på NRK1 var det samtale med Marita Liabø om hennar nye bok Under brua som kjem ut snart. Dette er visstnok ei systemkritisk bok om å stoppe opp å tenkje over dei viktige tinga i livet. Flotte greier! Eg har ikkje lese nokon av dei førre bøkene hennar, men ho har skrive litt baksiderapportar til vekeavisa Dag og Tid, som eg har fått med meg.
.. og slik går no dagane ynskjer lukke til med utgjevinga!
Kveldens speleliste..
Posted in Musikk on mars 6, 2006| Leave a Comment »
består av vegetarianarane i The Smiths, der eg frå albumet «Hatful of Hollow» tek med:
* This charming man
* How soon is now?
* Heaven knows I’m miserable now
Karane gjekk kvar til sitt i 1987 etter berre fem år som gruppe, men Morrisey held fram som soloartist og eg har høyrd på desse fine songane:
* Suedehead
* The Last of the Famous International Playboys
* The More You Ignore Me, the Closer I get