Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for september 2005

Var for fyrste gong på Hammerfest kino i går. Den var fin gamaldags, og verd eit besøk på grunn av indre arkitektur og utsmykking. Han som reiv billettane var den same mannen som arbeider på jernvarebutikken ved Bohus. Han med buksene. Det var om lag 25 andre kinogjengarar som var ute for å sjå «Hitchhaikers guide to the galaxy». Før reklamen var det eit par fjortisjenter som stilte seg opp framfor lerretet (som var plassert veeeldig langt bak på ei slags scene) og song litt for oss. Filmen var moro og underhaldande, men skulle det vere noko bodskap? Eg har ikkje lese boka, men det var visstnok berre positivt. Dei som hadde lese ho var skuffa over filmen. Men slik er det vel ofte.

Reklame

Read Full Post »

Film, her nord

Kinoen her i Hammerfest er kjend i vid omkrins for låge besøkstal og liten aktivitet. Då det var tid for å setje opp Charlie og sjokoladefabrikken, tenkte vi å leggje eit besøk innom kinoen. Men denne dagen var dei faktisk utselde då vi kom! Og det var mange med oss som ikkje fekk plass denne kvelden. Kanskje var det lovnader i avisa om gratis sjokolade frå Freia som gjorde at så mange fann vegen til kinoen denne ettermiddagen? Eg hadde teke på meg den brune sjokoladedressen min og alt. Kanskje skal me prøve att på sundag.
. . . . .

Her ein dag fekk eg pakke i posten frå Play.com. Det var ein DVD-en Mondovino. Ein dokumentar av Johnatan Nossiter om globalisering sett frå vinverda! Her får vi møte billionærar på gigantiske eigedomar i Napa Valley og infule franskmenn med 8 hektar dei har teke over etter sine forferdre. Og naturlegvis Michel Rolland, the flying winemaker, som reiser rundt i 12 land og lagar Pomerol-ar som Parker kan like. Dette var ein av filmane eg gjekk glipp av på fjordårets BIFF.
. . . . .

No ser eg at ein annan BIFF-film, Oldboy, har premiere i større norske byar. Det vert spanande å sjå om han kjem til Hammerfest. Kanskje ikkje på ordinær kino, men kanskje i filmklubben. Ein gong..

Read Full Post »

Tiddelibom

Sit her og les i Finnmark Dagblad og et formiddagsmat. Har bydd på eit fotoapparat på tysk ebay. Renska ut litt virus frå pc-en. Teke på meg klede. Ute så lavar det ned..

Det kan vere litt vanskeleg å sjå på dette bilete, men det snøar tett!

Read Full Post »

50-50

Dagens valsitat:

Læraren spurde elevane kvifor det vart flagga i dag. Kristina på 9 svarte: «Fordi vi skal stemm på Arbeiderpartiet.»

Elles er det interessant å sjå at det norske samfunn er eit 50 – 50-samfunn. Om lag halvparten er mot EU. Resten er for. 50 prosent ynskjer eit regjeringsskifte og ein raudgrøn kurs. Resten vil ha status quo.

Read Full Post »

Skulevalassistent 2005

I dag vart svigerfar og eg med Ingeborg ut på Seiland på arbeid. Eg fekk kopiere opp røystesetlar til skulevalet for mellomtrinnet og ungdomsskuleelevane. Då dei minste hadde kroppsøving vart eg spurd om å vere med. Laget mitt tapte..

Etter skulen gjekk vi ein tur til Tverrfjorden, der Øyvind hadde kome ned etter ein lang tur over Seiland i 1972. Det var vått og kaldt, men naturen var like fin. Eg vonar eg ein dag kan kome meg opp på Veggen (589 moh), men det må vere ein dag med fint ver og betre tid.

Tverrfjorden 2005. I 1972 var eit av desse husa til sals for 10000 kroner. Opp til høgre på bilete er Veggen.

Read Full Post »

På sundag var vi turistar i eigen by. Men vi det var ikkje gammer, finnbiff, gjenreiste hus eller krigsminner vi besøkte, men ei lita øy som ligg utanfor Hammerfest. Statoil arrangerte tur til Melkøya, der dei byggjer den fyrste LNG-fabrikken i Europa.

Vi fekk mykje storslått fakta og til slutt litt kaffi og wienerbrød.

Read Full Post »

Vil gratulere Kristoffer Knapstad med vel gjennomført Drammen Maraton, på tida 3.55.25. Eg ser han vart slegen med 19 sekunder av min svigerfar, men så var jo dette Øyvind sin 101. maraton, medan Kristoffer debuterte.

Eg kan leggje til at det var ein god del betre enn min debut i New York i 2001.

Det var på sida www.maratonmannen.tk mogleg å setje pengar på om Kristoffer ville klare eit maraton på under 3 timar. Dette ambisiøse målet vart ikkje nådd, og det var ganske høg odds på dette også på tippinga på sida. Det er allikevel all grunn for Kristoffer å vere nøgd med dette resultatet.

Read Full Post »

Svenskane har vore aktive på sjokoladefeltet ei god stund. Det har dukka opp små konditori og produsentar av praliner og sjokoladekonfekt på kvart nes och ställe. Dei fleste av dei gode sjokolademerkene er også godt representerte hjå søta bror. No har dei også lansert eit sjokolademagasin med det frankofile namnet Journal Chocolat.

Bladet har 44 sider og har litt «dameblad»-aktig layout. Det er artiklar om svenske konditorar og ei jente som driv som konsulent i «Vin och Pralin». Det er reisetips frå London, Barcelona og Berlin, ein test av 8 sjokoladar frå Madagaskar og tips til vin til sjokolade.
Det er også lett inføring i korleis smake på sjokolade og temperering. Det er ganske mange annonsar, men dei er «relevante» for sjokoladeinteresserte.

Skal bli spanande å sjå om dei kan gå litt djupare i materien, når dei har gjort seg ferige med dei obligatoriske «damete» artiklane. Sjokoladefeltet er jo ikkje så stort, så dei er nøydde til å gjere seg flid etter kvart om dei ikkje skal resirkulere gamalt stoff.

Read Full Post »