Vêret har vore strålande, og med utsikter til sol og varmt på måndag med fri, pakka A og eg sykkelhengar og styreveske med vått og tørt for ein tur ned Raundalen. Nsb gjer sitt ytterste for at ikkje syklistar skal ta toget (eller ha det greit på toget), men vi let oss ikkje stogge. Heldigvis var toget berre halvfullt, så vi fekk vere med. Vi fekk beskjed om at vi hadde sett oss i feil vogn, då plattforma på Upsete er for kort til heile togsettet. Nsb tok seg heldigvis bryet med å køyre litt lenger fram så fekk kome oss av. Då det ikkje er noko oppslag om dette på stasjonen på Voss eller på nettsidene, kan syklistar i framtida også pårekne kjeft for dette. Men snart er det sumarsesong, og då er syklistar ikkje velkomne anna enn med toget 0830 frå Voss.
Cool kid på Upsete.
Mest unnabakke heldigvis. Maksfart: 57 km/t. Litt for mykje telehiv for dei store rekordar.
Vegen smal og porten trang.
Matpause ved Raundalselva på Eggjareid. Skjeve, banan og lade, og vi var lada for meir autostrada.
Attende på Vangen. Vi feirar målgang med eplekake og kaffi på Stationen. Kjempetur, berre litt solbrend på det sørvende kinn..