Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Musikk’ Category

Året overgang: Flytta frå Voss til Førde. Slutta som vinkelner og byrja som bakar. Frå Grand Cru til grovbrød. Frå kveldsjobbing til tiiiidlig opp.

 

Ungane er søte, men sit sjeldan stille.. Her sat dei i allefall i ro i 1/60 sekund.

Lik ettersmaken av ein fløyelmjuk burgunder, kverv minnet om sjølv den beste vin med tida. Men nokre syrefriske set då spor i den mentale harddisken. Nokre gonger vert det skribla ned smaksnotat, andre gonger endåtil blogga om minnerike vinar. Svært mange av dei mest minnerike er så sjeldne og dyre at dei nok aldri vert smakt igjen, og det kjennest litt dumt å ikkje kunne formidle opplevinga i ord rike nok til å romme denne smakseksplosjonen. Men slik er det vel. Nokon har sagt at å skrive om vin, er som å danse om arkitektur. To som skriv bra om vin er Ole Martin og Rune.

Når ein skal til topps, er det som regel slik at fjellet kjem ikkje til deg, men du må gå til fjellet. I år var eg så heldig at fjellbygda Voss fekk besøk av eit par toppar. I januar kom Dirk Niepoort og Lois Seabra innom og mykje god vin vart servert. Eg fekk også invitasjon til Porto og Douro. I mars fekk vi besøk av Etienne Grivot med familie, frå Domaine Jean Grivot. Det vart ei flott smaking  av vinar frå Vosne-Romanée  og Nuits-Saint-Georges frå kommune- til Grand Cru-nivå. Mellom høgdepunkta var ein 1. cru Aux Reignots 99, rik, fruktig og litt utypisk Vosne. Laga i berre 300 flasker..

Lista:

Årets Champagne: Det vert nok Jacques Selosse VO, servert saman med mykje anna god vin og familie i Gøteborg. Runner ups er ein flott Roger Brun Cuvee des Sires la Pelle Extra Brut 2004 på Sandane og Selosse Vintage 99, servert til Niepoort og følgje i januar.

Årets beste gjensmak: Leroy Vosne-Romanée 04, då hyggjeleg Sunnmøring gjesta hotellet.

Årets vertikal: Ikkje noko vanskeleg val, dette. Servert på Quinta de Napoles i april. Niepoort Colheita 1937, 1934, 1912, 1900 og 1863. Sjeldan gamal vin vore så vital!

Årets eldste: Også frå Porto-turen. Servert utpå kvelden på avslutningsmiddag i lageret i Vila Nova de Gaia. Ein Niepoort Vintage frå 1840-åra, litt usikkert eksakt årgang. Bar preg av å vere på hell, men absolutt drikkbar. Det kan ein ikkje seie om alle 170-åringar!

Årets siste vin frå kjellaren på Park: Chateau de Fonsalette 2001. Også ein av årets beste raude. I selskap med gode kollegaer.

Årets mest oppløftande Loire chenin blanc-vin: Patrick Baudouin Anjou Les Saulaies 08.

Årets høgdepunkt frå eigen kjellar: Fourrier Gevrey-Chambertin VV 02. Løftar seg over vanlig kommunenivå. Elegant til Gevrey å vere. Forførande og smooth. Heldigvis har eg ei til.

Årets beste kvite: Mykje godt, men trur nok at Soalheiro Primeras Vinhas 2007 var den mest spanande.

Årets kvite søte: Fritz Haag Brauneberg Juffer-Sonnenuhr Riesling Auslese Goldkapsel 1992. Mogen, frisk, konsentrert og topp balanse mellom syre og sødme.

Reklame

Read Full Post »

10

Ungdomskulen byrjar i dag utgjevinga av sitt neste album, Gimme Ten. To låtar med video vert slept kvar veke, fem veker framover. Songane vert å få kjøpt digitalt, gjennom slike kanalar. Seinare kjem også albumet samla på vinyl, i utvalde butikkar.

Read Full Post »

Far og dotter badar i utlandet. Det er varmt og sol heile dagen.

I bryllaup i Antwerpen.

Det nye livet på Voss, med eplehage, fliskuttar og snømåking..

Bøker:

Dårlig med lesing i år. Det vart serien (10 bøker) til Gert Nygaardshaug om Fredrik Drum + Mengele Zoo i januar/februar. Seinare i år vart det Grand Manila av Kjartan Fløgstad.

I år som i fjor ein god del gode vinar, her er nokre av dei:

Silex 1998 – Dagueneau

Nonnenberg 1997 – Georg Breuer

Kallstadter Saumagen Riesling Spätlese Trocken RR 1990 – Koehler-Ruprecht

Vin de Constance 2004 – Klein Konstantia

Chardonnay En Billat 2005 – Labet

Chambolle-Musigny 2000 – Anne Gros

Ch. Pichon Longueville Comtesse de Lalande 1985

Wehlener Sonnenuhr Riesling Auslese Goldkapsel 1983 – JJ Prüm

La Tache 1999 – DRC (ein liten smak, takk til Frank og B.)

Cuvée Special dressed by Jean Paul Gaultier – Piper-Heidsieck

Côte-Rotie 1996 – Jamet

Lite film i år også.

Australia

District 9

Max Manus

Upperdog

Lite på konsertfronten også. Kan ikkje kome på å ha vore på ein einaste! Lesarar som er nokonlunde oppvakte og som har vore i nærleiken av meg dette året, får korrigere meg på ting og tang.

Tal ekspoeringar med digitalkamera i år: ca 2300

Read Full Post »

Parklife

parklife1

2. vers, fritt etter Alex James/Damon Albarn

Eg er eitt år og står opp når eg vil, men på laurdag vert eg vekt av buekorps

(Parklife!)

Pappa kler på meg, gjer meg frukost, så er det ut å trille, ein ny dag er her

(Parklife!)

Eg matar duene, og har dei flaks får spurvane litt også

Det gjer meg sprett hoppande glad, å ja

(Parklife!)

Då er eg lukkeleg resten av dagen, trygg på at mamma hugsar solkrem og fleire våtserviettar neste gong

parklife2

Read Full Post »

I 2008 vart vi tre og det har sett eit kraftig preg på dette året. Aili kom til verda 15 dagar på overtid og etter ti timar med rier, midt ute i februar. Sidan har vi lært noko kvar dag om det å vere foreldre. Dette vart også året då vi vende ryggen til Hammerfest, og flytta attende til Bergen og leiligheita på Møhlenpris. I juni byrja eg som vinkelner på Park Hotel Vossevangen og vart togpendlar. Ein kan sikkert seie mykje om BM 69, men spesielt gode seter og lydisolering har det ikkje. I juli var vi gjester i fire bryllaup på rad, så det var den sumaren. Ut på hausten fekk vi oss vaskemaskin og vi kunne ta til att med tøybleier. Med pendling og bleiebretting har det blitt mindre tid til bøker, kino og konsert, men noko har eg fått med meg. Som sommelier har eg fått høve til å smake mykje interessant vin, men det har blitt mykje i forbifarten. Nokre har eg då fått høve til å nyte i ro og fred eller godt lag. Lista nedanfor er difor lett blanding av jobb og fritid.

Aili sju minutt ut i livet og inn i verda.

Vel heime hjå far.

Trøttetroll.

Saman med mor i hammocken i Masfjorden.

Siste dag på jobben før jul. Eg kjenner meg fortent til å posere med Romanée-Conti..

Listeoppsumering

Bøker:
Question of taste, the philosophy of wine
Hermanas – Torgrim Eggen
Den nye Dylan – Torgrim Eggen
Wine and philosophy
Verden uten oss – Alan Weisman

Vinar:
Meriggio 2006 – Fontodi
Pur Sang 1999, 2000, 2001 – Didier Dagueneau
Hocheimer Hölle Auslese Trocken 1993 – Franz Knstler
Ribolla Gialla 2003 – Stanislao Radikon
Chablis 2005 – Duplessis
Bonnes Mares 1998 – Roumier
Chambolle-Musigny Les Amoureuses 2002 – Mugnier
Ch. Margeaux 1985
Ch. Latour 1983
Opus One 1994 – Mondavi/Rotschild
Flaccianello della Pieve 1995 – Fontodi
Chianti Riserva Bucerchiale 1998 – Selvapiana
Ch. Mouton-Rotschild 1982
Botond Tokaji Cuvee 2006 – Istvan Szepsy
Schlossböckelheimer Kupfergrube Riesling Auslese 2005 – Dönnhoff
Scharzhofberger Riesling Spätlese 2005 – Reichsgraf von Kesselstatt
Quart de Chaume 2004 – Chateau de Variere

Filmar:
Kautokeinoopprøret
Indiana Jones 4
The Dark Knight
Happy Go Lucky

Konsertar:
Neil Young
Ungdomskulen
Empty bottles broken hearts

Tal diasfilmar teke i år: 0
Tal svart-kvitfilmar teke i år: 0
Tal eksponeringar digitalt i år: nokre tusen

Read Full Post »

Medan me her nord ventar på nedkome, reiser broder Frode verda rundt med Ungdomskulen og lærer folket rock. 29. februar kjem endeleg stjerneskota til nordlysbyen, og då vonar eg å ta ein tur. Etter for eiga lomme å ha reist Amerika og Europa rundt for knappar og glansbilete, tek dei ein kvil under vengene til Rikskonsertane og svippar innom Sogndal, Alta og Trondheim, før dei tek til på ein rundtur på dei britiske øyer.

Ungdomskulen, her frå ein konsert under Festspela i Bergen 2004

Read Full Post »

Eg vil gratulere bror min Frode så mykje med dagen! Han er for tida på vegen eller i lufta mellom konsertstader verda rundt med bandet Ungdomskulen. I går var dei i Galway i Irland, på tysdag er dei i Winston-Salem i North Carolina. Vidare går det til Chapel Hill, Greenville, Washington, New York, Allston, Providence, Ithaca, Toronto, Pontiac, Cleveland, Vienna, Philadelphia, Charlottesville, Atlanta, Athens, Charlotte, Hollywood, Los Angeles, Mannheim, Köln, Wien, Praha, Hamburg, Berlin, Stuttgart, Paris, München, Düsseldorf, Oslo, London, Manchester, Stirling, Aberdeen, Dundee, Derby, Tamworth, Swansea, Belfast, Wrexham, Coventry, Lincoln, Chatham og Southend. Innimellom skal dei også gjere åtte konsertar i Noreg, og det er meld at dei kjem til Alta! Det ser ikkje ut til at eg får sjå noko til bror min før til sumaren, men gåva skal vere i Førde, om han ikkje har teke ho med seg.

Sjølv om han no reiser verda rundt som rockstar, så har eg no klart å halde han tre år og ein dag bak meg, og det satsar eg på å halde fram med.

Read Full Post »

Vårløysing

Sola skin bidreg til at det er litt vårleg her nord i dag. Men temperaturen er nok ikkje høgare enn 5 grader.. 13 mindre enn sørpå. I frå stereoanlegget kjem tonar frå 1994 og Cardigans sitt fyrste album Emmerdale. Vårtonar spela inn i eit år då livet var enkelt og fredeleg. Lillehammer og Noreg hadde arrangert the best Olympics ever, og eg hadde fått ei syster.

Dette er ei posting som hyllar den svenske musikken og då representert ved tre band. Vi starta i Jönkjöping og med Cardigans som har to svært fine og lette, nærast naive plater med dei fyrste CD-ane Emmerdale frå 1994 og Life frå 1995. Ein vinøs metafor for denne musikken kan vel vere ein Riesling frå Mosel, til dømes frå Karthaüserhof. Cardigans sine plater er også ein raud tråd i boka Buzz Aldrin hvor ble det av deg i alt mylderet, av Johan Harstad.

Tonane til folkrock-bandet Dungen med Gustav Ejstes i spissen tek deg med til dei svenske skogane, kanskje nord-Sverige. Forfattar Torgny Lindgren har ei rekkje fine bøker frå eit mytisk nord-Sverige i grenseland mellom fakta og fiksjon. Les gjerne den festlege Hakkepølsa frå 2003. Dungen har akkurat sleppt nytt album. Tio bitar får femmarar og gode ord frå Dagbladet, Adressavisen og NrkP3. Høyr to av låtane på www.dungen-music.com.

Lengst sør i Sverige finn vi Skåne, og rockebandet bob hund som syng på skånsk dialekt. Dette har ikkje hindra dei i å ha relativt stor suksess både innanlands og internasjonalt. Deira fyrste album kom i 1993 og det sjette og førebels siste kom i 2002. Dei har også gjeve ut to album på engelsk under namnet Bergman Rock. Finfin indierock for fredagskveldar og forschpiel.

Read Full Post »

Vel, eg har no ikkje påskeferie endå, men det har no roa seg, og kona er i feriemodus. I går kveld var det konsert med Jan Eggum og Tonje Unstad med komp frå bandet Link. Finfint med litt viser på laurdagskvelden. Men Eggum må snart byte ut dei gamle vitsane sine..

Elles er det innevêr og slapp stemning. Eg driv og legg inn vinkjellaren på Excel og kona lagar tyttebærchutney. Det er altså ein eim av vineddik i lufta og frå cd-spelaren kjem fine tonar frå Josh Rouse, Marvin Gaye og Tammi Terrell, William Hut, Tonje Unstad og Elvis Costello.

Kanskje set vi på ein film snart. Truleg vert det De andres liv. Det har ikkje vorte så mykje vin denne helga, men eit par glas med ok Undurrago Cabernet på Qa i går vart det. Det står ei flaske Eitelsbacher Karthaüserhofberg Riesling 2006 og ventar i boden. Mmm… etwas für dei Saurenfreaks!

Det kan til og med hende at det vert litt trim på onsdag. Det hadde gjort seg.

Read Full Post »

Det har vore litt sparsamt med innlegg her på sida i det siste. Vel, det får vi gjere noko med.

Eg har vore ein tur i Tigerstaden og der var det mykje godsaker. Ai ai ai ai! Det vart også hektiske møter med slekt og vener, mest på kafé, så magen vart veldig rar av all kaffien.. Eg fekk smakt i alt 7 ulike vinar, og kan nemne ein Cornas 1996 frå A. Clape, Quart de Chaume 2000, Baumard og Gevrey-Chambertin Clos Prieur 2001 frå Rion, som dei tre beste. Saman med gode vener vart det tre retter på Klosteret på laurdagen, etterfølgd av ein forrykande konsert med dei trønderske ska-rockarane Hopalong Knut på Rockefeller. Dei hadde faktisk også med seg Gatas Parlament på eit par songar.

Det vart handla eit par sko, eg fekk endeleg tak i sherry-eddik og det var fine frukost-til-lunsj-diskusjonar om til dømes sjølvberging, nynorsk, det vestlandske, ibsen og franske jordbruksprodukt sine fortreffeligheiter.

Read Full Post »

Older Posts »