Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for april 2005

Etter eit lite oppdrag for B med å ta bilete til annonse for telemarksbindingane Bomber Bishop, har eg no fått meg eit par sjølv. Dei ser flotte ut, og eg gler med til vinteren for å teste dei ut.

Sjå http://www.bombertele.com for meir info..

Reklame

Read Full Post »

Det sjå ut som kona og eg tek eit førebels farvel med Bergen. Ingeborg har søkt land og strand etter lærarjobbar, men det er ikkje berre berre å vere nyutdanna. Det virkar som om det berre er i det høge nord at dei ser mellom fingrane med maglande røynsle, eller så er det kanskje ikkje så mange som ynskjer å bu der? Eg har også søkt på nokre jobbar, og det ser relativt bra ut.

Men det var altså avsluttninga på Bergenskapittelet denne postinga skulle handle om. Eg ynskjer innspel på kva eg ør få med meg i Bergen før det er for seint (les: vi flyttar).

Eg kjem her med nokre punkt som eg på sitjande rumpe kunne komme på:
– Vitje naturhistorisk museum
– Demonstrere mot buekorps
– Gå på fotballpuben, drikke seg til mot og byrje å slengje drit om Brann
– Ha gjestequiz på Popquiz med Atle Nielsen
– Skrive sinte lesarbrev til BT mot buekorps
– Skrive sinte lesarbrev med bannskap og obskøne frasar mot buekorps og etterpå sitje spent å sjå om BT eller BA har ballar til å trykkje dei
– Gå «Vidden» den andre vegen
– Symje over Vågen
– Samle inn pengar til kampen mot buekorps
– Gå på Jan Eggum-konsert

Bilete er knipsa med Lomo LC-A på strak arm framfor ein Volvo 540. Som de ser har eg teke på det velkjende tvisynte Ambivalensia(tm)-uttrykket.

Read Full Post »

Norge Rundt i dag!

På onsdag var det nokre folk frå NRK og la mikrofonkablar og lyskastararar i kakene våre. I kveld kan du sjå resultatet. Det vert Lie Nielsen mellom kvart innslag, og kanskje ser de meg og? Følgj med på Norge Rundt i kveld frå 1930!

Read Full Post »

Madeira Pictorial

Her er nokre bilete frå turen i mars til Madeira.

Funchal

Camara de Lobos

Camara de Lobos

Camara de Lobos

Barbeito

Henriques & Henriques

Henriques & Henriques

Henriques & Henriques

Pereira d’Oliveira med ein del gamle flasker.

Langt, langt ned til venstre

Langt, langt ned til høgre

Langt ned på beggje sider! På veg attende frå Pico Ruivo (1862 moh)

Levada

Bileta er skotne med Nikon FA og 24/2, 50/1.8 Nikkors på Fuji Provia 100. Seinare skanna på Minolta DiMAGE Scan Dual 3.

Read Full Post »

Det har vore ein tradisjon med laurdagsfrukost hjå karane ute i Skuteviken. Det var etter måten mykje folk i dag. Både E , H og K var der, i tilleg til dei fastbuande A og J. Det vart servert kaffi og eg fekk ikkje lese noko særleg i avisene.

Desse bileta er nokre år gamle, men dei viser ungdomeleg hyggje.


Dei er knipsa med den no avlidne Leica CL og «cron 40/2. Og skanna på flatseng frå HP.

Read Full Post »

Eg har ved reising og litt detektivarbeid funne ganske mykje god sjokolade rundt omkring i Europa. No har eg laga ein «meny», og han inneheld om lag 70 ulike mørke sjokoladar med kakaoprosent frå 60-100%. Dei som trur dei har meir, kan stille seg i kø utanfor døra mi. Eller forresten, dei kan berre kome inn. Vi har truleg noko å prate om.

Read Full Post »

Hald dykk fast: Eg har søkt på universitetet! Ja, eg har faktisk søkt på tre universitet. Oslo, Bergen og Tromsø. Hausten er altså litt uviss, men det kan tyde på at me tek eit år i eksil. Og eg ser då på andre moglegheiter enn å halde fram med å vere proletar. Ettersom eg ikkje har «artium», har eg søkt meg inn på «realkompetanse». Så får vi sjå om ein seksar i gym frå yrkisen og seks år med kakebaking gjer meg dugande til å fordjupe meg i medievitskap, fransk eller lit.vit.

Read Full Post »