I 23 knops fart frå Fuglenes til Eidvågen, nye slukar og pølser i sekken, lys, regn, gå i lyng, ro over vatn, tåke, kaste, ikkje få fisk, kaste, miste finfin røye på 6-700 gram, fryse på beina, tenne bål, coffie and cigarettes, fiske litt til, chips, dorge over Eidvågvatnet tilbake, ta på tørr kjeledress, suse attende til byen klokka 02, kome heim, snakke litt med kona, sove, stikke på jobb igjen. Det er Finnmark ein gong i mai 2006.
Archive for mai 2006
Over fjord, rundt eit nes, over hei, over vatn, til eit tjern
Posted in Tant og fjas on mai 28, 2006| 1 Comment »
They travel the earth, I drink the soil
Posted in In vino veritas, Samfunn, Tant og fjas on mai 24, 2006| 3 Comments »
Ja no er gamlingane og søster Guro i Italia og kosar seg med bading og pizza på piazzaen. Broder Frode kom for ikkje lengje sidan attende frå Europaturné med bandet sitt Ungdomskulen og Datarock og dei var innom til dømes Amsterdam, Gent, Køln, Paris, Schaffhausen, Zurich, Wuerzburg, Berlin, Glascow og London.
Eg sit i Hammerfest og ventar på vin frå Volnay.. Bitter? Nei, fruktig og middels fyldig vil eg tru, med 98-årgangens fine tanniner.
Ei helg under Veggen
Posted in Fotografert, Tant og fjas on mai 21, 2006| 5 Comments »
Finfin helgetur til Statoilhytta på Nordmannsnes på Seiland. Fisking og god mat og drikke. Det vart kvelt nedpå både Amarone og Vinho Verde. Ingeborg gav våre nye vener ein rundtur med Seilandpakka ™ (skulen, laurdagskafé på butikken og tur til toppen over Hønseby).
To fulle menn..
Utsikt vestover frå badet klokka 0200. Fjellet Veggen (589 moh) i bakgrunnen.
Mykje fin ungdom. Ingeborg var bak kamera.
Andreas fiskar og set i botn..
Ingeborg og Astrid filosoferer og frys.
17. mai-tog
Posted in Observert og klypt on mai 17, 2006| 3 Comments »
Las i svenske Allt om Hobby at NMJ kjem med modell av BM 64, som i etterkrigstida gjekk på Flåmsbana og no nedlagte Haradangerbana. Flott. Modellen er i skala Ho eller 1:87 og vert levert i originalversjon og modernisert utgåve. Prisen er finfine 8995 kroner.
La humla suse
Posted in Bøker, Observert og klypt, Samfunn on mai 14, 2006| 1 Comment »
I morgon skal eg på biblioteket å låne Humlehonning av Torgny Lindgren. I fjor var eg så heldig å få boka Hakkepølsa som er kjempefin. Takk til I. Tenkte eg måtte prøve noko meir av denne forfattaren. Medan eg skriv dette høyrer eg på eit opptak av radioprogrammet Herreavdelingen, der dei snakkar om humler. Hm.. God bokvår!
The Winter strikes back
Posted in Bøker, Samfunn on mai 13, 2006| 2 Comments »
Ja, så var det plutseleg vinter att her nord. Sludd og vind og kald å sykle til arbeid. Vel, det er ikkje anna å gjere enn å bite tennene saman, fyre opp litt kakao og lese ei bok. Held førebels på med gamal krim. Nero Wolfe-bok av Rex Stout.
Cruise i Sørøysundet
Posted in Fotografert, Samfunn on mai 1, 2006| 5 Comments »
På sundag vart det tur på fjorden med M/S Renøy og I og svigerfar. Vi var innom Akkarfjord, Skippernes, Hellefjord, Lundhamn, Lotre, Langstrand, Slettnes og Kårhamn.