Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mai 2005

På Festspelmenyen i går stod den noko aparte kominasjonen rock og barokk. Dette var nok også ein av dei siste konsertane med Ungdomskulen i Bergen denne våren. Det var trøkk og godt samspel, og fine litt nye variasjonar over låtar som no snart vert å få på vinyl på Sex Tags. Gler meg spesielt til «What it takes», som vert 5 minutt og 32 sekund herleg rock med lilla label. Den var ein av favorittane på gårsdagens konsert.

Reklame

Read Full Post »

2374 gram post i dag.. He he he he he he he he!

I dag kom endeleg pakken frå Amerika!

Eg ynskte å prøve ut litt av sjokoladen som er laga i USA, i første rekkje frå Guittard og Dagoba men og for å sikre meg Scharffenberger sin Cuyagua 75% Limited Series frå Venezuela. Dette er ganske sjeldan, sidan Scherffenberger alltid lagar sjokolade med blanding av kakaoønner frå ulike stader i verda.
Guittard Ambanja 65% med ønner frå Madagaskar var umiddelbart svært positiv og minna mykje om Valrhona sin Ampamakia. Chucuri (Colombia) og Sur del Lago (Venezuela) treng litt meir tilvenning, men dei var spanande beggje to.
Scharffenberger sin Cuyagua var også svært bra. Den beste frå Scharffenberger, spør du meg.

Eg hadde også tinga nokre plater frå Santander, som er sjokolade produsert i Colombia.

Read Full Post »

Var ein snartur til Hammerfest på sundag og ned att på måndag. Det er kanskje i overkant dekadent verte flydd opp for noko så prosaisk som intervju til ei kokkestilling. Vel, det gjekk bra og eg trur eg får jobben. Hammerfest viste seg får godsida på måndagen med sol og mildver, og eg trur det kan verte bra å flytte dit.

Read Full Post »

Fekk liste på trykk i BT i dag og no vonar eg at FLAX-lodda denne gongen gjer at eg kan trekkje meg attende å nyte mitt otium. Kona var også representert i avisa i dag i fine fargar i saka om syklubben i magasinet.
Vi skal seinare i dag av stad å sjå Star Wars Episode 3 og i det høvet sjekka eg dei nye Lego-setta frå Star Wars-filmen. Dei har lansert Death Star 2 frå Episode 6 og det settet inneheld 3441 deler, noko som må vere rekord. No er det på tilbod (i USA i allefall) til 269 dollars, noko som skulle bli 1735 norske kroner. På ein god andreplass kjem Imperiaml Star Destroyer ™ med 3104 deler. Denne er for tida ikkje på tilbod. I Brighton i England har dei ein utstillt i the LEGO Store.

Read Full Post »

Fekk nytt objektiv til Nikonen i fjor haust, og det måtte prøvast. Det var eit manuellfokus 85/1.4. Eg tok nokre svart/kvit-filmar. (Ilford Delta 100). Men det gjekk seint med framkallinga, og dei to Delta-filmane vart ikkje framkalla før i førre veke.
Men her kjem i allefall litt resultat.

Lesande Ingeborg

Innadvente Frode

Undrande Håvard

Tenkjande Arild

Vurderande Andreas

Knipsande Endre

Lesande Gunnar

Sysken

Read Full Post »

På gårsdagens smaking i Vitis Bergensis var det Mosel Riesling som var tema. Vi smakte 20 vinar, dei fleste var faktisk frå Saar og Ruwer. Topprangerte produsentar som Fritz Haag, von Schubert og ei nytt stjerne, Daniel Vollenweider. Her kjem nokre bilete frå Moseldalen, tekne i sommar då kona og eg var innom der på interrail.

Vi starta smakinga med tre vinar frå sveitsaren Daniel Vollenweider. Han har kjøpt seg eit hektar i den tidlegare høgt verdsette vinmarka Wolfer Goldgrube. Ho ligg ein «sving» nedanfor ÃŻrziger Würtsgarten, for dei som er lokalkjende..

Her ser vi den åtte kilometer lange vinveggen frå Bernkastel til Zeltingen. Vi sykla ein tur og trakka på oppover Wehlener Sonnenuhr og Graacher Himmelreich. Det var ganske bratt.

Og så kom vi ned i Tysklands mest berømte vinmark; Doctor. Nedanfor ser vi byen Bernkastel.

Her er eit par bilete frå Winningen i nedre deler av Mosel, rett før elva renn inn i Rhinen. Her Heymann-Löwenstein sjef og lagar tørre Rieslingvinar frå bratte terraserte skråningar.

Vinmarkene han hentar druene sine frå heiter Uhlen og Röttgen.

Vi smakte også nokre vinar frå Dr. Loosen, mellom anna frå ÃŻrziger Würtzgarten.

Dette er ein av dei varmaste vinmarkene i Mosel.

Berre slått at Erdener Prælat.

Vi smakte også ein vin frå Erdener Treppchen, som det er bilete av her.

Til slutt eit bilete av «vinveggen» i kveldslys, teke frå borga over byen Bernkastel.

Read Full Post »

Du tykkjer kanskje at Freia sin mjølkesjokolade kunne trenge litt meir vaniljesmak? Kanskje du vil konkurere med Gianluca Franzoni og Domori? Eller er du så kresen at Valrhona sin sjokolade ikkje er smooth nok? No kan du lage din eigen sjokolade frå ønne til ferdig plate. Sjå http://www.chocolatealchemy.com.

Dersom du kjappar deg kan du trulege verte den fyrste i Noreg som lagar sjokolade heilt frå grunnen av. Og du legg ferieturen om dei karibiske øyer i sumar, kan du jo kjøpe med deg ein sekk criolloønner og setje i gong. Betal kakaobonden ekstra godt og du kan også kalle sjokoladen din «Fair Trade». Vis ein gong for alle at folka på Freia og Nidar er nokre bakstreverske dåsemiklar utan større visjon enn å selje litt meir tørrmjølk- og sukkerbasert slavesjokolade.

Dette er ingrediensane til å lage god mørk sjokolade. Alt anna er unødig fjas.

Kakaoønner

Sukker

Vanilje

Så treng du ein drøss dyre og tunge maskiner. Ei maskin til å fjerne skalet på kakaoønnene, ei mølle til å knuse ønnene, ein consjar til å blande sjokolade under varme og så må du kunne temperere sjokolade til slutt. Og kanskje nokre former å støype sjokoladen i..

Lukke til!

Read Full Post »