Nytt år og ny katalog. Lego er ein genial idé, men delen av marknadskaka vert stendig mindre. Ã…rets katalog er ikkje akkurat superambisiøs, meir eit kvileskjær. Kor tid skal vi få noko skikkelig kult? Nuvel, alt er no ikkje berre sorgen. Hugs no også på at dette vert meld av ein avdanka nostalgisk legobyggjar på 29, ikkje akkurat houvdmålgruppa til Legokonsernet. Men i og med at det er ein etterkomar rett rundt hjørnet, burde eg kanskje kikke litt nøyare på Duplo. Det har eg ikkje gjord dei andre åra. Og kor tid vil Fabuland få ein renessanse?
Allereie på side 3 har vi ein liten kontrovers. Legokonsernet har teke parti med kreasjonismen! Høyr berre kva som står om sett nr (det er Duplo dette) 5598 Dinosaurdalen: «Velkommen til dinosaurenes dal der huleboermenn og og dinosaurer lever sammen i fred og fordragelihet. (…).» Eg er usikker på om dette er noko som kjem frå Lego sentralt, eller om det er Lego Norge som har dette standpunktet.
Ja ja. Katalogen er layout-messig lik dei føregåande tre-fire åra. I det skikkelege old-school-segmentet finn vi nokre nye sett med vanlige klossar og eit «jentesett» med rosa klossar. Så blar vi over til den ganske stilige Creator-serien. Her er det ikkje mindre enn tre heilt vanlige bustadhus-sett! Dette trur eg nesten må vere rekord i Lego-samanheng. Det er også nokre nye mini-sett. I City har dei i større grad bygd opp kulisser i bakgrunnen, av varierande kvalitet. På side 30-31 er det faktisk nokre bakgrunnshus som minner om ein del svære greier slik dei gjer det på brickshelf.com. Ã…rets nye «lisens-sett» er Spongebob Squarepants og Indiana Jones. Er det nokon Hollywood-dille Lego ikkje har kasta seg på?
I Castle er det eit nytt skip og ei gruveborg. Star Wars har kome med ein TV-serie som heiter The Clone Wars og nokre nye TV-spel. Lego har difor laga nokre Legosett med seriens spaceships og greier. Elles er det mykje nytt i Racers, Ferrari og Bionicle. I Technic er det ein ganske fancy ny bulldoser med ymse motorar og fjernstyring. Elles er det ikkje mykje nytt. På dei siste sidene vert det oppmoda om å besøke nettsidene, men det er framleis ikkje mogleg å kjøpe noko i shopen.. Der er det til dømes ein modell av Millenium Falcon frå Star Wars med ikkje mindre enn 5195 legoklossar! Ny rekord?
Read Full Post »