Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for desember 2005

Ti år etter..

Det er gått ti år sidan vi gjekk ut frå niårig grunnskule. No skulle vi møtast att. På Tresken. Det kunne bli klamt. Det kunne bli stygt. Tjønnelanden og Tor Erik kom med fin promille og store ord. Andre var edru eller sleit med smalltalken. Fantastiske Grethe hadde sjølvsagt organisert og fiksa. Og Geiren hadde vakse om lag ein meter på ti år. I høgda. Andre hadde lagt seg ut i breidda. Nokre var alt tynne i håret. Slik går det.

Men stemninga var fin i klassen. Karstein hadde teke med litt videoklypp frå ymse underhaldningsinslag frå avsluttningar på barneskulen. Den levande skogen. Julespel. Skomakaren. Lærar Inghild kunne fortelje at ho med dårleg samvit «fiksa» loddtrekkinga om huvudrolla slik at eg fekk ho.

Den obligatoriske presentasjonen av kva kvar einskild hadde gjort dei siste ti åra viste ikkje dei store overraskingane. Ein del jenter hadde hamna i tradisjonelle kvinneyrker og dei eg hadde mest trua på hadde førebels vorte journalistar. Og Hedda var vorte forskar. Ein del av gutane var i Trondheim og dreiv med «elektronikk». Nokre hadde visste hatt seg «eit år ute i Dale», der dei etter det eg forstod ikkje hadde drive med så mykje vettugt. Elles var det sjukepleiarar, bilmekanikarar, evige studentar og nokre selde såpe.

Min «gjeng» er ganske spreidd utover verda. Geir spelar volleyball i Hellas, Andreas spelar volleyball i Førde. Håkon er godt utdanna i Australia og truleg på veg til jobb i USA, medan eg er berre kokk i Hammerfest..

.. og slik går no dagane for alle og einkvar.

(Ein kveld som denne må vere det ultimate for ein vestlandsk gonzo-journalist/gonzo-sogeskrivar!)

Reklame

Read Full Post »

Veslejulafta

Bror min og eg vart sjølvsagt sitjande oppe til langt på natt å spele Deluxe Ski Jump..
.. men vi var begge ute av trening og klarte ikkje å nå K-punkt i nokon av bakkane.

Read Full Post »

Jul i Sunnfjord

Ja, så er vi komne heile fram frå Hammerfest til Førde. Det er godt å kome heim til gamlingane. Og i morgon vert det sjølvsagt ein tur i Skywalken! Ahh eg gler meg som ein unge!

Read Full Post »

Zzzzz!

At folk søv er vel ingen nyhende, men når det skjer på heilt andre stader enn i senga, ja då er Finnmark Dagblad på pletten med nokre notisar. I dagens avis er det ikkje mindre enn sju notisar etter kvarandre med stoff om sovandre folk i Alta og Hammerfest. Eg skal berre ta med overskriftene, så kan søvnforskarar og andre meir interesserte ta kontakt om dei vil vite heile historia.

-Sov på do
-Sov i vareinntak
-Sov på trappa
-Sov i drosje
-Sov i søppelbøtte?
-Sov over automat
-Sov i minibank

Read Full Post »

Spice up your life!

«If you can’t be with the one you love, love the one you’re with!» Eller for å skrive det om til den aktuelle situasjonen: Dersom det ikkje er nokre konsertar i by’n, gå på biblioteket! Det har eg gjord mange gonger denne hausten. Og personalet lagar støtt eit lite «teaser-bord» med aktuelle bøker. Så ut på hausten vart det sjølvsagt aktuelt med bøker om kva ein kan gjere med sesongens råvarer. Og eg fekk lånt meg «Søtt og salt i glass og krukke», om syltetøy og annan konservering. Oppskrifter og fine bilete. Kvifor har eg ikkje gjord noko slikt dei åra eg budde i Bergen? Tja, det var for mykje anna spanande som tok merksemda. På ein stad med gode tilbod av alle slag er det lett å gløyme å vere kreativ. Det er så mange andre som tek seg av den biten.

Det har vorte plukka ein del lokale tyttebær og blåbær og frysen har vorte utnytta maksimalt. Kona har teke seg av konserveringa av desse, medan eg har prøvd meg på importerte varer.

Det er aldri for seint. Hausten kjem kvart år..

Read Full Post »

Guds kvern mel langsomt, heiter det. Det same kan vel seiast om tollvesenet og posten. I dag fekk eg endeleg pakken frå Seventypercent.com med sjokolade som eg tinga ein gong i oktober. Eg gler meg til å smake Domori sin Latte Sal. Eg hadde ein, men åt han opp i sommar. Det vert også godt å knaske på Kashaya, heile røsta kakaobønner. Diverre var det ikkje meir att av Malagsy, fair trade-sjokolade produsert på Madagskar. Det får verte neste gong.

Read Full Post »

Julebrev 2005

Eit år er snart over og det har vore eit spanande år. Ved halvspelt kamp bytta eg ut kremblåsar og kakebotnar med biff, gassgrill og sausar. Eg er attende i kokkefaget etter seks år med kaker. Vi har og flytta til det høge nord og det set jo sitt preg på det daglege liv. Det har vorte mindre fotografering og ikkje noko mørkeromsarbeid. Fokuset har vore på vin og sjokolade. I vår har det vore bra med fysisk aktivitet med Ludustrening innadørs ein gong i veka og fotballspeling ute på kunstgraset på Krohnsminde på sundagar. Litt reising har det vorte. Tur til Brighton og London og «sydentur» til Madeira med fam. Watne og slekt i høve geburtsdag for bestemor Ã…got. Sommarferien vart nytta i ein seglbåt frå Bergen til Namsos saman med Ingeborg og hennar onkel Rolf og to av hans venner. Det var kald, men ei oppleving. Det vart også høve til å sjå nye sider av Noreg som eg ikkje har sett før. Til dømes Askvoll. Og på trøndelagskysten kom finveret og nokre fine hamner. Ingeborg og eg mønstra av i Namsos og sette nasen mot Oslo der vi fekk med oss nokre konsertar på Norwegian Wood.
I haust har vi prøvd å gjere oss kjend med Hammerfest og omegn. Nokre fine fjellturar har vi hatt. Vi har også fått litt besøk sørfrå og vi har vore på Nordkapp og i Kautokeino. Og nokre shoppingturar til Alta. No gler eg med til jul i Sunnfjord og ser fram til blant anna 10 års jubileum for ungdomsskulen.

Read Full Post »

I går var eg med nokre lærarar og ymse andre og spelte volleyball i Breidablikkhallen. Det var kjekt etter gamalt. Det har ikkje vorte så mykje fysisk aktivitet denne hausten, så det gjorde godt. Sykkelturen heim frå arbeid vart også vel strabasiøs, då det hadde snødd ein del. Dersom det ikkje vert betre brøyting av gang- og sykkelvegen vert det nok til at eg må ta buss framover.

Read Full Post »

Listeoppsumering:

Bøker eg har lese:
Hakkepølsa – Torgny Lindgren
Harens år – Arto Paasilinna
Vestenfor solen, syd for grensen – Haruki Murakami
Ekstremt høyt og utrolig nært – Jonathan Safran Foer
Dette er Cuba, alt annet er løgn – Vegard Bye, Dag Hoel
Farlig godt – Torgrim Eggen, Jan Omdal
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet? – Johan Harstad
The Genetic Diversity of Cacao and its Utilization – B.G.D. Bartley
Naustet – Jon Fosse
Morgon og kveld – Jon Fosse
Momo eller kampen om tiden – Michael Ende
Kontraster – Erik Dammann

Teater:
Idioten (Dostojevski)
Funny Girl (Bob Merrill, Isobel Lennart)
Peer Gynt (Ibsen)
På «an igjen (Eggum)

Minnerike kinofilmar:
Mot veggen
En langvarig forlovelse
Brødre
Armbryterskan från Ensamheten
Så som i himmelen
Batman Begins
Der Untergang
Star Wars Episode 3
Kontroll
The Yes Men
Sideways
Sin City
Hitchikers Guide to the Galaxy
Wallace and Grommit
Izzat
Harry Potter and the goblet of fire

Konsertar:
Real Ones
Ungdomskulen
Tom Sawyer & the Huckleberry Finns
One way out
Out Hud
Jan Eggum
Jim Stärk
Uncle’s Institution
Lou Reed
Leif Reed
Crosby, Stills & Nash
Magnet

Gode vinar eg har smakt i år:
Bourgogne Cuvée des Nobles Souches 2001, Denis Mortet
Bourgogne Pinot Fin 2002, Robert Arnoux
Chambolle-Musigny 2002, Roumier
Chambolle-Musigny 1. cru Les Fuees 2001, Mugnier
Barbera d’Asti Bogliona 1997, Scarpa
Pinot Blanc Cuvée les Amours 1996, Hugel
Pinot Gris Clos Saint Urban Rangen de Thann 2001, Zind-Humbrecht
Pinot Gris Clos Saint Urban Rangen de Thann 1989, Zind-Humbrecht
Taurasi 1997, Mastroberardino
Wehlener Sonnenuhr Riesling Kabinett 2004, Dr. Loosen
Rüdesheim Estate Riesling 2004, Georg Breuer
Crozes-Hermitage 1998, Alain Graillot
Tokaji Aszu 5 Puttonyos 1995, Disznókö
Tesauro Recioto della Valpolicella 2000, Cantina Valpantena
Madeira Colheita 1994, Barbeito
Malmsey 10 years old Madeira, Henriques & Henriques
Malmsey 15 years old Madeira, Henriques & Henriques
Boal 15 years old, Cossart Gordon
Niepoort 20 years old Tawny
Argüeso Amontillado


Løvstakken


Fjelltur til Pico Ruivo på Madeira


391 gram molter plukka på Sennalandet i august

Read Full Post »

Oppsumering

Det er snart tid for litt oppsumering og lister over kjekke opplevinagar dette året. Eg har ei kjensle av at det i år vert ein del vin.. og litt mindre film og teater enn i fjor. Her er ein link til fjorårets oppsumering.

Read Full Post »

Older Posts »