Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juni 2006

Kom ganske tilfeldig inn på sida http://www.lensbabies.com. Ganske moro med plast til både film og pixlar. A, K, E og andre fotofreaks: dette er vel ikkje så dumt? Og 2.0 til og med!

Read Full Post »

Fyrst til Ingeborg om du les dette i Oslo/utlandet: Hopp Caroline, hopp!

Så ser det endeleg ut til at eg har lukkast i å skaffe meg eit Cosina CX-2, mora til Lomo LC-A, og med motor og greier! Eg vonar det fungerer, det er kjøpt på fransk ebay frå ein kar i Barcelona..

Eh.. du skulle ikkje heller kjøpt deg eit digitalt spegelrefleks?

Hmm.. nei.

Følg med, det er ting i posten frå Morgan Sparks!

Reklame

Read Full Post »

Fin tur til Eidvågtind i går med Tor Olav. Lettskya pent ver og litt mygg. Vi fiska litt i Eidvågvatnet, men fekk ikkje eingong napp. Endå eg hadde nye slukar!

Read Full Post »

Grip sykkelen!


Race

Face

Read Full Post »

Karianne og Lars Magne vart godt gift på Karmøy.

I Bergen vart det gjensyn med gamle vener. Leiv Otto og Oda var i barnedåp og vi stakk innom Moliere for kaffi og sjokolade. På mandag vart det 2 timar beinhard fotballkamp på den mykje omtala kunstgrasbana på Møhlenpris. Vi fekk kaffi, kaker og omvisning i det nye husveret til Håvard og Trude. Hjå Kenneth og Beate vart det servert kylling, potetstappe og Gevrey-Chambertin, og vi fekk helse på Synne for fyrste gong. På tysdag var Andreas og eg på Biltema og eg fekk med meg kjedereinsesett, og frå Lagunen eit par flasker Grand Cru.


The DUS (Desillusjonerte Unge Sunnfjordingar)

Tilbake i Finnmark skein sola og det var reinsdyr i hagen.

Read Full Post »