Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for oktober 2005

For dei av dykk som ikkje les Finnmark Dagblad skal eg vere så grei at eg tek med ei notis frå dagens avis. Som de veit er det mykje moro å lese i måndagsavisene. Mange har drukke meir enn dei klarte å halde på og nokre har i tilleg gjort ulovlege ting fordi onkel alkohol sa dei skulle. Konsum av alkohol er i dei fleste deler av landet lovleg om det vert gjort i heimen eller på bar. Det er lov å vere berusa. Men ikkje i Alta. Under overskrifta «Promille» finn vi denne notisen: «En dame i 30-årene ble stanset i en rutinekontroll i Alta i helgen. -Damen ble stanset og hun viste seg å være beruset, sier Olaf Andreassen, operasjonsleder ved Vestfinnmark politidistrikt.»
Eg veit ikkje om det er rutine at politiet i Alta sjekkar om folk har promille, men dersom det skjer i helga er det ikkje så rart at dei finn folk som har promille. No som julebordsesongen er i kjømda så vert det nok fleire og fleire berusa damer i 30-åra som er ute i bygd og by.

Reklame

Read Full Post »

Emulsjonsproblemer

Ja no er det vorte vinter her i Hammerfest, og med det vert det litt lysare. Det har vore nokre fine dagar med litt blå himmel, nokre dottar med skyer og eit flott lys på fjorden og øyane rundt her som ligg og duppar i Sørøysundet med melisdryss på houvudet. Dette og andre fine scenarier vil bli og har vorte fanga på film, men i og med at eg ikkje har scanner og skyt på gamlemåten med Velvia og slikt, ja så tek det litt tid før det vert noko resultat å vise her på sida.

Det er no de skal sukke litt og seie nokre velvalde ord om fotografiapparat utstyrt med digitale lagringsmeduim.

Takk, det var fortent.

Vel, det ber vel den vegen for meg òg, men ikkje enno. Eg tvert i mot vore på jakt etter eit godt gamalt Cosina CX-2 (1)på både tysk og engelsk ebay ™, men det har ikkje lukkast meg å gå sigrande ut av ein auksjon. Enno.

Men det vil nok kome litt bilete på bloggen etter kvart. Det er mykje fint å knipse her nord, og då siktar eg ikkje til tablettar!

(1). Cosina CX-2 er eit japansk kompaktkamera frå tidleg åttital med moglegheit for montering av motor. Dette kameraet er inspirasjonen til det russiske kultkameraet Lomo LC-A.

Read Full Post »

Eg har altså fått Pinot Noir-dilla. Denne drua kan gje fantastiske vinar frå små parsellar i Bourgogne, som folk er viljuge til å betale hundrevis av kroner for – per flaske. Den «nye verda» har sjølvsagt prøvd å gjere gull på gamal oppskrift og det er planta pinot noir i USA, Canada, Chile, Australia, New Zealand og Sør-Afrika. Men resultatet er nok ikkje alltid like bra som hjå førebileta i Côte d’Or. La oss sjå kva yppersteprestane i Vinforum har å seie om nokre vinar av pinot noir frå den nye verda.

Ninth Island Pinot Noir 2004
Piper Brooks Vineyards, Tasmania, Australia
Lite raffinert tasmansk pinot med preg av syltede bær på duft. Lite tiltalende på smak, med klissen frukt i munnen, merkbar alkohol og grønne toner i finish.
*

Pinot Noir 2000
Meerlust, Stellenbosch, Sør-Afrika
Lys og noe utviklet sørafrikansk pinot noir med preg av syltet frukt og fat på duft. Fyldig vin, men aromatisk lite spennende, og også denne svært hardt eiket.
**

Piedra Feliz Pinot Noir 2001
Michel Laroche & Jorge Coderch, Casablanca, Chile
Chilensk pinot med lite druekarakter og syltetøyspreget nese. Tørr og ubehagelig vin med preg av syntetisk frukt i munnen. Prisen er vill.
*

Pinot Noir Reserve 2001
Mission Hill, Okanagan Valley, British Columbia, , Canada
Canadisk pinot noir med syntetetisk fruktpreg og innslag av eik og pepper på duft. Slank og syrlig vin med syntetisk bærpreg også i munnen og tørr eikepreget finish.
*

Pinot Noir Private Selection 2001
Robert Mondavi, Central Coast, California, USA
95% pinot noir og 5% syrah. Californisk pinot med syntetisk bærpreg og hint av sultanarosiner på duft. Varm vin med markant fatpreg i andre del av smakskurven og fæl finish.
*

Eikendal Pinot Noir 1999
Eikendal Vineyards, Stellenbosch, Sør-Afrika
Mørk sørafrikansk pinot med uttalt eikepreg og avdempet frukt. Substans-rik vin med lav syre og preg av eik og alkohol i finish. Pinot noir på denne måten er ikke morsomt.
*

Som vi ser er det lite smigrande omtale, og alle dei om lag 25 vinane dei hadde smakt fekk ei eller to stjerner av fem moglege, noko som betyr at denne vinene vil vi ikkje anbefale!

Men som Aaliyah song for nokre år sidan: If at first you don’t succeed, dust yourself off and try again!

Read Full Post »

Eit etegilde

På fredag hadde vi det fyrste møtet i gourmetklubben. Thomas, Bjørnar, Runar og eg stilte opp. Runar og eg hadde tenkt i gjennom meny til inkjøpte vinar. Thomas hadde med ryper som han hadde skote tidlegare i haust. Og Bjørnar kom heilt frå Alta. Vi opna med oppmjuking og champagne frå Guy Charlemagne og amuse geulle. Då vi hadde sett oss kom rettane ceviche-laks, kongekrabbe, rype og reinsdyr, blåmuggost med nøtter og til slutt molterkake. Til dette vart det skjenkt i glasa Pouilly-Fumé 2004 frå Cailbourdin, Crozes-Hermitage 1998 frå Alain Graillot og Tokaji Aszú 5 Puttonyos 1995 frå Disznókö.

Etter dette vart det litt uklart. Det kom Armagnac på bordet, Vegard og broren kom innom, nokre måtte gå osv.

Men ein vellukka kveld og det vert nok fleire slike kveldar utover hausten og nyåret.

Read Full Post »

Jubileum

Ja, då har denne bloggen faktisk vore oppe i eitt år! Eg vel å gratulere meg sjølv, og så får de berre leggje inn dykkar hjartelege gratulasjonar i kommentarfeltet.

No ser ting litt anleis ut enn for eitt år sidan, då eg hadde eit sosialt liv i Bergen med mykje kulturelle aktivitetar. Hammerfest er ikkje det same, men her skjer andre ting. Det vert spanande å sjå kvar eg er neste gong det er jubileum for bloggen.

For å markere jubileet, et eg litt på ein mjølkesjokolade som låg att frå i går. Kanskje eg skal sjå om eg finn litt gamal chips òg.

Read Full Post »

Dersom du aldri har fått ferten av pinot noir, er du eigentleg heldig. Eg har diverre kome over nokre gode flasker vin laga på denne skjøre drua, og dei som har sett filmen «Sideways», veit korleis det kan gå. Meir spesifikt kan denne drua, dersom ho er dyrka i den vesle kommunen Vosne-Romanée i Burgund, gje vinar som har ei lukt som kan minne im dyrepels og revefarm. Kanskje ikkje det som gjev dei beste assosiasjonar hjå uinvidde vindrikkarar, men eg kan med handa på tastaturet seie at i kombinasjon med bringebærduft og haustlauv og andre esterar, så vert dette magi. Spesielt i hendene på produsentar som Robert Arnoux. For dei som hever sekssifra månadsløner kan sjølvsagt vinar frå DRC også funke.

Read Full Post »

Dersom du er i London 31. oktober til 6. november så kan du få med deg arrangement på London Chocolate Week. Eg fekk med meg eit par framifrå i fjor og kan tilrå dette arrangementet til alle søtnosar og sjokoladefreaks. Sjå meir på denne sida.

Her er bilete av Martin og Steve frå Seventypercent.com på London Chocolate Week i fjor.

Read Full Post »

Film, på fem lerret

I går var me ein tur til Nordkapp med Ane og Jan Edvard som har vore på besøk denne helga. Der fekk me sett ein vid film på fem lerret, av Ivo Caprino, slik som dei har på Bremuseet i Fjærland. Elles var det fin utsikt og godt ver. Litt vindigt, men slik er det vel på 71 grader og vel så det, nord.

Read Full Post »