Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for april 2006

Andefeitt

Dersom eg får tak i andefeitt skal eg pinameg lage litt confit de canard/poulet/oie. Det er godt. Kanskje eg må tinge meg ei flaske Volnay å ha til. Ah! Eller Chambolle, eller Gevrey..

Read Full Post »

Det er kjekt å tinge bøker på amazon, der er det mykje spanade og somme tider rasande billig. Mitt siste kjøp var eit par bøker på fransk (sic) av Marie Antoine Carême og Jean Anthelme Brillat-Savarin. Dei kosta mindre til saman enn det vart i frakt! Skammeleg. Men så har jo forfattarane vore daude i høvesvis 173 og 180 år. Salut!

Reklame

Read Full Post »

Rock

.. og slik går no dagane omset 70-tals psykideliarock til norsk.

pengar

pengar, hu hei
få deg jobb med bra løn og du er okei
pengar gi gass
ta til deg det du kan og putt dei i di madrass
ny bil, god stil, lykke med opsjon
eg trur eg kjøper FC Wimbeldon

pengar går ut og inn
formen fin men hald deg langt unna bunken min
pengar er nummer ein
velgjering er pisspreik, eg går heim
eg flyr høgt på førsteklasse og er ganske kry
eg burde jammen hatt mitt eige fly

pengar det er ulovleg
del rettferdig men du får ikkje eit øre av meg
pengar vert det sagt
rota til alt vondt får mykje øydelagt
ber du pent om lønspålegg, ikkje rart
står du svakt.

Read Full Post »

Påskeoppsummering

Dagar eg har jobba: sju. Skiturar: ein. Bøker eg har lese: to. Gode begge to. Chipsposar eg har ete: tre. Påskeaviser som er laga lenge før dei kjem i sal som eg har lese: to, VG og Dagbladet. Dagar med fint ver her i Hammerfest: nesten alle. Dagar eg har gått til jobb: fire. DVDar eg har lånt og sett: to, The Island og Broken Flowers.

Read Full Post »

Påskebøker

Påska er for somme tid til å lese. Eg skal arbeide dei fleste dagane, men innimellom skal eg lese i ei bok eg kjøpte på amazon; ein biografi om Marie Antoine Carême, den fyrste kjendiskokken i verda. Omslaget er frå kjøkenet i The Royal Pavilion i Brighton, ein stad eg faktisk har vore, 189 år etter at Carême kokte for prinsen av Wales, Georg IV.

Dersom eg vert ferdig med den, har eg tenkt å lese Marita Liabø sin nye roman Under brua.

Read Full Post »

Kva gjorde du i 1989? Eg var ti år gamal, budde på Sunnfjord Folkehøgskule og var mest interessert i fotball, lego og frimerker. Ute i verda skjedde det store ting. Austblokka kollapsa, Berlinmuren fall og den kalde krigen var over. Ã…ge Aleksandersen, TNT og Return var populære norske artistar. Madonna sang Like a prayer og Milli Vanilli var enno ikkje avslørt. Salman Rushdie får ein fatva og familien Touchais laga vin på 192. året.

Søt vin i solnedgang.

Read Full Post »

POP

.. og slik går no dagane omset eit omkved som har sett seg i hovudet mitt til ditt favorittspråk, norsk.

langt borte
men ein rikstelefon
og to e-brev frå deg
gjev meg ei hangande von

har aldri kjent slik før
har aldri kjent slik før
har aldri kjent slik før
har aldri kjent slik før
har aldri kjent slik før
har aldri kjent slik før
har aldri kjent slik før
har aldri kjent slik før
har aldri kjent slik før
har aldri kjent slik før
har aldri kjent slik før

åh

langt borte.. etc.

Read Full Post »

He he, ja det har seg altså slik at eg no tener to herrar, eller eigentleg ein herre og ei kvinne. Eg har fått meg ekstrajobb som konditor på byens bakeri. Der vert eg gåande mellom jenter, medan mine kollegaer på kjøkenet på Rica er gutar alle saman. Dette til orientering.

Read Full Post »

Noiseless

Finst det analoge klokker som ikkje tikkar?

Read Full Post »

Nydeleg skitur på Seiland på laurdag. Ã…got var på besøk. Vi gjekk i scooterspor og finvêr under Eidvågtind. Runar ringte seinare på dagen og sa han var på Tinnhytta og sat og las det vi hadde skrive i hytteboka. Det er ikkje berre på internett ein legg att spor..


Søstrene Sisters sjekkar kartet

Eidvågtind, 594 moh

Vassbuktvatnet, 143 moh

To trøyte fuglar i venterommet på Kjerringholmen, 3 moh

Read Full Post »