Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juni 2010

Singletrack

Vi forlet bilane. T og H føre, og eg bak. Inn i skogen og fuglesongen. Nyansar av grønt. Grusveg og oppover. Sti og oppover. Røter og drit. Vi syklar, vi trillar. Oppover. Endelig på toppen. Vi tunar utstyr. Eg tunar feil, men held følgje. Smal sti, bortover, nedover, røter, gjørme, røter. Singletrack. Bratt og fart. Det luktar barskog og sykkeldekk. Slepp bremsene. Finalen. Traktorveg og berre nedover. 40-50-60? Eg er fyrst. Blodet brusar av overmot og frykt. Tilbake til asfalten. Sete lågt og hendene i kors ned Strandavegen. Sol på Gråsida. Det luktar løvetann. Heim att. Litt slitnare, litt skitnare, litt blodigare. Litt gladare.

Advertisements

Read Full Post »