Mykje plommer i år, lite epler. Så lite at vi enno ikkje har fått brukt den dyre juicepressa vi kjøpte i fjor.. Vel, det vart også ein del flasker ripssaft, som smakar godt til laurdagsgrauten. Plommene fekk ein knekk i mogningslaupet med ei veke med mykje regn. Vi burde nok ha venta litt med plukkinga, for no er dei som er att byrja å bli gode.. Vel vel, vi har no fått laga litt syltetøy og chutney. Resten går kanskje rett i kroppen.
Archive for september 2010
Haustens produksjon
Posted in Gastronomi, Tant og fjas on september 30, 2010| 1 Comment »
Sykkelen. 10 år bakåt och 100 år framåt
Posted in Lettbeint tylen og i høg fart nedover, Observert og klypt, Samfunn, Tant og fjas on september 29, 2010| 2 Comments »
Originalen, kjøpt i Oslo for ti år sidan.
Slik han er i dag. Bremsehendelen Ultimate V-chip, vart kjøpt på bryllaupsreise i Stockholm i 2002. Hjula er tinga frå Cyclecomponents si teneste Wheel builder ™, som dei no diverre har kutta ut. Kva skjedde?
Hjelp, eg er blitt ein weight weenie! Del 2. Historie og begrepsavklaring
Posted in Lettbeint tylen og i høg fart nedover, Samfunn, Tant og fjas on september 29, 2010| Leave a Comment »
I Førde på slutten av 80-talet og på byrjinga av 90-talet var det for dei fleste DBS som var sykkelmerkjet. Vi var kanskje den siste generasjon som var lulla inn i NRK-monopol og før internett gjorde informasjon demokratisk, kaotisk og tilgjengeleg for alle. DBS var norsk og solid, medan Nakamura, TWS, Cresent og Diamant var Taiwan, billig og ubrukeleg. Byrjinga av 90-talet var også då sykling vart noko meir enn transport og leik. Det vart hopp og sprett og ut i skogen, eller «off-road». DBS hadde ikkje nokon off-road-syklar, sjølv om dei hadde eit par modellar som heitte nettopp det med 15 og 21 gir. Seinare kom Kilimanjaro DXL 21, som eg også vart eigar av, eit beist på ca 20 kg med skjermar og bagasjebrett, og hjulsett og bremser som ikkje tålte skogsbruk. Så i 1993 lanserte DBS ein eigen terrengsykkelserie, Intruder! Med eigen katalog og syklar med aluminiumsrammer, Shimano LX, XT, XTR og dempegaffel. Dette var syklar med betre hjul og grove dekk, og med vekt ned mot 11 kg, skikkelege terrengsyklar. Til konfirmasjonene i 94 kjøpte eg «Intruder XT2000» som hadde stålramme, stiv gaffel og eit langt styrestem. Utover 90-talet vart Intruder-katalogane meir ambisiøse. Salet av dyre syklar auka, og i 96-katalogen hadde DBS Intrudermodellar i både karbon, titan og downhill-maskiner med lang vandring. Toppmodellen var ein hardtail på 8,1 kg med stiv gaffel og titanramme til om lag 50 000 kroner. Her var det låg vekt som var målet. Festeskruer i titan og titankassett og elles XTR over det heile. Om det vart seld nokon eksemplar eller om sykkelen fungerte, ja det veit eg ikkje.
I jakta på lettare syklar, vart nettsida Weight Weenies starta i 2000. Her var det uavhengige vegingar av sykkeldelar som styrestem, gir og hjulsett, slik at folk kunne vite kva dei skulle kjøpe for å få ned vekta på sykkelen sin. Og sjølvsagt eit forum der «vekt-galningane» kunne dele røynsler med likesinna.
I racersykkelverda der påkjenningane på sykkelen ikkje er like store som i terrengsykling, har syklane no byrja å nærme seg 5-talet. Terrengsyklar har eit stykke att, men Cannondale sin toppmodell i Flash-serien er vel om lag 7,5 kg med ei karbonramme utan vektbegrensing, 110mm dempegaffel, og flex i baktriangelet!
Hjelp, eg er blitt ein weight weenie! Del 1
Posted in Lettbeint tylen og i høg fart nedover, Samfunn, Tant og fjas on september 25, 2010| 2 Comments »
Det beste provet på at ein er blitt det som i psykiatrien går inn under diagnosen hakkande galen, er når ein tek til å vege sykkeldelane sine på digital kjøkenvekt. Helst ei som er så nøyaktig at går ned til 0.1 gram. Vel, mi kjøkenvekt går ned til 1 gram, og det er førebels godt nok for meg. Førebels… Faste lesarar har fått med seg at tida er mogen for revisjon av (les kjøpe flunkande nytt, som eg strengt teke ikkje treng..) drivverket på sykkelen min. Eg har tinga ny krank med integrirt lager frå Kcnc (designed in UK, machined in Taiwan. Trass i at dei har kverna ut prototype og idé i England, er det altså rimelegare å sende cnc-maskina til Taiwan, slik at lægre betalte arbeidarar kan trykkje på knappane og pakke ned det ferdige produktet. Økonomi er vanskeleg, som Jon Hustad plar seie), og kassett frå SRAM. I tillegg har eg liggjande ikkje mindre enn to kjeder (ubrukte og i originalemballasje, frå eit tidegare storinnkjøp frå Sverige). No må eg berre skaffe meg eit kranklagerfesteverkty, så er det klart for montering.
Dei som har litt kjennskap til sykkelen min, vil kanskje stille kritiske spørsmål til vektreduksjonen, då eg har ganske tunge hjul og dekk. Styre, setepinne, gaffel og pedalar er heller ikkje av lettaste sort, så sjansane for å få ein lettvaktar er nok heller liten. Men eg drøymer om noko større der framme.. Ny sykkel.. Og då er det ikkje så dumt å ha ein «delesykkel» med litt hi-end-utstyr.
750 gram inkludert lager, spacers, boltar, festeskruer og ei lita tube med Mystical P-1100 Metallo-Organic Complex!
2:5/Det knirkar i kranken
Posted in Fotball og bilkøyring, Samfunn, Tant og fjas on september 9, 2010| 4 Comments »
Keep working that pedal steel
No som eg har førarkort er det jammen lett å setje seg bak rattet og utan mykje strev kome seg rundt. Men ein må jo halde seg i form og rekesalaten skal no forbrennast, så då vel eg stadig vekk sykkelen til og frå barnehagen eller Vangen. Då eg sykla opp Sivlevegen ein dag, prøvde eg å halde eit noko høgare gir frå flata og opp stigninga. Eg klarte å kome heilt opp med 2:5-utveksling, altså midterste krank og femte kranstannhjul. Når eg har A på slep må eg ned i 2:3 eller 2:2. Ah, tunge trakk, men no har det byrja å knirke veldig i kranken/lageret, så tinging er send til Sverige etter nytt stål og alu. Men i ettertid har tvilen kome. På sykkelrelaterte fora på nettet vert det hevda at nye utanpåliggjande lager ikkje held mange mila, medan dei gode gamle «square taper», held i det lengste av løp. Vel, mitt har no fungert knirkefritt fram til no, ti år til saman. Har eg kjøpt katta i sekken? Eg tek debatten her i kommentarfeltet! Har du eigne røynsler på feltet, så hiv deg frampå.