Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for november 2006

T-skjorter/juleønskje

Her i det kalde og vindige nord er det ikkje særlig lurt å ha noko glipe mellom buksa og overdel. Difor går eg helst med t-skjorter som er så lange at dei overlappar, det vil seie at eg kan stappe ho ned i buksa. I mi samling av t-skjorter er det ein del som berre er i bruk om sommaren, dei er litt meir fargerike, kroppsnære og kortare enn vintert-skjortene. Eg oppdaga ganske fort at eg hadde litt for få vintert-skjorter. Dei eg brukar for tida er:
– ei blå utvaska Peak-t-skjorte som eg fekk brukt av Kenneth for nokre år sidan,
– ei kvit frå Gerswin Hotell i New York. (Dersom du nokonsinne har tenkt deg til New York kan eg tilrå dette «indi-hotellet» på det aller sterkaste.)
– ei kvit med spansk tekst frå ein aids-kampansje i år 2000,
– ei svært utvaska grå Rocky-t-skjorte. (Rocky som i H&M sin ungdomskolleksjon.)
– ei brun ei frå Kjeringi Open 2003,
– ei kvit med logoen til Norrøna på rygg og bryst,
– ei raud med stretch som opprinneleg var tenkt som sommar-t-skjorte

Dersom det er spørsmål vedrørande kleskåpet mitt eller innhaldet, kan dei stillast på e-post.

Advertisements

Read Full Post »

Observert og notert

70o og nokre minutt nord, klokka 2029 såg eg ein goth-svenske med Matrix-frakk som synte nokre andre korleis ein på ein snedig måte kunne leggje saman ei t-skjorte. Eg vel å kategorisere denne postinga ikkje berre under «sett og saksa» men også i «samfunn». Til ettertanke.

Read Full Post »

Emulsjon

På sundag var me samla ein heil gjeng til julesnopverkstad hjå T og A i Panorama. Eg hadde førebudd eit prikkfritt arrangement men ikkje alle viste seg oppgåvene verdige.. Vi laga fire typar trøflar og ein marsipanrull og ein sak med corn flakes.

S og E i full rulle.

Ein emulsjon. Væske i feitt. Eller fløyte i sjokolade (Valrhona Guanaja).

250g sjokolade (Valrhona Guanaja)
90g kremfløyte
20g cointreau
80g honning
rive skal av 2 mandariner

Kok opp fløyte, honning og mandarin. Tilsett cointreau. Tøm væska over sjokoladen. Rør om til du har ein jamn og glatt emulsjon. La stå til dagen etter. Bruk to teskjeier og lag passande klupar på eit bakepapir. Sett kaldt. Rull til jamne kuler. Dypp i temperert sjoklade og deretter i kakaopulver.

Read Full Post »

Read Full Post »

Det er den tredje torsdagen i november. Det betyr at franskmenn og frankofile verda over spring til vinutsal for å skaffe seg litt banansmakande middelmådig raudvin som berre er eit par månader gamal. Beaujolais Nouveu er den årets vin frå distriktet Beaujolais og druetypen er gamay. Kanskje ikkje like stor og verdsomfemnande tradisjon som det ein gong var, men det kan vere noko å tenkje på om du vil byggje deg eit image som frankofil.

Read Full Post »

Høyrer du rev(elj)en?

Ettersom dei no er i ferd med å trappe ned bemanninga på Melkøya er det rev som er den dominerande livsformen her i byen. Det er stadige samanstøyt med revar og det er berre så vidt vi ikkje har køyrd på nokre med bil eller sykkel. Ein tidleg morgon vart eg vekt av ein rev som stod utanfor huset og bjeffa. På Meland står det ofte ein rev saman med Melkøyarbeidarane. Eg veit ikkje om han har teke sikkerhetskurset eller om han er tilsett av Aker eller Tractebel. Uansett, her kjem ein faktaboks om raudreven.

Raudrev eller Vulpes vulpes på latin finnst i store delar av Nord-Amerika, Eurasia og i Australia. Han er mellom 58 og 80 cm lang og veg mellom 5 og 15 kg. Maten er fuglar, insekt, små pattedyr, egg, gnagarar, frukt, bær og matavfall. Tispa er drektig i 51 til 53 dagar og får i gjennomsnitt 5 ungar. På slutten av 1800-talet og byrjinga 1900-talet var det populært med revepels som statussymbol og det vart vanlig med oppdrett av rev. Reven kan få skabb, som er ein midd som borar seg inn i huda og legg egg. Det vert kløe og reven mistar pels. Etter 3 til 4 månader døyr som regel reven av utmagring, infeksjonar eller uttørring.

Read Full Post »

Bulldetektor

I dag såg eg den artige, morbide og franske filmen «Delicatessen» frå 1991 av Marc Caro og Jean-Pierre Jeunet. Jeunet står også bak filmar som «Amelie» og «En langvarig forlovelse» og det er ein del filter og verkemiddel som er sams for alle filmane. Noko festlig eg la merke til var ein dings som skurken i filmen fekk tilbod om å kjøpe, nemlig ein «détecteur de connerie» eller på godt norsk – bulldetektor. Tilfeldig at Dum dum boys sin fyrste song på plata Transit frå 1992 heiter Bulldetektor? Neppe!

Read Full Post »