Husbanken hadde vore så grei og delt ut gratis konsertbilettar til byen befolking. Me takka ja og stillte opp saman med Knut og Elin, ungdom, born, fulle menn i scooterjakke, eldre og dansande ektepar. Sivert Høyem song djupt og reint og bandet spela godt. På «Lift me» hadde dei hanka inn lokale Tone Kristoffersen, og ho klarte seg finfint.
Archive for februar 2006
Madrugada-konsert
Posted in Musikk on februar 28, 2006| 1 Comment »
Hardkøyr før fasten
Posted in Tant og fjas on februar 27, 2006| 2 Comments »
No har eg vore med å spela innebandy med kona nokre vener i to dagar på rad. Det ser ut til at det kan verte ein fast aktivitet på sundagar. Helse og form er altså på god veg oppover etter eit halvår i nord utan mykje fysisk fostring. Eg fekk i dag til og med høyre frå ein ukjend kar som eg var på lag med i innebandy at eg hadde god kondis! Slikt varmar ein slapp søring som for ein gong skuld sveittar litt.
Ah, frihelg!
Posted in Bøker, Film, Gastronomi, Tant og fjas on februar 24, 2006| Leave a Comment »
Pannekaker til middag og Sopranos på DVD i sofakroken. Ah! I morgon skal vi gjere unna litt gourmetgumling sidan fasten snart er over oss. Då får vi prøve å leggje av oss hedonisten for ei stund, og komme attende med nye sprell og meir god vin. Eg har også skaffa meg Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelse som hjemsøkt vårt land, og vonar å lese litt i den i helga. Det er ruskevær og inneaktivitetstid.
Ekstremsport nesten utan utstyr
Posted in Tant og fjas on februar 18, 2006| Leave a Comment »
I går var Ingeborg på besøk til Thomas og Anette. Eg jobba kveld og kom oppom etterpå. Vi fann ut at vi skulle gå heim til Rypefjord. Det vart ein strabasiøs tur i kuling motvind og sju-åtte minusgrader. Vi hadde følgje av bergensarane Karianne og Kristian. Då var det jammen godt å komme heim til varmen. Kanskje vi tek bilen neste gong..
Skihelg i Alta
Posted in Gastronomi, Tant og fjas on februar 13, 2006| Leave a Comment »
Vi er heldige som har nokre vener bak fienden sine liner (Alta). På laurdag var det tur til skibakken i Rafsbotn og eg fekk testa dei nye bindingane mine for fyrste gong. Dei funka fint og vart montert på plater på K2 Public Enemy-skia til Bjørnar. Det var ScottyBob-demodag i Rafsbotn og eg fekk prøve nokre Fat Bastard-ski. Lette og spanande, men ikkje like stabile i djupsnø som Folkefiendane til Bjørnar. Ein kjempedag i bakken med fine snøtilhøve og sol og gode greier.
G og B hadde litt tjuvkjøpt kongekrabbe i frysaren og eg laga til litt krabbe- og uerrull med paprikasaus og fennikel til forrett. Til hovudrett vart det kyllingballotine med brokkolipure, aromasopp og sjysaus. Desserten som kom til kaffien var lime- og muscouvado-crême-brulee.
Sundagen vart stort sett brukt til å sjå på OL-sendingar..
Ser du sola du Ola..
Posted in Tant og fjas on februar 9, 2006| Leave a Comment »
Jippi! I dag såg eg sola for fyrste gong!! (På ei stund altså..)
Vareteljing
Posted in Gastronomi on februar 3, 2006| 7 Comments »
Det var tid for opprydding i sjokoladeskåpet. Eg fekk ein del sjokolade av svigerfar til jul, han hadde vore på eit raid på Schipol, og denne måtte plasserast i påvente av konsum. Sidan eg fyrst var i gong med opprydding og sortering, eg sortere etter merke og årgang (!), kunne eg likesågodt vege sulamitten og det viste seg at vekta vår ikkje går lenger enn til fem kilo. Det var endå litt att på benken som ikkje kom med på vekta.. Dersom nokon skulle forville seg på besøk til oss her nord skal det ikkje stå på sjokolade, for å seie det sånn. Eg hadde for nokre dagar sidan ei vertikalsmaking av Valrhona Ampamakia (årgangssjokolade med kakao frå ein einskildplantasje på Madagaskar). Ã…rgangane 2003, 2004 og 2005 var representert. 2003 var best.
Ta deg eit legebesøk!
Posted in Tant og fjas on februar 3, 2006| Leave a Comment »
Eg kan på det sterkaste tilrå å ta turen innom http://www.ufjelg.org/drmunk, her treng du ikkje vere redd for å få skumle medisiner eller ekle diagnoser. Dette er eit ope forum for ein førebels liten krins, med småstoff, kultur, musikk og politikk. Nyaste oppslag no er DrLeiv sin siger over ein telefonseljar. Dette er kvardagspoesi som alle kan gle seg over!
Register today, and become a writing member of this lovely community!
Tromsø, oppsumering
Posted in Musikk on februar 2, 2006| 2 Comments »
Eg fekk altså med med filmane Pingvinenes marsj og Oljeberget. Fine beggje to. Oops, ein ørliten palatalisering der. På sundagen var det konsert i Ishavskatedralen med Iver Kleive, Knut Reiersrud og Vokal Nord. Fine greier. Sakralt, profant og crazy. Eg tok Hurtigruta M/S Finnmarken attende til Hammerfest. Lugar med TV og greier. Ah, fint. Såg på underlege program på Discovery Channel. Det vert nok ei stund til neste gong..