Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for april 2007

Ai ai ai! Deilig å endelig å breake 60 på sykkel igjen! Etter 19 månader med vind frå sør, fekk eg i kveld faktisk medvind opp Klinkastupet. Og ned Kubakken klarte eg altså å trø doningen opp i 60. Sweeeet! No er eg sliten og skal unne meg nokre glas Pomerol.

Read Full Post »

Jepp. Då var giret nokonlunde justert, det funka bra, og formen var ikkje uventa temmeleg dårlig..

Eg gav meg i veg til byen og snudde ved Rimix. Det kjendest ikkje som om det var vind heller. Men då eg hadde snudd og skulle oppover Klinkastupet kan du ta all verdas gift, frå harmlause D-76 via Suma Grill til arsenikk, på at det var motvind. Vondt i rompa var det og. Ja ja, det gjer seg vel til sumaren..

Tjo hei!

Read Full Post »

Shift4

4 skifter. Plutseleg var det sykkelsesong. Og sykkelen min var ikkje i stand. Hm. Etter ein telefon til min sykkeltekniske konsulent B i Alta, fekk eg det føre meg at eg skulle setje sykkelen i stand. I kveld. Eg hadde liggjande nye girsjaltarar og nytt bakgir frå Sram, som eg vart lurt til å kjøpe av nemde B i fjor haust. No er det altså grip-shift frametter. Eller X-9 Twist shifters, som dei no heiter. Eg har altså gjort fire skifter. Frå Shimano til Sram. Frå Rapidfire-trykkegiring til Twist-shifer-vrigiring. Frå 2:1 utveksling i girdrag til 1:1. Frå gamalt og slitt til nytt og skinande. No gjenstår berre finjustering..

Read Full Post »

Musikk til helgestart: The Shins/Morrissey (1)
Sjokolade: Kina i skåpet/Domori Porcelana i kjaken.. ah! (2)
Vin til kvelden: Gattinara 2001, Italia/Bourgogne Pinot Fin 2004, Frankrike (3)
Helgelesestoff: Dag og Tid/Samtiden nr1, 2007 (4)

Noter:

1. Plata Wincing the night away er The Shins si nyaste, og finfin å låne øyra til. Morrissey høyrde eg på Øya-festivalen i fjor sumar og frå den siste plata, Ringleader of the tormentors, er det nokre fine songar med polemiske broddar i fleng.

2. Sjokoladen Porcelana (70 % kakao) frå den vesle produsenten Domori er laga på kakaobønner frå plantasjen San José på halvøya Paria aust i Venezuela. Opprinneleg fann Domori denne sorten i Andesregionen i Venezuela og har poda nye kloner på plantasjen sin i Paria. Sjokoladen har den karakteristiske voksaktige teksturen til Domori, som kan skuldast svært kort konsjetid.

3. Desse to vinane har eg drukke nokre gongar før, med hell. Gattinara-en kjem på ei spesiell flaske designa av produsenten (Travaglini) i 1959. Produsenten bak Bourgogne Pinot Fin er Robert Arnoux, som har dei fleste av vinmarkene sine i kommunen Vosne-Romanée. Vinmakar er svigersonen Pascal Lachaux.

4. Dag og Tid kom denne veka på fredag. (Takk Posten BA). Ragnar Hovland skriv på innsida til dømes om countryrock. Samtiden er komen i ny bunad og eg samanliknar han med ein blanding av rettleiinga til sjølvmeldinga og norskboka Slik skriv vi, som eg brukte på barneskulen på åttitalet.

Read Full Post »

Ja, vi hadde no belaga oss på at våren var komen. Før påske har det vore opp mot 10 grader, sol og regn og nesten all snøen har smelta vekk. Men neida, no er det snøføyke og minusgarder att.

Godt vi har fått oss sesong 4 av Sopranos..

Read Full Post »

I dag vart det sett ny fartsrekord for ikkje-svevande tog i Frankrike med 574,8 km/t. Det var ein ny togtype frå Alstom Transport som køyrde ein tur for å teste litt komponentar. Det nye er ein såkalla Jakobs-boggi med motorisering, ein konstruksjon der to vogner kviler på same boggi. Det er ein boggi mellom fyrste/andre mellomvogn og andre/tredje mellomvogn. Dersom dette fungerer, vil det kunne føre til reduksjonar i tyngde og luftmotstand i høve til andre høgfartstog.

Sjå toget gjere fartsrekorden mellom Paris og Strasbourg.

Read Full Post »

Vel, eg har no ikkje påskeferie endå, men det har no roa seg, og kona er i feriemodus. I går kveld var det konsert med Jan Eggum og Tonje Unstad med komp frå bandet Link. Finfint med litt viser på laurdagskvelden. Men Eggum må snart byte ut dei gamle vitsane sine..

Elles er det innevêr og slapp stemning. Eg driv og legg inn vinkjellaren på Excel og kona lagar tyttebærchutney. Det er altså ein eim av vineddik i lufta og frå cd-spelaren kjem fine tonar frå Josh Rouse, Marvin Gaye og Tammi Terrell, William Hut, Tonje Unstad og Elvis Costello.

Kanskje set vi på ein film snart. Truleg vert det De andres liv. Det har ikkje vorte så mykje vin denne helga, men eit par glas med ok Undurrago Cabernet på Qa i går vart det. Det står ei flaske Eitelsbacher Karthaüserhofberg Riesling 2006 og ventar i boden. Mmm… etwas für dei Saurenfreaks!

Det kan til og med hende at det vert litt trim på onsdag. Det hadde gjort seg.

Read Full Post »