Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juli 2006

Dorging i Ersvika

.. men null sjørøye..

Litt kattefisk.

Read Full Post »

Vestfinnmark ein fredagskveld seint i juli: 8,6 grader, duskregn og lett bris. Eg er innandørs og kosar meg med litt raudvin frå Frankrike, ein Chambolle-Musigny 2003 frå Jacques-Frédéric Mugnier. Kva er det slags vin, tenkjer du kanskje? Vel, hadde eg skrive at eg sat og kosa meg med ein pizza Grandiosa, hadde det ikkje vore naudsynt med så mykje forklaring. Då hadde dei fleste visst at det dreia seg om eit produkt med aner frå Italia som ein finn i frysedisken, at den veg om lag 580 gram, er produsert på Stranda og at den vanlege varianten har tomatsaus, skinke, ost og paprika og at det tek om lag tolv minutt å steikje pizzaen ved 225 grader. Denne vinen derimot..

Eg trur vi må ta ein faktaboks.

Faktaboks.

Vi er i Frankrike, i vindistriktet Bourgogne som ligg mellom Dijon i nord og Lyon i sør. I det beste området (Côte d`Or) er det eit svært detaljert appelasjonssystem. Det er mange vinkommunar som ligg på rekkje i ein lang slak skråning. Innanfor kvar kommune er det mange namngjevne vinmarker, og desse kan i større eller mindre grad setjast på etiketten. Det er avgrensa kor stort utbytte det er lov å ha per hekar vinmark. Men her er det rom for grine seg til litt ekstra. (Ein «regel» kalla PLC. Dette kan eg prøve å svare på munnleg, om du treff meg ein dag og lurer.)

Vinen Chambolle-Musigny 2003 kjem frå kommunen med same namn og er altså ein kommunevin. Druene kan då kome frå kvar som helst innanfor appelasjonsgrensene. Druesorten er Pinot Noir. Mugnier produserer årleg 3-7000 flasker av denne vinen. Druene kjem frå vinmarkene Les Plantes og La Combe d`Orveau. Han eig i alt 4 hektar vinmark og samla årsproduksjon er om lag 15000 flasker. For smaksnotat sjå vinpressa.no.

Ganske dyr vin, men til samanlikning kan eg nemne at eg kjøpte ein fargepatron til blekkskrivaren vår i dag. Literpris på innhaldet: 21176 kroner..

Reklame

Read Full Post »

Sumaren let vente på seg her nord. Sykla heim frå byen i dag og skulle ønskje eg hadde teke med vottar! Motvind og 8-9 grader er ikkje så kjempekjekt i lengda. Men snart fer eg sørover mot shorts-ver, is og bading. Ah..!

Read Full Post »

Ja, så har eg mista nok ein 12 grams Sølvkroken Spesial. (Den fjerde i sommar?) Men denne gongen sat den ikkje fast i botnen, men i munnviken til ein om lag 2 kilograms aure. Eg fekk han heilt inn, men då eg skulle løfte han på land, rauk snøret. Det er med andre ord på tide at Håvard får seg ein håvar eller i allefall håv, slik at eg får håva i land fangsten. Ja de kan berre hovere over mitt hovmod. Neste gang..

Read Full Post »

Her kjem beviset. Dette er teke etter 14 dagars sparing.


På haka og i barten gror det fint og ganske tett.


Men som de ser er det tynt her på sida. Vonar det vil ta seg opp..

Read Full Post »

Jau, ryktene er sanne! Eg prøver å samle til skjegg. Som dei som kjenner meg sikkert skjønar, vert dette ei langdryg afære. Det veks seint og ujamnt. Ikkje er det så tett heller. Men eg har halde på no i godt og vel to veker, og har ikkje tenkt å gje meg med det fyrste. Følg med i den spanande følgjetongen om Håvard og skjegget.

I morgon: dei fyrste bileta! Papp pa pa pa pa paaaaaaaaaa!

Read Full Post »

Kortreist mat

På laurdag hadde vi gleda av å verte invitert til middag hjå Thomas og Anette med ingrediensar frå sjøbotnen utanfor Strømsnes, 6 km frå der vi bur. Thomas og faren hans hadde dykka og henta opp alskens godsaker. O-skjel, haneskjel, sneglar og kongekrabbe vart servert gratinert, grilla og dampa. Mmm.

Read Full Post »

Ja, så har eg endeleg fått meg ein Cosina CX-2. Kjøpt på fransk Ebay frå ein kar i Barcelona. Dette fotoapparatet frå 1982 vart kopiert av den sovietiske Lomo-fabrikken, og har sidan slutten 90-talet gjort stor suksess som kultkamera. Lomo LC-A fekk diverre aldri nokon motor, men det gjorde Cosina CX-2. Veldig tøft på eit så lite kamera! Men ein kan ikkje halde nede utløysarknappen, men sleppe opp for kvart skot.

Vrooom! Med motor og sjølvutløysar på 8 sek.

Likskapen mellom original og kommunistisk kopi er stor.

Read Full Post »

O-fag

Solotur i går i nydeleg sumarver. Byrja i Reindalen og vidare til Steindalen, Steinfjellet og til Rikardvann. Der vart det fisking. Fekk fisk på fyrste kast! Ok storleik, men han fekk leve vidare. Etterpå fekk eg tre som var litt mindre. Tok vonaleg fine bilete på ljosbiletefilm frå Agfa. Då eg skulle returnere til sivilisasjonen tok eg mot Storfjellet og gjekk ned alpinbakken, over Prærien og Hyggevatn og ned Blåbærlia til Storvannet. Derfrå opp Baksalen, Blinken og Sukkertoppen, ut ein port i reingjerdet og under Tyven og heim att. Var sliten og lett solbrend. Av fauna eg såg på turen, kan eg nemne rype, rein, aure, mygg, måse, og tyvjo (daud).

Read Full Post »