Posted in Samfunn, Tant og fjas on oktober 27, 2008|
1 Comment »
Eg var ein tur heimom gamlingane i Sunnfjord, som det høver seg for ein god son. Og her regna det like mykje som eg hugsar frå barndomen. Bergen har ufortent fått stempelet som byen med mykje regn, for eg må seie at regnet i Førde er våtare, kaldare og meir intenst. Eg var i sentrum og trilla rundt med Aili i vogna, og på veg til Kvernberget i Halbrendslia måtte eg innom Jarles Gåvesenter for å få litt varme i meg og sende ei tekstmelding. Etter tre år i ultima thule (Hammerfest) skulle ein tru eg var immun mot litt ruskever. Men der var det altså primært motvind som var faktoren. Eg må altså gjennom ei «vestifisering» for å kome attende til tilstand der eg kan gå lett smilande i fem grader og tungt regn i timesvis. For det kan bli naudsynt, skal vi tru klima- og verprognosar for framtida.
Read Full Post »