Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juli 2009

Våren 2004 vart det innført nasjonale prøver i grunnskulen, og dette var meint å vere eit kvalitetsikringsverkty for lærarane og skulane. Nokre meinte at med offentleggjeringa av prøvene så vart dette ein ny gapestokk. I nærleiken av heimen til mine foreldre i Førde har nokre sett opp skilt som er noko vel ærlig om nivået til borna.

Bilde050

Reklame

Read Full Post »

Det er ikkje så uvanlig på prøve å plassere kvar folk kjem i frå ut i frå dialekten. Det hender rett som det er at eg har gjester med noko over gjennomsnitt evner på dette feltet, som seier til meg; «Du er ikkje vossing?» eller om dei er endå dyktigare; » Er du sunnfjording?»

Men her ein dag vart eg altså teken for å vere sunnmøring. Dette hender jo rett som det er, og eg har då ikkje så mykje imot sunnmøringar at eg hissar meg opp over slikt, men ofte seier eg no at, he he, nei der tek du nok feil, eg er sunnfjording. Men det som var spesielt var han ikkje tok utgangspunkt i dialekten min, men sa noko sånt som; «Det var noe med hodeformen din som fikk meg til å tro at du var sunnmøring». Der stod eg altså, og eg vart så forfjamsa at eg gløymde å setje kryss i taket og almanakken og notere tidspunktet, men uansett vart eg for fyrste gong snakka til av ein frenolog. Frenologi er ein noko forelda lære om korleis sjelseigenskapar er plassert i hjernen og korleis dei påverkar hjernens fysiske struktur. Dette kunne visstnok avlesast på hovudforma. At eg hadde hovudforma til ein sunnmøring var nytt for meg. Dersom vi ikkje går veldig lang attende i slektsledda, så har mine forfedre halde seg i Nordhordaland og indre Sogn, eller kremen av Vestlandet, i lang tid bakover. Så dette med Sunnmøre må byggje på ein feil.

Det viste seg at «frenologen» arbeidde som turistguide, så dette med frenologi var kanskje berre ein hobby. Men som turistguide har han jo ein gyllen muligheit til studere hovuda til dei ulike nasjonalitetane, eller «rasane» heiter det vel i frenologien, han guidar rundt i fjord-Noreg.

Read Full Post »