Sjenerøse Atle Nielsen har via plass til både far og son i siste BTmagasin dette året og med det vart det 3 – 3 i kampen om fyrstemann til tre lister mellom far og son. Fattern si liste var vel av ålmenn interesse, medan mi liste over beste LEGO-katalogar må vel vere på nerdekontoen. Takk allikevel og så får vi sjå om det vert millionvinst på FLAX-lodda..
Archive for desember 2004
3 – 3 på tampen av året
Posted in Bli steinrik i ein fei!!, Tant og fjas on desember 31, 2004| 2 Comments »
13 til bords..
Posted in Tant og fjas on desember 31, 2004| 5 Comments »
Etter mykje om og litt men, har vi no vorte 13 som skal innta litt mat og drykk i vår ringe heim i kveld. Det vert servert ein liten «best of»-meny. Det vert tilrådd øl, manzanilla eller fino sherry, eller ein lett raudvin.
Proletaren har og bakt ei kake med eksperimentelt innhald. Det ryktast at Trude også har bakt..
Vel møtt til dei innbydde.
2004 – eit julebrev
Posted in Tant og fjas on desember 19, 2004| 5 Comments »
«Så vänder vi på bladet, och vad hittar vi vel der?» (The real group – Köp dig ett ord, Original 1996)
Normalt er våren i Bergen bra greier, men grunna litt dårleg vårver trur eg at haustsemesteret vinn dette året. Men vårsemesteret hadde då ein fin bunke med gode opplevingar. Og så er det jo alle fridagane. Kona og eg reiste til Alta i februar og vitja syster/svigerinne Ã…got på Øytun Folkehøgskole. Der vart det litt skigåing. Eg fekk også nokre turar i skitrekket på Voss denne vinteren. Turar heim til gamlingane i Førde har det vorte mindre av. I Påska var eg mest på hytta. Etter ein tur i Hodlekve vart eg rekordsolbrend og det gjer eg ikkje att. I mai hadde Ingeborg nokre eksamenar, slik studentar ofta har. Eg arbeidde før 17. mai 34 timar i strekk, slik arbeidarar ikkje ofte gjer. I slutten av juni reiste Ingeborg og eg på interrail til Barcelona, Avignon, Tain l`Hermitage, Lyon, Rüdesheim, Winningen, Cochem, Bernkastel-Kues, Trier, Luxembourg, Antverpen, Amsterdam, Ã…lborg, Hirtshals, Kristiansand.
Det er fint i Europa og så kan ein smake vin og kjøpe sjokolade og sko.
Resten av sumaren var eg i Bergen og bada på Nordnes og kasta freesbee.
«There is a time for every purpose under heaven» (The Byrds – Turn turn turn, Turn! Turn! Turn! 1965)
Har hatt nokre fine turar denne hausten. Masfjorden med vener. Segltur med studentkyrkjelyden til Skotnes. London (Chocolate Week) og Brighton (vitje Leiv og Oda). Det har også vorte nokre konsertar. Vener har vore innom og vi har ete god mat, drukke vin, ete sjokolade, drukke kaffi. Det har vore lite vaffelsteikjing. Men det kan vi gjere noko med. Eg har begått litt fysisk fostring p� tysdagar og torsdagar, men ikkje nok til at eg vil kome i blad. Ingeborg er flittigare. Nuvel. Til slutt vil eg ha ei oppsummering av året i lister. For dei som vil gå i djupna på det som har skjedd denne hausten, kan de berre lese postingar i bloggen.
Teaterstykke eg har sett:
En midtsommernatts drøm (William Shakespeare)
Ved kattemyra (Marina Carr)
Sugar (Peter Stone og Bob Merrill)
Familiefortellinger (Biljana Srbljanovic)
Darwin in Malibu (Crispin Whittel) (sett på Hampstead Theatre i London)
Vildanden (Henrik Ibsen)
Pippi Langstrømpe (Astrid Lindgren)
Putemannen (Martin McDonagh)
Musikk eg har vorte kjend med:
Flying Burrito Brothers
Greatful Dead
Gillian Welch
Allman Brothers
Dungen
Karate
The Jayhawks
Fountains of Wayne
The Soundtrack of our Lives
Filmar eg har sett som var gode:
House of sand and fog
Beautiful country
Lost in translation
Farenheit 9/11
Citizen Berlusconi
The revolution will not be televised
The Incredibles
Motorsykkeldagbøkene
Hawaii, Oslo
Konsertar eg har vore på:
Ai Phoenix
MAO
Span
Love (med Arthur Lee)
Standing Ovation
Datarock
The International Tussler Society
Phoenix
Mathias Tellez
Goddamit
Soundtrack of our lives
Nye sjokolademerker eg har prøvd:
Michel Cluizel
Pierre Marcolini
Amedei
Domori
Grenada Chocolate Company
Chocovic
Enric Rovira
Bonnat
Pralus
Venchi
Scharffen Berger
Vinar eg har smakt:
Georg Breuer Sauvage Riesing 2002
Georg Breuer Rüdesheim Auslese 2002
Georg Breuer Spätburgunder 2002
Chapoutier Hermitage Monier de la Sizeranne 2001
Chapoutier Rivesalte 1985
Chapoutier Rivesalte 1998
Cave de Tain Hermitage Hermitage 2001
Cave de Tain Hermitage Crozes Hermitage 2001
Laroche Chabils
Smith Woodhouse LBV 1994 (portvin)
Sandemann Old Invalid Port
Sandemann 20 years old Tawny
Henriques & Henriques 10 years Malmsey (madeira)
Guigal Cotes du Rhone 2001
Marques de Ca¡ceres 2000
Bøker eg har lese:
Stig Sæterbakken – Kapital
Michael Ende – Den uendelige historie
Bjørnar Pedersen og Egil Birkeland – Hillman Hunter
Ragnar Hovland – Alltid fleire dagar, Sveve over vatna, Dr Munks testamente, Vegen smal og porten trang, Under snøen, Professor Moreaus Løyndom, Utanfor sesongen, Sjølvmord i skilpaddekafeen, Jakta på salamanderen, Paradis, Eline og Julie tar ferja, Ã…leine i Alpane
Gunnar Staalesen – Ansikt til ansikt
Michael Moore – Hjelp, hvor er landet mitt?
Tal ljosbiletefilmar teke i år:
ca 22
Tal svart/kvit-filmar teke i år:
ca 15
Laurdagsmorgon i advent
Posted in Tant og fjas on desember 18, 2004| 1 Comment »
Proletaren har arbeidd ei natt, men har allikevel invitert ein bråte folk på frukost. Så får vi sjå kor mange som kjem..
Det er også fyr i peisen. Endre vert oppmoda om å ta med skanneren. Andre har kanskje med litt pålegg. Nokre kjem kan hende med ein nyskriven song? Det kan verte trangt. Varmt skal eg i allefall ha det, om ingen kjem.
Det vert eit rotterace!
Posted in Bli steinrik i ein fei!!, Tant og fjas on desember 12, 2004| 2 Comments »
Ja så fekk altså fattern inn ei liste i går. Eg har ikkje jobba hardt nok og sleppt inn baklengs. Skal dette verte avgjort før jul eller må vi vente til etter nyttår? I og med at dei neste laurdagane fell på jolafta og nyårsafta er eg usikker på om BT skal gje ut vanleg laurdagsavis med magasin eller om det kjem ut avis i det heile? Kanskje vert det fredagslaurdagsavis? Spanande vert det i allefall for oss som mentalt er 50 år eller meir, og tykkjer at jolemagien ikkje er like sterk som før Coca Cola fann opp nissen, og jolemarsipanen kom i oktober.
Eg har no vunne 50 kroner på dei fem flax-lodda eg har motteke til no. BT skuldar med fem til, så kanskje..
Ord for dagen
Posted in Observert og klypt, Tant og fjas on desember 9, 2004| 1 Comment »
Ordet i dag er Shea Butter, eller berre shea. Kva er shea? Eg såg at handsåpa vi hadde på badet inneheld Shea Butter, eller Shea smør som det stod i den svenske vaskesettelen. Det er bilete av noko som liknar på hasselnøtter på såpeflaska, men trur ikkje det er det det er. Sjekka alle engelskordøkene vi hadde, men shea stod ikkje i nokon av dei. Etter litt søking på google fann eg at West African Trading Company spesialiserte seg i black soap, shea og afrikanske trommer. Shea var bra for det meste; avslappande for musklar, mjukar opp hud, bra for tørt hår, til hjelp mot influensa, mot UV-strålar, lækjer små sår og ein del anna. Det stod derimot ingen ting om kva shea er for noko eller kvar det kjem frå. Dei har til og med ei FAQ-side der eit spørsmål er; What is shea butter? Men i svaret står det berre om dei helsemesigge føremonene.
Etter meir leiting finn eg at shea er feitt frå nøtter frå planten (treet) Sapotaceae Butyrospermum parkii.
Ja godtfolk, no veit vi det.
Fekk forresten eit blad i posten frå Sverige i dag. Journal Chocolat. Det var berre eit gratis prøvenummer, men det kan vere interresant å sjå kva dei kan få til. Det skal berre kome to nummer i året, og nokre nyhendebrev. Mange gode sjokoladeprodusentar hadde reklame i i bladet. Hadde vore kjekt om ein kunne fått til noko liknande i Noreg. Vi ligg diverre eit stykke bak svenskane på dette feltet.
Dei gamle er eldst
Posted in Tant og fjas on desember 6, 2004| 5 Comments »
Nokre vener var på middag (ja det var fiskegryte, nysgjerrigper) og dei hadde visst kome over ein test på nettet som me måtte prøve. På Spray.no kan du teste din mentale alder. Kameratane mine kom stort sett godt ut av det, medan eg vart 50 år eller eldre. I den samanheng er det berre naturleg at eg sit inne i dag og høyrer på Gillian Welch og drikk portvin.
Ta testen sjølv på:
2 – 1 til sonen!
Posted in Bli steinrik i ein fei!!, Tant og fjas on desember 4, 2004| 3 Comments »
Då er det nytt lag i leiing. Med gamle rifflister så vart det scoring, men no må beggje lag vise kreativitet skal kampen verte avgjord før jul. Eg veit ikkje om fattern har send inn lister i det siste, men han antyda at han var litt i beit for idear. No må eg få send adressa mi til herr Nielsen, slik at det vert flaxlodd før jul.