Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Observert og klypt’ Category

På måndag er det valdagen, men viktigare er det at no byrjar bokhausten! Og for dei som har kika innom ein bokhandel i fylket vårt, så veit de at jau, dei har dei siste bøkene til Jo Nesbø og Anne B. Ragde, men viktigast er nok bøkene om oss sjølve. Turbøker, lokalhistoriske vegvisarar, lokale skrøner, lokalhistorie og prydbøker frå fjell og fjordar. Her kjem eit lite glimt av floraen av bøker du snart vil finne på din lokale bokhandel.

Stig inn, for faen! Portrettbok frå Stig Roger Eide med interjvu av tjue kranglefantar frå fjordfylket. Oddleiv Apneset har teke bileta.

Dei sveisa Sunnfjord saman. Fyrste bok i eit fembandsverk om Ankerløkken og verftshistoria i Førde og Florø. Oddleiv Apneset har teke bileta. Denne vil nok liggje under mange juletre.

Dei brann for Halbrend. Kulturhistorisk vegvisar for Halbrend, Holten og Pernillevegen. Praktbok med mykje spanande frå eldre og nyare historie om Halbrendstraktene.

Stang ut. Hans Jakob Reite med skråblikk på Firda si dekning av lokalfotballen.

Mellom ørekyter og Ålhus. Johs B. Thue si bok om symjeopplæring på Jølster før og no.

Lakabodl! Finn Tokvam og Olav Stedje har reist rundt i Sogn på jakt etter dei største skrytepavane, nolevande og historiske. Oddleiv Apneset har teke bileta.

Sólo dame una señal. Ein spansk studie av signalbygg i norsk samtid frå 2009. Eit lite kapittel om dei planlagde signalbygga i Førde også. Kjem i norsk omsetjing ved Ragnar Hovland på Selja Forlag. Denne vil nok liggje under mange juletre.

Stig oppi gryta. Stig Roger Eide si kokebok for store og små på tur.

Mot toppen i lett fottøy. Arve Sandal si bok med gode tips og innsideinformasjon om dei 75 viktigaste motbakkeløpa i fylket. Uvurderleg for deg som siktar deg inn på topplassering i Gåsenipa Opp eller for å klare merkjet i Dragseide På Skrå.

Elles vil Operaen i Nordfjord setje opp Få meg på for faen, og Sogn og Fjordane teater set opp eit stykke basert på Olaug Nilssen si novelle «Glassnikkaren» frå sjuende klasse på Førde Ungdomskule.

Reklame

Read Full Post »

Nei, ikkje året 1984, men boka. Vi var ein tur heime i trivselsfylket i førre veke, og opplevde det gode gamle regnveret i Førde, slik eg hugsar det frå barndomen. Intenst, men utan bryske seg. Nei, ikkje slikt ekstremregn som vert innslag på fjernsynet, berre massivt fuktig regn som trengjer gjennom, innunder og oppunder regnklede og sko. Slikt regn som får kroppens vassprosent til å stige mot 100. Men det er eit venleg regn, slik at Førdianarar etter nokre år og nokre miliardar millimeter nedbør, lærer seg å setje pris på regnet, og få heimlengt om dei skulle oppleve liknande regn andre stader.

Torsdag 9. juni gjekk eg ned til sentrum frå Brendeholten i det høge, over skoddeheimen. Og regnet det pøsa ned, nett som i gamle dagar. Eller gjorde det det? Ta ein kikk på dette bilete frå Yr.no.

I den ikkje heilt ukjende boka 1984, frå 1949 får vi eit innblikk i eit totalitært samfunn. Hovudpersonen arbeider i Sannhetsministeriet, der han reviderer og omskriv historia slik at ho passar med partiets ideologi og program. Storebror ser alle til eikvar tid med hjelp av Tankepolitiet. Kven som sit på toppen av Meteorologisk Institutt, veit eg ikkje, men det er tydeleg at regn i Førde den 9. juni ikkje passa inn i storebror sin statistikk. Dersom dei som utfører målingane i Førde skulle finne på å «hoppe av», så er eg interessert i finne ut kor mykje det faktisk regna denne dagen.

Read Full Post »

Dersom du ikkje har noko imot svenskar, (106 år etter unionsoppløysinga er det vel på tide å senke skuldrane og gle seg over noko av det dei har å by på), så sikt deg inn på svtplay.se og søk etter grotesco. Festlig humorserie litt i stil med Ut i vår hage.

Read Full Post »

Dersom de har ein ledig 1,5 time til overs, så vil eg foreslå at de kikkar på programmet Kakekongene, som fram til 20. november ligg ute på nrk.no sitt nett-tv.

Som konditor har eg vore borti ein del av elementa som desse må igjennom, men på eit noko lågare nivå. Dei få piece montées eg har laga har også vore noko meir safe, og slett ikkje med slik høgd som desse karane viser fram. Det er litt av ein prestasjon å kome så langt som å få kalle seg MOF(Meilleur Ovrier de France), eller frankrikes flottaste fagmann, innan kondiorfaget. I det mykje meir klassedelte landet Frankrike er det å vere flink på skulen og få seg ei bra (akademisk) utdanning ein sjanse for avansement til eit liv høgre oppe på den sosiale og økonomiske stigen. Skuletaparane kan kanskje få seg ein lærlingplass i eit yrkesfag og gjere som best dei kan i ein hard arbeidskvardag. I nokre yrke er det dog ein moglegheit langt i fjerne, til å kome seg opp, fram og i det (populære) søkjelyset. I det matglade Frankrike vert dei ypperste kokkar, konditorar og bakarar beundra og nærast tilbedd. No kjenner eg ikkje bakgrunnen til desse som er med i programmet, men det er nok også nokre av dagens matstjerner som begynte i rennesteinen. Ein av det franske kjøken sine grunnlegjarar, Marie Antoine Carême (1784-1833), vart forlaten av sine foreldre for å klare seg sjølv. Yrkesstoltheit og savoir faire, er noko heilt anna i Frankrike enn i Noreg.

Read Full Post »

Daglegvarekjeden Coop, er i følgje reklamen, «litt mitt».  Tydeligvis eig ikkje eg eller andre vossingar  nok til at vi kan få nynorsk i butkkane her i nynorskkommunen Voss, det er vel viktigare å konkurrere på pris. Alikevel tek dei seg råd til nokre feite vendingar i omtala av eit magert produkt. Kanskje litt smør på flesk? Vel, ein kan ikkje gjere alle til laks.

Read Full Post »

Originalen, kjøpt i Oslo for ti år sidan.

Slik han er i dag. Bremsehendelen Ultimate V-chip, vart kjøpt på bryllaupsreise i Stockholm i 2002. Hjula er tinga frå Cyclecomponents si teneste Wheel builder ™, som dei no diverre har kutta ut. Kva skjedde?

Read Full Post »

No seier målestasjonen i Voss sentrum at det er -23 grader. På yr.no melder dei at temperaturen på Voss frå klokka 14 – 18 skal vere -10 grader. Korleis ser dei for seg at temperaturen kan stige 13 grader på fem minutt er for meg ei gåte.

Eg trudde at litt av vitsen med å ha vervarsling på internett var at ein kunne oppdatere varsling undervegs, for slik å kunne melde eit meir korrekt ver. Med god gamaldags vermelding på på fjernsyn, kan jo versitusjonen endre seg ganske mykje til neste gong ein ser ei melding. No ser det ut som om alle vermeldarar som arbeider for yr.no har teke ut ferie i januar. Vonar dei har fint ver der dei er…

Read Full Post »