Nokre kveldar skjer det uventa saker. I går på jobb kom det plutselig inn tre franskmenn busett i Stavanger, som var på skihelg på Voss. Dei hadde høyrd om kjellaren på Park og ville gjerne ta ein kikk i han. Det fekk dei og det vart tinga gode vinar. Det viste seg også dei var frå kvart sitt vindistrikt i Frankrike! Jean-Luc frå Alsace, Pierre-Yves frå Loire og Michel frå Jura. Det vart då etter kvart vin frå både Loire og Alsace, men frå Jura har vi faktisk ikkje ei einaste flaske, trass i ei samling på om lag 70000.. Men eit par flasker frå nabodistriktet Bourgogne var ingen dum idé.
Vosne-Romanée Cuvée Duvault-Blochet 2002, Domaine de la Romanée-Conti. Elegant, lys, ganske tilgjengelig, karamell og sous bois. Volnay-Champans 1997, Comte Lafon. Frå eit vanskeligare år. Litt grovare tanniner, litt grøne aroma og rustikk i høve til Vosne-Romanée-en. Men ein vin med karakter. Frå Loire og chenin blanc-drua: Patrick Baudouin Vin de Table Maria Juby 2002, søt vin frå Côteaux du Layon, konsentrert, flott syre, superfruktig og med eit lite sandsteinpreg. Frå Alsace, kveldens raraste vin: Riesling Selection de Grain Nobles 1983, Trimbach. Halvsøt vin med typisk rieslingsyre, men eit særmerkt preg av ost og sopp. Utrulig spanande, men kanskje meir interessant enn god?