Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Samfunn’ Category

Året overgang: Flytta frå Voss til Førde. Slutta som vinkelner og byrja som bakar. Frå Grand Cru til grovbrød. Frå kveldsjobbing til tiiiidlig opp.

 

Ungane er søte, men sit sjeldan stille.. Her sat dei i allefall i ro i 1/60 sekund.

Lik ettersmaken av ein fløyelmjuk burgunder, kverv minnet om sjølv den beste vin med tida. Men nokre syrefriske set då spor i den mentale harddisken. Nokre gonger vert det skribla ned smaksnotat, andre gonger endåtil blogga om minnerike vinar. Svært mange av dei mest minnerike er så sjeldne og dyre at dei nok aldri vert smakt igjen, og det kjennest litt dumt å ikkje kunne formidle opplevinga i ord rike nok til å romme denne smakseksplosjonen. Men slik er det vel. Nokon har sagt at å skrive om vin, er som å danse om arkitektur. To som skriv bra om vin er Ole Martin og Rune.

Når ein skal til topps, er det som regel slik at fjellet kjem ikkje til deg, men du må gå til fjellet. I år var eg så heldig at fjellbygda Voss fekk besøk av eit par toppar. I januar kom Dirk Niepoort og Lois Seabra innom og mykje god vin vart servert. Eg fekk også invitasjon til Porto og Douro. I mars fekk vi besøk av Etienne Grivot med familie, frå Domaine Jean Grivot. Det vart ei flott smaking  av vinar frå Vosne-Romanée  og Nuits-Saint-Georges frå kommune- til Grand Cru-nivå. Mellom høgdepunkta var ein 1. cru Aux Reignots 99, rik, fruktig og litt utypisk Vosne. Laga i berre 300 flasker..

Lista:

Årets Champagne: Det vert nok Jacques Selosse VO, servert saman med mykje anna god vin og familie i Gøteborg. Runner ups er ein flott Roger Brun Cuvee des Sires la Pelle Extra Brut 2004 på Sandane og Selosse Vintage 99, servert til Niepoort og følgje i januar.

Årets beste gjensmak: Leroy Vosne-Romanée 04, då hyggjeleg Sunnmøring gjesta hotellet.

Årets vertikal: Ikkje noko vanskeleg val, dette. Servert på Quinta de Napoles i april. Niepoort Colheita 1937, 1934, 1912, 1900 og 1863. Sjeldan gamal vin vore så vital!

Årets eldste: Også frå Porto-turen. Servert utpå kvelden på avslutningsmiddag i lageret i Vila Nova de Gaia. Ein Niepoort Vintage frå 1840-åra, litt usikkert eksakt årgang. Bar preg av å vere på hell, men absolutt drikkbar. Det kan ein ikkje seie om alle 170-åringar!

Årets siste vin frå kjellaren på Park: Chateau de Fonsalette 2001. Også ein av årets beste raude. I selskap med gode kollegaer.

Årets mest oppløftande Loire chenin blanc-vin: Patrick Baudouin Anjou Les Saulaies 08.

Årets høgdepunkt frå eigen kjellar: Fourrier Gevrey-Chambertin VV 02. Løftar seg over vanlig kommunenivå. Elegant til Gevrey å vere. Forførande og smooth. Heldigvis har eg ei til.

Årets beste kvite: Mykje godt, men trur nok at Soalheiro Primeras Vinhas 2007 var den mest spanande.

Årets kvite søte: Fritz Haag Brauneberg Juffer-Sonnenuhr Riesling Auslese Goldkapsel 1992. Mogen, frisk, konsentrert og topp balanse mellom syre og sødme.

Reklame

Read Full Post »

Det har vore stilt her på bloggen ei stund. Det var ikkje slik det var tenkt. Eg byrja å setje ein surdeig, og så skulle det postast suksesshistoriar frå kjøkenbenken. Men kjøkenbenkrealismen har inhenta meg. Det fyrste brødforsøket gjekk heller dårlig, og sjølvtilliten og lysta til å bake meir forsvann. Vel, no har eg ei friveke før jul, og går på att med friskt mot.

Dette brødet er vel det ein kan kalle minimalistisk. Mjøl, vatn og salt. Det er alt. Ok, det er jo surdeig i brødet, men surdeigen er berre mjøl og vatn som er rørt saman. Rugsurdeig, litt rugmjøl, kveitemjøl, vatn og salt. Eg har ikkje fått heilt i fingrane å bake med surdeig. Det er litt meir jobb enn med industrigjær. Deigen heva ikkje like fint som på bileta i bloggar og bøker, så det er noko som ikkje stemmer heilt. Men brødet skaut bra opp inne i omnen, og smaken var ikkje noko å seie på. Men det skulle ha vore litt meir luftig. Eg får prøve att. I og med at brødet vart godt og bakemessig ein betinga suksess, var det på sin plass å opne ein raud burgunder, utanom gjærbakst det beste menneskeslekta har klart å lage. Denne kjem frå Domaine Denis Mortet, ein Marsannay Les Longerois 2009. Ferskvare, men bevares så godt. Silkemjuk, intens, fruktig. Litt grov eik dei fyrste minutta, men så vert det så elegant og saumlaust etter kvart.

Read Full Post »

For nokre år sidan kom det nokre små eletroniske leiker (ein nøkkelring med skjerm og knappar) som heitte Tamagotchi, eit virtuelt leikedyr som ein måtte «mate» og «kose med» for at det skulle ha det «bra». Dersom det ikkje fekk stell, kunne det døy. Ein surdeig er ikkje så ulik, han treng også mat med jamne mellomrom og han treng ein tur ut og lufte seg( bli brukt i bakverk). Men «programeringsspråket» er litt meir komplisert, sidan det består av mikroorganismar i mjølet, vatnet og i lufta i huset ditt. Kvar surdeig er unik, og ein vil etter kvart lære sin eigen surdeig å kjenne.

Surdeig er ein symbiose av naturlig gjær og mjølkesyrebakterier som lever i ei blanding av mjøl og vatn. Enzym bryt ned stiven i mjølet til sukrose og maltose. Andre enzym bryt så ned desse sukkerartane til glukose og fruktose som gjæren kan livnære seg på. Det vert danna alkohol i gjæringa og mjølkesyrebakeriene lever av alkoholen, og gjer deigen sur.

Eg har førebels laga ein kveitesur med fint kveitemjøl, så får vi sjå om det går og eg skal prøve ein basert på rug også. Det vert anbefalt å bruke økologisk mjøl, sidan det skal vere rikare på mikroorganismar. Førebels ser det bra ut med mitt konvensjonelle mjøl, som nok stort sett kjem frå amerikansk korn, då kornhausten 2011 var katastrofal i Noreg.

Surdeigen på dag 2. Her har det alt byrja å skje ting! Det er fine bobler, nesten som moussen på ein god Champagne.

Dag 3. Meir bobler og surdeigen har skild seg litt. Det luktar av gjær, alkohol og honning. I kveld skal han få litt mat, ei matskjei mjøl.

Read Full Post »

Eg har avla ein surdeig. Han er altså berre tre dagar gamal, men sidan han ikkje er blitt brukt i sitt fyrste brød, så reknar eg ikkje han som fødd enno. Dersom han overlever fødselen, lurer eg på kva namn han skal få. Meir om det seinare. Framlegg vert motteke med takk. No er det i 2011 vanskeleg å byrje med surdeig, eller i allefall å blogge om det, utan å ha reflektert litt rundt grunnane til at ein byrjar med det.

I programmet Landet brunsås, eit program på svensk fjernsyn om svensk historie og sosiologi og samtid sett med maten som utgangspunkt (og frekk kamerabruk og morosame programleiarar), vert det hevda i sesong ein (som gjekk på nrk) at surdeigsbaking stort sett er noko menn, gjerne i «midtlivskrise», byrjar med. Fordi det er vanskelig. På lik line med å begynne å springe maraton eller sykle Birken, noko som inneber 15-20 treningstimar i veka. No på sundag var eg på Jessheim (!) og var tilskodar (!!) til eit maratonlaup. No skal det seiast at det var ein del av min svigerfars 60-årsfeiring, og at hadde eg ikkje måtte passe på døtrene mine, så hadde eg vel slengt meg på 10-kilometeren eg og. Men majoriteten av lauparane var (ok, fordomsfullt frå mi side) menn i mellomleiarstillingar i it-bedrifter, i 37-45-års alderen. Truleg i tidsklemma med kone, KithenAid kjøkenmaskin og 2,1 born. Hadde det ikkje vore for kona (som les aviser og vekeblad og er oppteken av #&!@%%!# lågkarbodiett) så kunne nokre av desse mennene kutta litt ned på treinga, teke fram kjøkenmaskina og byja med surdeigsbaking. Men for alt eg veit, så bakar dei kanskje mellom treningsøktene?

Så Håvard, kvifor vil du byrje med surdeigsbaking?

Vel, eg driv jo innanfor mat og vin, både i arbeid og hobby, så eg kan vel kome unna med at det kun handlar om ei fagleg interesse for noko eg burde ha prøvd for lengje sidan. Dessutan har svigerinna mi (Hei Ågot!) byrja med det, og det verkar å gå fint med hennar baking, så då må vel eg også kunne få det til. No arbeider eg for tida faktisk på eit bakeri, men der er det baking i større skala og ingen surdeigsbaking. Eg tenkte difor at dette vere å gå litt tilbake til røtene. Greit?

Ja, må sikkert kutte litt i teksten, men det kjem nok med, i allefall i løpet av neste veke. Takk for praten!

Read Full Post »

Fyrste fredag på lengje utan chips i heimen… korleis skal dette gå?

Read Full Post »

Bææ!

 

Kva seier sauen? Bææ! I helga var vi ein snartur til hytta i Sogndalsdalen. Ingvild har lært seg at sauen seier bææ, og no fekk ho høve til å sjå sauene live. Aili fekk gje salt til sauene. Og far laga fårikål til middag.

Read Full Post »

Matauk

På onsdag var eg for fyrste gong på tur for å plukke sopp. Og med røynd guide vart det suksess! Kom heim att med ei bøtte full, mest traktkantarellar, men og litt kantarellar og piggsopp. Angedalen er brukande til så mangt.

Read Full Post »

På måndag er det valdagen, men viktigare er det at no byrjar bokhausten! Og for dei som har kika innom ein bokhandel i fylket vårt, så veit de at jau, dei har dei siste bøkene til Jo Nesbø og Anne B. Ragde, men viktigast er nok bøkene om oss sjølve. Turbøker, lokalhistoriske vegvisarar, lokale skrøner, lokalhistorie og prydbøker frå fjell og fjordar. Her kjem eit lite glimt av floraen av bøker du snart vil finne på din lokale bokhandel.

Stig inn, for faen! Portrettbok frå Stig Roger Eide med interjvu av tjue kranglefantar frå fjordfylket. Oddleiv Apneset har teke bileta.

Dei sveisa Sunnfjord saman. Fyrste bok i eit fembandsverk om Ankerløkken og verftshistoria i Førde og Florø. Oddleiv Apneset har teke bileta. Denne vil nok liggje under mange juletre.

Dei brann for Halbrend. Kulturhistorisk vegvisar for Halbrend, Holten og Pernillevegen. Praktbok med mykje spanande frå eldre og nyare historie om Halbrendstraktene.

Stang ut. Hans Jakob Reite med skråblikk på Firda si dekning av lokalfotballen.

Mellom ørekyter og Ålhus. Johs B. Thue si bok om symjeopplæring på Jølster før og no.

Lakabodl! Finn Tokvam og Olav Stedje har reist rundt i Sogn på jakt etter dei største skrytepavane, nolevande og historiske. Oddleiv Apneset har teke bileta.

Sólo dame una señal. Ein spansk studie av signalbygg i norsk samtid frå 2009. Eit lite kapittel om dei planlagde signalbygga i Førde også. Kjem i norsk omsetjing ved Ragnar Hovland på Selja Forlag. Denne vil nok liggje under mange juletre.

Stig oppi gryta. Stig Roger Eide si kokebok for store og små på tur.

Mot toppen i lett fottøy. Arve Sandal si bok med gode tips og innsideinformasjon om dei 75 viktigaste motbakkeløpa i fylket. Uvurderleg for deg som siktar deg inn på topplassering i Gåsenipa Opp eller for å klare merkjet i Dragseide På Skrå.

Elles vil Operaen i Nordfjord setje opp Få meg på for faen, og Sogn og Fjordane teater set opp eit stykke basert på Olaug Nilssen si novelle «Glassnikkaren» frå sjuende klasse på Førde Ungdomskule.

Read Full Post »

Ferdig på jobb 1010 (1), slengje seg i bilen (2) og cruise bort på ølmonopolet for å handle inn Kinn og Ægir (3). Setet litt langt bak (4) og radioen på (5). Frese (6) opp på gode gamle Vie senter (7) og ser gamle kjende og handlar inn til helga. Dei har berre ein pakke wienerpølser og er utseld for dei andre sortane (8). Heim att og få tinga i kjøleskåpet, slengje seg på sofaen med twitter. Skulle ha sove litt (9), men er spent på kva som står i avisene. Men posten er ikkje komen til kl 1200 (10), så det vert blogging og nrk.no. Skulle teke oppvasken (11), men må opp att å sjekke postkassa snart.

Trur det kan bli greit i Førde. Berre eg får meg litt søvn..

 

1. Ja, ein byrjar tidleg på jobb i bakarbransjen.

2. Nei, ikkje sykkelen i dag. No går det unnabakke til gehenna med karen.. (og miljøet). Nei, no vert det FRP, som Kjetil Brottveit ville sagt.

3. Lokalt øl produsert i kommunane Flora og Aurland. Førde er einaste kommune utan ølsal i daglegvarebutikkane.

4. Har litt att til eg har inne alle rånarfaktene, men eg kjem meg.

5. Kor lengje går det før far i huset ofrar bagasjeplass for ein subkasse? Gå til din lokale bookmaker og sett peng på riktig tidspunkt.

6. «Frese» i den grad det er mogleg med ein sopass treig bil. Apropos bilbransjen, kor tid skal nokon kome på bana og ta dei? Håkon Haugsbø, make your move!

7. Nå ja, butikken er blitt Rema og eg finn ingenting lenger.. Og kvifor heiter det Vie senter? Det er då streng tatt berre ein butikk?

8. I følgje hyllene skulle det vere tre sortar wienerpølse.

9. Ja, ein byrjar tidleg i bakarbransjen..

10. Synes posten burde vore der til 12, men det kjem nok ikkje til å påverke kven eg skal røyste på på valdagen. No skal eg forresten førehandsrøyste, sidan vi flytta frå Voss og eg er pent nøydt til å røyste i den kommunen. Arg! Kanskje eg skal røyste blankt? Nei no, (sjå fotnote 2).

11. Brukte koppar, glas, besikk og gryter, som vert reingjort i kum med vatn og basisk (gjerne feittløysande) vaskemiddel, for så å bli skylt i reint vatn og turka.

Read Full Post »

f

Når la du sist ein ferietur til ein ny grusveg? Ikkje det? Vel, dette var fyrste gong for meg også. Men med mottoet «Sunnfjord, ditt næraste feirefogderi», la vi ut mot den forjetta grusvegen mellom Sygna i Gaular og Guddalen i Fjaler. Howie G stillte med Mondeo, GPS og musikk, medan Aili og eg tok med barnesete, godt humør og Nikon.

Både Naustedøler og NRF poserte i sola.

Meir kjeks?

Etter Nautsund, mellom Hovlandsdalsvatnet og Breivatnet, var det tid for å vasse og ete nista.

Vel framme i Dale, var det sjølvsagt klart for is og kaffi. Og gamle kjenningar dukka opp. DVD-spelarane kom ikkje til nytte, for ungane song med på soundtracket til Howie G.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Read Full Post »

Older Posts »