Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for oktober 2009

På laurdag var det den berømte Osamiddagen, og mykje god mat og vin vart servert. Celebre folk stod bak grytene og gratiale var mellom anna Grand Vin. Det draup då litt på mannen med trekkaren og.

Vinkork1

 

Sundag sykla vi til Hagahaugen og bada. Både Aili og foreldre storkosa seg. Måndagen opprann med sol og fri. Far og dotter sette seg på sykkelsetet og trakka i veg. Etter litt luft frå Statoil, gjekk turen over Langebrua og mot Gjernes og Bordalsgjelet. Attende til Vangen og lunsj på Avhaldskaféen.

HaustAili

 

Lauvet har falle frå epletreet, men om eplet har falle langt frå stammen, gjenstår å sjå.

Klappklapp

A med eit ironisk klapp for den nye regjeringa.  Her kjem hennar liste over namn til ein del taburettar i ei noko meir spenstig regjering.

Helseminister: Makka Pakka

Samferdsleminister: Pål Ander Ullevålseter

Finansminister: David Toska

Resten av ministerpostane går til dei andre ungane i barnehagen, medan Stein Lillevolden vert statsminister.

Reklame

Read Full Post »

Chack, chack!

For ein militærnektar som ikkje går på jakt, er det ikkje ofte eg er i situasjonar der eg kan ta liv. Eg har jo sjølvsagt teke livet av mange fiskar, men avlivinga er på ein måte ein del av det å fiske. Heime på kjøkenet i dag fekk eg to liv på samvitet då eit par hummarar skulle i steikepanna. Vi hadde invitert eit par gjester på lammefrikassé, men då eg på kort varsel fekk sjansen til å kjøpe eit par hummarar, fiska på Bømlo av borna til ein kollega (!), takka eg ja. Så då vart det forrett. Men fyrst måtte dei drepast. Hummar, sjøkreps og anna sjømat lever i havet ved låge temperaturar, så etter døden vert dei fort dårlig. Difor er det best om sjødyra får leve heilt til dei vert sjømat.

Hummar1

Avlivinga gjekk greit, og hummarhalane slutta ikkje å sprelle før dei hadde steikt i fem minutt! Snakk om ferske råvarer. Kokte ut panna med litt kvitvin og fløyte. Rørte inn nokre terningar kaldt smør og serverte med Ingeborg sine fine foccacia. I glaset: Chablis Grand Cru Les Clos 1997 frå J. Moreau & Fils. Fullmogen, sjøprega med ein kjerne av frukt og syre. God til hummaren.

Etter ein durabelig porsjon lammefrikassé og is med plommesyltetøy, var kjøkenbestialitetane komne på avstand og ungane såg heller ikkje ut til å ha teke nokon skade av opptrinnet.

Read Full Post »

I dag et Aili og eg bollar til frukost. «Nokon» hadde gløymt å ta opp brød frå frysen, og eg måtte improvisere. Vel, sola skin faktisk, så det kan jo bli ein fin dag.

Read Full Post »