I dag var det tredje veka på rad at Herretrimmen vart avlyst. Det ser ikkje ut til at vekta kjem ned att i 69 med det fyrste.. I helga hadde I bursdag og vi hadde besøk frå Alta. Eg var diverre litt småsjuk, men no er eg på betringens veg. Det går litt smått med lesinga, og no er det Walden av Henry D. Thoreau som ligg på nattbordet. Mykje god livsvisdom å ta med seg.
Archive for mars 2007
Motbakke
Posted in Samfunn on mars 27, 2007| Leave a Comment »
Men filmen var ikkje daud/Ny Lomo
Posted in Fotografert, Observert og klypt, Samfunn on mars 12, 2007| Leave a Comment »
Lomo Compakt Automat var ein russisk kopi av japanske Cosina CX-1 som kom på åttitalet ein gong. Takka vere ein gjeng studentar i Wien, som starta Lomographic Society, fekk Lomo LC-A utover på nittitalet ein kultstatus. Dei seinare åra har det vorte noko kommerst og det er gått inflasjon i nye plastkamera utan den same kvaliteten.
Men no kjem altså good old LC-A i ein lett modernisert utgåve, LC-A+. Nei, ikkje digital, men med knapp for multieksponering, utløysarknapp med gjenger for fjernutløysar og, hald deg fast, ISO 100-1600! I følgje AEV er denne produsert i Kina.
Ok, dei skjelv kanskje ikkje i buksene i Wetzlar pga denne oppgraderinga, men lurer du på om du skal ha deg ein brukt M, så er det kanskje like koolt med ein ny LC-A+!
Oslotur
Posted in Gastronomi, In vino veritas, Musikk, Samfunn, Tant og fjas on mars 12, 2007| 1 Comment »
Det har vore litt sparsamt med innlegg her på sida i det siste. Vel, det får vi gjere noko med.
Eg har vore ein tur i Tigerstaden og der var det mykje godsaker. Ai ai ai ai! Det vart også hektiske møter med slekt og vener, mest på kafé, så magen vart veldig rar av all kaffien.. Eg fekk smakt i alt 7 ulike vinar, og kan nemne ein Cornas 1996 frå A. Clape, Quart de Chaume 2000, Baumard og Gevrey-Chambertin Clos Prieur 2001 frå Rion, som dei tre beste. Saman med gode vener vart det tre retter på Klosteret på laurdagen, etterfølgd av ein forrykande konsert med dei trønderske ska-rockarane Hopalong Knut på Rockefeller. Dei hadde faktisk også med seg Gatas Parlament på eit par songar.
Det vart handla eit par sko, eg fekk endeleg tak i sherry-eddik og det var fine frukost-til-lunsj-diskusjonar om til dømes sjølvberging, nynorsk, det vestlandske, ibsen og franske jordbruksprodukt sine fortreffeligheiter.
Kvinner/humor
Posted in Tant og fjas on mars 8, 2007| 2 Comments »
I dag er det den internasjonale kvinnedagen, og difor mykje snakk om kvinnesakskvinner. Men kor tid vert det snakk om sakskvinnersaks?