Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for januar 2005

Var i Logen på fredag. Fin stad. Mykje folk. Real Ones spelte opp til dans. Har kjøpt den nye plata som kom i sal på mandag. Var sånn mellomnøgd med ho. Ikkje like umiddelbar som den førre, som eg likte godt. Dei er litt på psyretrip i San Fransisco på den nye plata, og det er ikkje verst. Ein del fine harmoniar.

Konserten var fantastisk. Dei spela seks av dei nye songane og ein del gamle hits. Etter konserten har eg høyrd gjennom plata ein gong til, og no likar eg songane endå betre. Plata vil nok halde seg i toppen av gode popmusikk-kjøp dette året.

Reklame

Read Full Post »

Veging av post – metode

Eg rotar litt i systemet mitt og finn fram gamle notat med veging av posten. Det viser seg at den systematiske veginga byrja 1. september 2003. Grunnen til at eg byrja med denne noko aparte hobbyen var at eg ein dag (1) fekk skikkeleg mykje post og eg vart nysjerrig på kor mykje dette kunne vere. Så vog eg posten, men vog ikkje meir før eg ein annan dag (2) fekk relativt sett mykje post att, og eg lurte då på om dette var rekord. Men så vart eg av A sett på tanken om å halde fram med litt meir systematisk veging og notering.

Eg vil no sei litt om metoden, og et er lov å kritisere, men eg trur likevel eg kjem til å halde fram som før. Er ganske pragmatisk og bedagelig.

-Veginga føregår på ei Phillips kjøkenvekt, som for tida går på eit 9 volts Varta batteri. Vekta måler med 1 grams nøyaktigheit og kan vege opp til 5 kilo.
-Med begrepet post så inngår følgjande:
1.Det som kjem i postkassa, (til beggje bebuarar) dette inkluderer rundskriv frå burettslaget som ikkje er send med posten, men putta oppi av bebuarar i burettslaget.
2. Post som er for stor til at han kan puttast i postkassen, og difor må hentast på postkontoret/mixkiosken. Merk: her vert ikkje posthentelappen som ligg i postkassa vegen, med mindre posten vert henta etter posten/mixkiosken er stengd. For opningstidene for Mixkiosken med post på Møhlenpris, sjå Mix sine nettsider.
3. Posten vert vegen med all emballasje som han vert send i.
4. Aviser og tidsskrift som vert distribuert av Posten.
-Det som ikkje vert vurdert og vege som post er:
1.Post som er ikkje er til oss, men har hamna i vår postkasse. Denne vert putta i riktig postkasse dersom posten er til nokon andre i burettslaget. Dersom posten er til andre, vert han retunert til Posten.
2. Aviser som kjem med avisbod og vert lagd på dørmatta. (Eller i allefall i nærleiken av døra vår).
-Posten vert vegen  som han er». Det vil seie at om han skulle tileigne seg større vekt på vegen frå postkassa og leiligheiten vår (5 etasjar), frå til dømes luftfukt, slev, sveitte, snott eller tårer, så vert han vegen utan omsyn til  unaturlegâ€? vektauke. Dette trur eg sjeldan har nokon effekt over 1-2 gram.
-Vi har av og til opphalde oss utanfor heimen fleire dagar i strekk, til dømes ferie, og då vert veginga ikkje like nøyaktig som ellers. Eg har av og til  fordeltâ€? posten over fleire dagar, av di eg veit at posten er relativt godt fordelt på vekedagane. Grunnen til dette er at eitt av delmåla med veging av posten er å summere opp for kvar veke, månad og år, ikkje berre kvar dag. Dette for å sjå tendensar i utviklinga. Vi var vekke i tre veker i sumar og då skulle K ta inn post og vatne blomar. Her vart det for lang tid å  fordeleâ€? posten over, slik at eg tok ei avgjerd på å ikkje vege denne posten. Dette angrar eg litt på no, men gjort er gjort.

Notar:
1. 14.03.03 1106 gram post. (883 gram var vår post, medan resten var feilsending)
2. 28.03.03 1072 gram post.

Denne artikkelen vart publisert fyrste gong på Jubeltelegrafen 10. september 2004.

Read Full Post »

Ring gratis! For godt til å vere sant? Tja, for dei som ikkje kan unnvere breiband så vert ikkje noko ekstra kostnader i tilleg.

Registrer deg i dag og ta del i Den Nye Teknologien ™!

Read Full Post »

Ord for veka

Ordet denne veka må vel vere resturin. Akkurat når du trur at no går det fint, kjem det nokre forskarar og dreg deg ned i knugande angst. Det er altså ikkje så lurt å stå å tisse. Neivel. Det er også nokre andre ord eg likar for tida. Her kjem ein passiar med desse tre orda:

Passiar en Paris

Scenen foregår i en fotoforretning i Paris en gang på åttitallet. Innehaveren av fotoforretningen heter Joseph van der Klopfh, og er enkemann. Han har drevet butikken i 23 år og har nedsatt syn på venstre øye. Kunden som kommer inn er Jerome Charlopin-Parizot, fra Fixin. Han er nylig skilt fra Catherine Meo-Camuzet fra Beaune, som er utdannet sykepleier med brokk- og stomipasienter som spesiale. Det er en lørdag i april, rett før stengetid

(Selger) -Nå, mr. Charlopin-Parizote, det skal ikke være en Graflex Norita?

(Kunde) -Tja, den er vel ikke produsert i en av aksemaktene?

(Selger) – Naturligvis ikke!

(Kunde) – Nå, da så. Hvordan er «out of focus»-områdene på objektivet?

(Selger) – Slett ikke verst, slett ikke verst!

(Kunde, nå mer interessert) – Så, hva blir prisen for dette?

(Selger, ivrig men balansert) – Ã…h, til Dem så snakker vi kanskje om 4000 kroner.

(Kunde, ironisk) – Er De klar over hva den koster på annenhåndsmarkedet?

(Selger, flakkende i blikket) – Nei..?

(Kunde, lakonisk) – Så farvel!

(Kunden går ut døren, selgeren står befippet tilbake. Han finner fram en Velvia og kryssprossiserer den på pur f.)

Her hadde eg i utgangspunktet berre tenkt å skrive dei tre fyrste setningane i samtala, men vart rive med og held på litt til.

Read Full Post »

Var så heldig å få trådlaust nettverk til åremålsdagen, så no vert det ein del tilbakelent sofasurfing. Det er kjekt men farlig. Men i dag har eg fri og timane kan berre gå.

Read Full Post »

Ja det er faktisk gått 26 år sidan eg vart fødd. I dag. Eg er no komen fordi barndom, ungdom og danningsåra 20-25, og er inne i den paranoide «mellom 26 og 30-alderen». Eg skal bite tennene saman og i allefall gjere det nest beste ut av det. Til dykk som er for seint ute med gåver, så kan de byrje å spare til ein dyr 30årsgåve i staden for.

Read Full Post »

Eg fekk ein paraply til jul. Han er ikkje lenger kva han var.. Eg var nemleg ute i dag. Og frå Skuteviken til Torgallmenningen vrengde paraplyen seg seks tusen gonger. Han vil nok ikkje få oppleve ein ny vinter..

Etter mykje om og men har eg investert i nettverkselskapet ThinkTwice. Senare i dag kom eg også på andre tankar og kjøpte difor nokre aksjar i dotterselskapet SecondThoughts. Vonar dette vil kaste av seg.

Read Full Post »

Det tok si tid, men i dag fekk vi altså post for fyrste gong i 2005. 212 gram i sju einingar. Eg må snart få opp litt statistikk på dette, slik at ein kan byrje å lese ut tendensar og greier. Det bles og regnar i Bergen (!), men vi held ut. I går laga eg vaflar for fyrste gong på leeenge. Det kom gjerster og dei åt. Kaffi fekk dei og.

Read Full Post »

På årets andre dag var vi nokre karar og ei kvinne som tok turen til Midttun for å køyre litt go-kart. Det var kjekt og litt tungt. Eg kom relativt langt bak i feltet. Eg skuldar på lite køyrerøynsle dei siste ti åra. Ser også ut til at vi skal skaffe oss snorlaust nettverk. Som etablerte folk skulle det berre mangle at vi ikkje kunne sitje i sofaen å surfe. Eg ynskjer i året som kjem å ha fokus på raud Bourgogne og tawny portvin. Men det vert vanskeleg å unngå eit par spontankjøp av til dømes Cote Rotie frå 2001. Ser at 2002-årgangen er temmeleg dårlig i nord-Rhone og då vert det vel ikkje så mykje derfrå når dei vinane kjem på polet til våren. 2002 var derimot eit godt å i Beaune og Nuits …

Read Full Post »