Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juli 2007

Race Face

Ah, endeleg ein skikkeleg fin sommardag her nord. 18-19 grader og strålande sol frå nesten skyfri himmel. Diverre er eg på jobb.. Men kanskje vert det midnattsgrilling etterpå, om veret held seg. Har sykla ein del i det siste og det nye bakdekket tek seg godt fram både her og der.

Reklame

Read Full Post »

Vel vel, kom tilbake til det høge nord i går kveld. Flott ver. Sola skein og 16 grader klokka ni på kvelden. Men i dag er det overskya, vind og ti grader. Varselet framover for Hammerfest er som følgjer: tysdag; ti grader og regn, onsdag; elleve grader og overskya, torsdag; sju grader og regn og fredag; åtte grader og regn. Ja ja. Godt at vi har folk i grannelaget med Simpsons på DVD.

Nuvel, siste del ferien var ikkje så verst. Var ein snartur innom Bergen og tannlegen. Så fór vi til Masfjorden med H og T. Der vart det bading på fleire nivå, fisking og båtkøyring. Til reker og loff vart det skjenkt ein mineralsk riesling på Alsace. Til fiskesuppe var det Muscadet. Det vart også ein runde med Alias, gutane mot jentene. Eg trur det var vi som vann.

Så bar det gjennom vasstrekte austlandsbygder på veg til Arendal. På Tromøya hadde vi fine dagar med litt bading, soling, forefallande utearbeid og avslapping. Eg må hugse å ta med meir lesestoff neste år. På laurdagen tok vi ein tur til Tvedestrand og Bokbyen ved Skagerrak. Fekk kjøpt nokre bøker av Aldous Huxley og eit par bøker om gastronomi.

Eg har skote ca 6 diasfilmar denne sumaren, Fuji Sensia 100 og 400 og ein Velvia 100. Dei som ikkje er redde for bannskap og dårlig ver, kan ta turen nordover til hausten og sjå herligheten framvist frå ein Kodak Carousel.

Read Full Post »

På sundag sette vi oss i bilen på veg til vårt næraste ferieland – Nordfjord. I gledde seg nok mest til fabrikkutsalet til Skogstad, medan eg var spent på buffeten på Alexandra. Vi stoppa i Olden i solsteiken og kjøpte litt lokal saft og cider. På hotellet vart det rikeleg høve til bading både i og utanfor spa-anlegget. Ahh.. Vi fekk oss også ein tur inn til Kjenndalsbreen og vi kika litt på infoen om tsunamiane i Loenvatnet i 1905 og 1936, då store massar frå Ramnefjellet rasa ut. Buffeten på kvelden var slett ikkje verst, og dei hadde eit godt vinkart, der vart vald ut ein Chablis Vaillons 2001 frå Jean Collet. Glasa var dog ikkje av beste sort, så der har dei noko å ta tak i. Alexandra var elles eit staseleg hotell med stil og kvalitet i dei fleste ledd.

Read Full Post »