Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for november 2004

Myrkeromsmandag

Var på tidleg kino og såg Ungdomens råskap. Hadde seinare ei fin totimarsøkt på mørkerommet der eg fekk laga 13 bilete. Hadde med Afrikaradioen og høyrde på Harald Are Lund. Vart inspirert av A som var innom i går og laga nokre portrett med kant i 24×30. Så eg fann fram ymse portrett som eg har teke. Det vart bra. Nesten alle vart vellukka!

Her er eit av bileta eg laga. Leiv Otto i Brighton, England. Minolta CLE, Voigtlander 21/4, Ilford Delta 100

Reklame

Read Full Post »

Etter å ha lege bakpå og prøvd på nokre halvhjarta kontringar, vart det endeleg utteljing for sonen! Etter ei lang natt med elleve timars jobbing, var det godt å kome heim å lese at eg hadde fått publisert ei liste.

No gjeld det for sonen å halde presset oppe og hindre baklengsmål. Fattern kjem nok til å prøve nye taktikkar no som skeise- og ti i skuddetlistene byrjar å ta slutt.

Read Full Post »

Infrared goddamit!

Var ein tur på Kvarteret i går kveld (det vart seint) og støtta Kafe Kafaan. Nuvel. Det var no musikken eg kom for. H G vart med for å høyre på. I tilleg til Goddamit fekk me høyre litt frå Mathias Tellez og Major Parkinson. Ok. Unge Tellez and that`s it er ein ung fyr som tydeleg er inspirert av Sondre Lerche, men rockar litt meir.
På klubbmøtet i Kamerklubben i kveld fekk me sjå bilete teke med Kodak EIR infraraud diasfilm. Spanande og inspirerande. Denne kostar skjorta, men du og du for nokre bilete det kan bli.

Read Full Post »

Sterkvinsgaleien

Etter å ha laga 150 kilo berlinerkransar, vart det løn for strevet hjå Howie G. Der vart det servert følgjande portvinar: Sandemann Old Invalid Port, Smith Woodhouse LBV 1994, Sandemann 20 years old Tawny og Burmester 10 years old Tawny. Eg hadde med litt sjokolade. Det var hyggjeleg.

Read Full Post »

Eg prøvde meg denne gongen med nokre heimalaga musikklister, då eg trudde dette skulle fengje godeste Nielsen, men nei. Denne gongen gjekk han for ei resultatliste frå eit skeiselaup på sekstitalet som fattern hadde grove fram frå hukommelsen eller eit kott. Dersom det er slik det skal vere, så kan eg alltids sleike herr Nielsen oppetter ryggen med avskriftslister henta på internett.

Men eg let meg ikkje knuse, så eg gjekk ut og tok nokre bilete av den vakre vinteren (sic) her i Bergen. Seinare kom A og E på vitjing og det vart fotosnakk og litt mørkeromsarbeid.

Read Full Post »

Il est arrivee!!!

Hvilken dag er det i dag? Hvilken dag er det i dag? Er det den tredje torsdagen i november? Ja! Kva betyr det, spør du kanskje? Jo no er Beaujolais Nouveau 2004 komen! For dei uinnvidde så er det vin vi snakkar om her, ung og kjip raudvin.

Har vore og kjøpt ei flaske frå George Duboef til 94 kroner. Det er lite vin for penga. Men det er no ein tradisjon. Tippar at Alain sit og klukkar nedpå ei flaske i Oslo no. Men Beaujolais Nouveau er altså raudvin laga av drua gamay i Beaujolais heilt sør i Bourgogne, nord for Lyon i Frankrike. Vinen vart kjend under krigen, då motstandsfolk, stundentar og intellektuelle drakk denne årets vin. Seinare utvikla det seg til ein mote. Lengje var det ikkje lov å selje vinen før 15. november, slik at sjåførar som skulle bringe vinen til ulike kafear kunne fortelje røvarhistorier om ferjer dei rakk og fartsgrenser som vart overskridne i iveren etter å få levert vinen i tide. No er det tredje torsdagen i november som er fyrste lovlege salsdag. Det vert laga om lag 100 millionar flasker i året.
Den er frisk og nesten perlande med ein tutch av banan.

Read Full Post »

Old Cars

Inspirert av eit bilete på bloggen til Endre, så måtte eg slengje med dette bilete her. Det er gamalt men det gjer ikkje noko.

Lavik, mai 2003 Lomo LC- A Fuji Reala

Elles har eg lagt til ny link, til bloggen til Endre, ein lyriskinteressert fotonerd frå fagre Stryn.

Read Full Post »

Lett sjukdom har oppsøkt meg, og eg er heime frå arbeid. Ligg på sofaen og les tidsskrift og drikk madeira. Forbasket godt(tm). Prøver også med litt sjokolade til. The Chocolate Society sin Organic 67% (laga av Valrhona) er bra. Den er ganske søt, Valrhona har lågare kakaoprosent enn majoriteten av andre kvalitetsprodusentar. Medan andre ligg i skiktet 70-75%, så er dei mest populære sjokoladane til Valrhona 64-66%, med Guanaja på 70% som eit unntak.

Read Full Post »

Fyrste omgang

Var oppe klokka 8 og tissa, og var ute og henta avisa samtidig. Måtte konstatere at etter fyrste omgang er det mållaust og 0-0 mellom far og son. Einaste med mål var proffen Kurt Olav Helle og eit par andre. Det kjem vel nye sjansar.

Read Full Post »

Så har altså A utfordra far og son Flatland til slektskapeleg dyst om å bli Familiens Listemaster Par Exellance(tm) i Bergens Tidenes laurdagsmagasin. Fyrstemann til tre publiserte lister vinn heider, ære og vonaleg mykje peng på lova Flax-lodd. (1) No er det opp til Atle Nielsen og vår kunnskap og kreativitet. Eg kjem til å tape stort. Må den beste vinne.

(1) I Magasinet i BT laurdag 16. oktober står det at ; Lister som trykkes blir belønnet med fem Flax-lodd.
Fattern som allereis har fått publisert lister (oo så flink..) har enno ikkje motteke noko Flax-lodd..

Hm..

Read Full Post »

Older Posts »