Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for januar 2012

Levain

I går bakte eg ingjen med surdeig. Denne gongen med ei oppskrift funnen på nettet etter litt googling. Resultatet vart kjempebra! Og brødet smakte veldig godt. Det minte meg om pain de campagne-brødet som Alain bakte på Kristines i gamle dagar. Eg fekk ikkje heilt til snittinga, det skulle ha vakse litt meir ut på toppen, men eg får prøve igjen. Deigen vart jobba saman tre gonger med 45 min mellomrom før oppslag. Så heva brødet i om lag ein time. Det var ganske laust, men skaut fint opp i omnen. Eg la to steikeplater oppå kvarandre og skrudde omnen på full guff. Så skauv eg brødet som låg på bakepapir oppå ei skjærefjøl inn på den varme plata.

Dag 1, kveld.

30 g surdeigsgrunn

120 g kveitemjøl

100 g vatn

Dag 2, morgon

surdeigen frå i går

80 g sikta rug

220 g kveitemjøl

200 g vatn

5 g gjær

9 g salt

Store fine hol, mjuk, litt seig og luftig krumme og deilig sprø skorpe som krakelerte fint då brødet vart avkjølt.

Reklame

Read Full Post »

Har altså friveke, og om lag slik ser dagen ut.

0530-0630 Stå opp med Ingvild. Kjeks, vatn og leik.
0630-0715 Aili har også stått opp. Beggje skal i barnehagen. Kontrollert kaos.
0730-0830 Frukost og NPN frå fredag på nett-TV. Ei skjeve med leverpostei, ei med rekesalat og ei med ost og skinke. Appelsinjus.
0830-0930 Kaffi og evt noko attåt (om det finst noko i skåpet, truleg julekaker)
0930-1000 Lese i Jakob Sande-biografien.
1000-1030 Støvsuge
1030-1130 Lese i aviser frå helga/tenkje på å ta ein joggetur.
1130-1200 Lese meir i avisene/tenkje på rute for joggetur/kaffi
1200-1230 Lunsj. Truleg skjever med ymse pålegg.
1230-1300 Slappe av før joggetur
1300-1400 Jogge/lese bok
1400-1430 Gå til Coop Extra for å handle
1430-1500 Handle. Truleg fiskegrateng til middag.
1500-1530 Hente borna i barnehagen.
1530-1630 Middagslaging, foring og kaos.
1630-1730 Leike med Duplo
1730-1800 Fantoragen
1800-1830 Kveldsmat/grising
1830-1915 Leggjing av borna.
1915-2130 Utpusting

Read Full Post »

Frode rundar 30!


Gratulerer så mykje til broremann!

Read Full Post »

Nei, no er eg ikkje ung lenger, no kjenner eg jammen at eg er vaksen/gamal/passé/utsliten, stryk det som passar.. Om ryggen held, har eg altså om lag 33 år att som yrkesaktiv. Jippi.

Jubilanten er her avbilda i varmare strok, lett brisen og med bris i håret. Han ønskjer ikkje blomar på døra, men enorme pengegåver kan sendast inn på rette konto.

Read Full Post »