Du og du som eg har venta! Ikkje at eg hadde så store forventningar, men eg ikkje akkurat ein tolmodig person når det er noko eg ventar på! Eg meiner bestemt at katalogen har kome i midten av januar før i tida(1), medan eg no fann katalogen i butikken 19. februar. Det er for seint! Nuvel.
Til katalogen.
I utforming og formgjeving er han temmeleg lik som fjorårets. Eg vil gje framsida 15 av 20 poeng.
Baksida er faktisk veldig bra. Etter ein del rotete sider med reklame for Legoland og Lego.com(2) vert katalogen fint avrunda med bilete av sett 7244 som er ein ny speedbåt i serien «Designer sets». Dette er eit av dei gode kjøpa i årets katalog. Båten er flytande(3) og har ein ny motor med propell og ror. Settet inneheld 107 deler og kostar 229,50 i Noreg.
Eg skal ikkje seie så mykje om Doplo, men det er nokre spanande nye sett. 7840 er ein svær flyplass til om lag ein tusing. I fjor kom det ein borgserie i Duplo og der er det eitt nytt sett i år.
«Jentelegoen» Belville og smykkelegoen Clickits skal eg ikkje bruke så mykje tid på.. Men det er nokre nye sett.
Det som før heitte Basic er no vorte Creator og Designer sets. I sistnemde kategori er det ein del god gamal lego med mykje klossar og ikkje modular og spesialklossar. Nytt i år er eit sett med «ville jegere». Frå før finst det eit med sjødyr og eit med dinosaurar. I år er det visst gule anleggsmaskiner som er greia. Både i «City» og Technic er det nye sett. Mobilkran, gravemaskin og minigravemaskin er nye sett i begge kategoriar!
I Racers er det nokre nye småbilar (Tiny Turbo Garage) og Pullback-motorbilar.
Ser ut til at det kjem ein ny serie til hausten. Vikinglego! Lurer på om det vert blodig?
Litt meir spanande katalog enn dei siste par åra. Eg er ikkje like bekymra som eg har vore før. Dette er nok ikkje katalogen som vil snu dei rauda tala(sjå Dagbladet Magasinet ein gong i år for artikkel om dårleg økonomi i Legokonsernet) til Lego, men godt jobba.
(1) Dei gylne 80-åra
(2) På Lego sine internettsider kan ein kjøpe lego, men dette er enno ikkje tilgjengeleg i Noreg(!)
(3) Flytande båtar vart for fyrste gong lansert i 1976