Fekk stått skikkeleg på ski denne helga. I Rafsbotn i Alta var det supre tilhøve med djup puddersnø. Med «nye» ski og «nye» skistøvlar. Lite folk var det, trass i nydelege løyper og utanfor-løyper. Prøvde meg litt med Lomo-en og Provia i snøen. Tida vil vise om det vart noko av. After ski fyrte vi med ved, Savigny-les-Beaune og Barbaresco. Fekk med oss litt tapas på Alfa & Omega på laurdagskvelden.
Archive for januar 2007
Ski, snø og Savigny
Posted in Gastronomi, In vino veritas, Samfunn, Tant og fjas on januar 29, 2007| 1 Comment »
Legokatalogen 2007
Posted in Tant og fjas on januar 24, 2007| 4 Comments »
Ja, så er den nye katalogen her. Det går mykje i det same som det har gjort dei siste åra. Katalogen er formmessig lik fjorårets, med innhald på side 2. Men i år går dei rett på sak med Duplo, medan det i fjor var ein slags «leiarartikkel» før Duplo kom på side 3. I den leiaren ser eg no at dei kom med usanne påstander. «Her kommer den nye, komplette LEGO brosjyren.» Dette stemmer ikkje, då det på LEGO.com på nettet finst fleire produkt som ikkje står i katalogen. Dei avslutta med; «Du vil ikke bli skuffet!» Vel, eg vart skuffa.
Men over til årets katalog. Han er på «berre» 66 sider mot 76 i fjor. Det går i lisensprodukt; Batman, Bob The Builder, Thomas-toget, Star Wars og Ferrari. Harry Potter er ute. Dei ventar vel til neste film. Duplo blir meir og meir modulbasert og det er knapt ein kloss att å byggje. Fokuset er sterkt på Bionicle og EXO-force. Klassikarar som by, brann, politi og anleggsmaskiner held stand og jammen er det ikkje ein ny bensinstasjon i år. Det ser ikkje ut som om dei har vore framsynte nok til å ha med ei pumpe med biodiesel. Det mest spanande for min del er «old-school-modellane» i Creator-serien. Der kjem det nye ting i år. Vikingane er frmaleis med, men ingen nyhender, så eg tippar den er borte til neste år. Cowboy og indianer-Legoen varte ikkje lenge heller. Det er ingen borge-Lego i år! Men det er ein teaser på nest siste side med lovnad om nye sett i juni. Borga ser veldig retro ut. Bra. I Techic er det tre små nye sett. I august kjem det noko som heiter MarsMission, men meir får vi førebels ikkje vite..
Ikkje det heilt store i år heller altså. Men med klossar i huset er det berre fantasien
-
din
som set grenser. Ikkje LEGO sin manglande.
Trening, helse, trivsel
Posted in Tant og fjas on januar 22, 2007| 2 Comments »
Nytt år, nye kg å bli kvitt. Eg satsar på å vere litt sunnare denne våren enn hausten var. Så no har eg byrja å nytte trimrommet vi har på arbeidsplassen min. Der står det mykje flott for dei som ønskjer store musklar i tillegg til tredemølle, to ergometersyklar og romaskin. Dagens trim bestod av følgjande meny: 12-minuttars intervallprogram på tredemølla på level 6. Så 10 og 15 repetisjonar på brystmuskel- og tricepstrenaren (25kg). Eit 9 min motbakkeløp på level 7, før nye styrkeøvingar. Så 7 min på sykkelen som hadde dårlege innstillingsmoglegheiter. Eit nytt 9 min bakkeløp på level 7 og styrkeøvingar til slutt.
Etter middag vart det nye styrkeprøver då eg måtte grave fram bilen og skubbe kona i gang. Puh! Eg kjenner alt formen kome.
Når katten er borte..
Posted in Film, Gastronomi, In vino veritas, Tant og fjas on januar 14, 2007| 2 Comments »
Kona er på kurs, så då sit eg heime på laurdagskvelden og kosar meg med ein søt 24-åring frå Loiredalen og ser ein romatisk film på DVD. Ho luktar av fersken men er litt syrlig i replikken, som jo er vanlig i Loiredalen. Vi har hatt litt ostekake som eg bakte i går, og den passa oss begge. Vi får sjå korleis det går utover kvelden, men eg kjenner eg vert litt rusa. He he.
Han er ikkje gamal, han er bror min
Posted in Tant og fjas on januar 13, 2007| Leave a Comment »
Eg vil nytte bloggen til å gratulere bror min Frode så mykje med 25-årsdagen! Det er ille nok sjølv å kjenne at eg nærmar med dei 30, men at veslebroren er halvvegs til 50! Nei å nei! Du og du. No står ikkje verda til påske. Eller kanskje litt lenger, men det er slett ikkje sikkert det vil vere snø nokon stad i Noreg til påske. Men det er ei anna historie.
Jubileum/Farlig nær trettiårskrisa
Posted in Tant og fjas on januar 12, 2007| 10 Comments »
Jadda! Det er den store dagen. Eg vert faktisk 28 år. Andre kjendisar som er fødd same dag: Hermann Göring, Ray Manzarek, Gunde Svan, Haruki Murakami, Vendela Thommesen, Cato Zahl Pedersen og Jack London.
I 1833 døyr Marie Antoine Câreme, verdas fyrste kjendiskokk, og i 1915 vert det ein nasjonalpark i Rocky Mountain. I 1969 gav Led Zeppelin ut sitt debutalbum, og i 1991 startar Golfkrigen.
Eg satsar på ei lita samkome i Rypefjord med vener. Kva Murakami skal, det veit eg ikkje.
Noctilux
Posted in Gastronomi, Samfunn, Tant og fjas on januar 11, 2007| 3 Comments »
Kor mange nattevakter på rad kan ein overleve på kaffi, mandariner og Fazermint? Vel, eg har klart åtte til no og skal vel klare ei til.
Statoil/Hydro
Posted in Gastronomi, Samfunn, Tant og fjas on januar 8, 2007| 3 Comments »
Statoil og Hydro skal fusjonere, vert det sagt. Men det allereie oppstått ein del problemer. Det er slett ikkje så rart. Desse to kan ikkje fusjonere. Hydro (vatn) + Statoil (olje) let seg ikkje blande. Kast opp i litt eddik og krydder og du har i beste fall ein vinagrette. Men ingen fusjon. For å få til dette treng dei ein emulgator, eit tredje selskap inn i fusjonen. Egg (Prior) er ein bra emulgator. Og då har vi fått ein storfusjon som vert til saman majones! Då har vi også løyst namneproblemet. Det nye selskapet må rett og slett heite Majones, eventuelt Mayones om det skal halde ein internasjonal profil. .. og slik går no dagane ønskjer lukke med fusjonen og framtida. Og vert det rør og rabalder, ja så må det faktisk til for å lage majones.
Hurra!
Posted in Tant og fjas on januar 8, 2007| Leave a Comment »
.. og slik går no dagane gratulerer Førde VBK med sigeren over Tromsø i NM-finalen i volleyball!
Kjekt at klassekameratar og tidlegare lagkameratar har gjort det retteleg godt. Lukke til vidare!
Svart start/blanke ark
Posted in In vino veritas, Tant og fjas on januar 6, 2007| 1 Comment »
«Tankefullt gløttende opp på flammetårnet, ved skrivemaskinen på et kjøkkenkontor, satt en proletar og skrev ned noen ord.»
Jadda! 2007 er her. Anten du vil eller ikkje. Etter 14 dagar med oppfeiting hjå foreldre og svigerforeldre bar det attende til arbeid og bot. På grunn av nokre forseinkingar i ymse prosessar på Melkøya må eg no arbeide natt i ti døger. Det får vel gå. Ikkje mindre grunn då til å opne ei flaske fin vin når bursdagen er der om ei veke.
Eit nytt år ber med seg ein del forventningar. Eg nemner i fleng; vil Vinpressa.no sin årlege tur gå til Paris? Vil eg få kronisk dårlig mage pga for mykje kaffi? Klarer eg å stå i mot presset om snart å skaffe meg eit digitalt spegelreflekskamera? Kan eg klare å kome ned att i 69 kg? Vil Noreg sit landslag i fotball vinne kampar? Kor mange nye kjøpesenter står ferdige neste gong eg vitjar Førde? Vil det fusjonerte Statoil/Hydro ta namnet olj1? Og sist men ikkje minst; vil det bli sommar i Finnmark i år?
Den som har lever får sjå..