Posted in Samfunn, Tant og fjas on november 3, 2007|
5 Comments »
I dag kokte eg meg kaffi. Berre til meg sjølv. Dette gjer eg sjeldan eller aldri. Kona er som kjend på tjukken, og toler for tida ikkje eingong lukta av kaffi. Kaffidrikking er for meg noko sosialt, men i dag brygga eg altså berre til meg sjølv.
I gode gamle dagar (for 3-5 år sidan) var laurdagsfrukost og laurdagskaffien eit av veka sine høgdepunkt. Det foregjekk som regel i Skuteviken, der karane A og K held hoff. Eg hadde ofte med brød frå bakeriet eg arbeidde i, det var eit rikt utval av aviser og det var fårepølse, ost, syltetøy og majones. Det var diskusjonar, sjokolade og tøys og tull. Klientellet varierte litt frå gong til gong, og etterkvart kom det nye aviser på bordet. Møblane var gamle men greie, og frå høgtalarane kom det gjerne contemporary easy listening singer-songwriter-musikk.

Trøytt i blikket, kaffi på bordet og Josh Rouse på øyra. Ein typisk laurdags føremiddag for 5-6 år sidan.
Read Full Post »