Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juni 2007

Så er ferien i gang. Det byrja med tur til Tokaj nordaust i Ungarn. Smakte mykje god vin frå dei beste produsentane i distriktet. Til dømes Essencia med >600 g/l restsukker! Oh la la. I dag var det ein finfin dag i Sunnfjord med tur til Viefjellet og grilling i hagen. Sola skin og vi er nøgde. I morgon går turen til Nordfjord. Ja, kva vert det neste, tenkjer du vel. Følg med.

Reklame

Read Full Post »

I rekkja av folk som er ute med spisse albogar, er vi i dag komne til dei eldre. På mandag: ei eldre dame snik framføre meg i køen i innsjekkinga på Alta flyplass. Onsdag: to eldre damer snik i køen framføre meg på Narvesen på Bystasjonen. Den eine skal ha pølse og tippe, den andre skal ha vekeblad. Dei eldre tek etter ungdomen i stadig nye påfunn. Frå før har dei lærd seg å bruke internett. No har dei byrja å snike. Kva blir det neste?

Read Full Post »

Mote

Ja folkens, i dag er det linbuksevêr på 70 grader nord! 16 grader vert det sagt frå naboen, og steikjande sol. Relativt sett. Set deg på sykkelen du òg! Eller kast deg i sjarken og gå for litt småsei.

Read Full Post »

1000 things

Eg har rydda i boden. Vinterhjul til bil og sykkel får kvile nokre månader til minusgradene kjem att utpå hausten. Skistøvlar og gamasjar hamnar lengst bak. Du og du så mykje.. Eg tek til å rydde ut ein del av tinga fyrst, slik at eg kan sjå korleis eg skal få plassert dei best mogleg. Som vanlig vert det eit nytt «system» kvar gong eg ryddar boden. Kvar gong er eg ganske nøgd med utnyttinga av plassen. Og kvar gong er kona usamd i mine stadig nye løysingar for plassering av skiutstyr, sko, baggar, fiskesaker og alt det andre som samlar seg i der inne. Det hadde vore greit om til dømes ski kunne hengast på veggen som kunst. Eldgamle treski kanskje. Men ikkje eitt par langrennski, to par turski og to par telemarkski. Så stor er ikkje leiligheita vår. Vi skal då ha plass til bokhyller også. Eg ser at dersom du ikkje går på ski eller brukar sykkel, og klarer deg med eit par sko, så vert det straks mindre «rot». Låner du i tillegg alle bøkene du les på biblioteket, har du minka ting og tang-mengda ganske mykje.

Det er ikkje slik at eg oppmodar folk til ikkje å gå på ski eller sykle, men du får i allefall mindre rot rundt deg, om du lar vere.

Read Full Post »

Då eg sykla til trim på onsdag, mista eg plutseleg den eine bremseklossen på frambremsa. Heldigvis hadde eit par liggjande i boden. I dag var det så fint ver at ein sykkeltur var på sin plass. Eg fekk fjerna dei gamle klossane og sett i nye. La så i veg opp til Prærien der eg svinga inn på ein traktorveg/sti som går «over fjellet» og ned att i Blåbærlia. Flott tur. Fekk sveitta litt også. Vel heime vart det nok ein tur innom boden, der eg fann ei flaske Eitelsbacher Karthaüserhofberg Riesling 2004. Frisk og fin vårvin som hadde fått litt deilige sekundæraromaer. Eg prøvde 2006-utgåva for eit tid sida, men den var for litt tynn og keisam.

Read Full Post »