Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for juni 2011

Nei, ikkje året 1984, men boka. Vi var ein tur heime i trivselsfylket i førre veke, og opplevde det gode gamle regnveret i Førde, slik eg hugsar det frå barndomen. Intenst, men utan bryske seg. Nei, ikkje slikt ekstremregn som vert innslag på fjernsynet, berre massivt fuktig regn som trengjer gjennom, innunder og oppunder regnklede og sko. Slikt regn som får kroppens vassprosent til å stige mot 100. Men det er eit venleg regn, slik at Førdianarar etter nokre år og nokre miliardar millimeter nedbør, lærer seg å setje pris på regnet, og få heimlengt om dei skulle oppleve liknande regn andre stader.

Torsdag 9. juni gjekk eg ned til sentrum frå Brendeholten i det høge, over skoddeheimen. Og regnet det pøsa ned, nett som i gamle dagar. Eller gjorde det det? Ta ein kikk på dette bilete frå Yr.no.

I den ikkje heilt ukjende boka 1984, frå 1949 får vi eit innblikk i eit totalitært samfunn. Hovudpersonen arbeider i Sannhetsministeriet, der han reviderer og omskriv historia slik at ho passar med partiets ideologi og program. Storebror ser alle til eikvar tid med hjelp av Tankepolitiet. Kven som sit på toppen av Meteorologisk Institutt, veit eg ikkje, men det er tydeleg at regn i Førde den 9. juni ikkje passa inn i storebror sin statistikk. Dersom dei som utfører målingane i Førde skulle finne på å «hoppe av», så er eg interessert i finne ut kor mykje det faktisk regna denne dagen.

Reklame

Read Full Post »

Jau, ryktene er sanne, me skal flytte attende til Førde. Husvære er kjøpt (nuvel, kontrakt er inngått og betongfundament er observert), men det skal truleg ikkje vere ferdig før mai neste år. I mellomtida treng vi altså eit krypinn for våre blomar, sofaen, to born og 41 banankassar med «krydder + div.» Ingeborg har fått jobb, og ungane har sikra seg barnehageplass. Eg har enno ikkje fått meg arbeid, så om det er nokon der ute som treng eit par hender og eit hovud på riktig plass, hovudsakleg i tertiærnæringar, så ta kontakt.

Men om det er trivselsfylket eller framtidsfylket, me flyttar heim til, det er eg litt usikker på.

Read Full Post »

Ved kjøkenbordet etter at middagen er fortært. Borna har som vanlig knapt ete noko, men brorparten av det som var på tallerkenen ligg no på golvet, og yngstemann (som enno ikkje har lært (sukk) å krabbe) smør det utover. Ute er det 18,4 grader og overskya. Dei er kledde i middelklasseklede kjøpt hovudsakleg på inspirasjonslause butikkar som H&M etc. Mor og far er (naturlig nok) trøytte, då mor har amma fleire gonger på natta, medan far har vore på druen og kome seint heim.

Mor (retta til far): Ungane må bade i dag, dei skulle ha bada for lengje sidan!

Far: Ja men dei har jo bada for lengje sida.

Mor og far: Hahahahahahhahahahahahahaha!

Mor og far ler ei god stund av dette, far lengst, då mor er trøytt fordi ho måtte amme fleire gonger om natta, medan far var på druen og kom seint heim.

(Familiesjølvironi er ikkje like morosamt som til dømes Are Kalvø, men det funkar som terapi. Kombinasjonen lite søvn, stort koffeininntak og rotet hus, kan også vere grobotn for enkelte morosame situasjonar, men som oftast ikkje..)

Read Full Post »