Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Bli steinrik i ein fei!!’ Category

Nei, no er eg ikkje ung lenger, no kjenner eg jammen at eg er vaksen/gamal/passé/utsliten, stryk det som passar.. Om ryggen held, har eg altså om lag 33 år att som yrkesaktiv. Jippi.

Jubilanten er her avbilda i varmare strok, lett brisen og med bris i håret. Han ønskjer ikkje blomar på døra, men enorme pengegåver kan sendast inn på rette konto.

Reklame

Read Full Post »

Synes du Earl Grey eller «grøn te» frå Coop vert litt tynt? No kan du få kinesisk high-end-te på ein norsk nettbutikk. Broder Frode opnar i desse dagar nettbutikken www.tedragen.no. Her vert det både ferskvarer og årgangste å få kjøpt for te-galningar og menigmann. Lukke til med butikken og salet, Frode!

Read Full Post »

Aili er blitt eitt år eldre! Vi tok feiringa ein dag på forskot, og fekk besøk frå Bergen. Pakkar, kake, fastelavnsbollar og leik og moro.

Bursdagen byrja med pakkar i senga. Så var det skjeve med prim, leik med toget (ho fekk litt infrastruktur i ein av pakkane), og ut i milde -2 for aking og snøleik med far. Bileta er skotne med nyerverva GF1 med 20/1,7.

Read Full Post »

rund1

 

rund4

 

rund3

 

rund2

Jubilanten fotografert av A på eit av Noregs tristaste motell.

Read Full Post »

Vi arva nokre peng etter Guro, og vi tenkte kanskje at vi skulle kjøpe noko kunst. På ein tur heime i Sunnfjord undersøkte vi om det var noko å få kjøpt av den ikkje heilt ukjende Oddvar Torsheim, original, lokal helt og 70-årsjubilant. Det var ikkje så lett, men han skulle ha ei utstilling i Oslo om ikkje lenge, der det skulle vere ein del bilete til sals. No i helga var vi i Oslo, og jammen vart vi etter kvart samde om å kjøpe ein akvarell frå 2003 som heitte «Heim, kjære heim». Dersom de har sett dette bilete, skjønar de sikkert at det ikkje var utan ein viss debatt at vi faktisk kjøpte dette bilete.

Dersom de er i Oslo kan de sjå dette og andre Torsheim-bilete på Galleri Tonne i Kristian Augusts gate 12, fram til 16. november.

Read Full Post »

Her ein dag var Endre og eg ute å gjekk i gatene, og rett som det var stogga vi for litt kaffi og ein matbete. Vi tinga kaffi, men det vart og det rakk før han kom på bordet. Etter at vi hadde etterlyst han to gonger, fekk vi til slutt kaffien vår, og som plaster på såret, ein «Fortune Cookie» kvar. Meldinga på lappen inne i kjeksen var slett ikkje verst!

No skal eg ut å kjøpe ingrediensar til eit godt måltid, så får vi sjå om eg klarer å utrette «anything» med dei.

Elles har det vore ein fin laurdagsfrukost med The Shins, Dag og Tid og iskaffi. Nett som i gamle dagar.

Read Full Post »

«Hurra! Det vart ja i uravrøystinga i LO for det framforhandla forslaget.»

«Men kva vil AFP-ordinga seie for meg når eg vert gamal?»

Read Full Post »

K&B gifta seg på laurdag, og dei stråla i duskregnet i Kristiansand. Hurra! God mat, fin stemning og til dels poengterte talar.

Det var kjekt å få seg ein tur sørpå, og å treffe att litt vestlendingar og anna godtfolk. Innkvarteringa eg hadde ordna for A, K og meg, var dog i enklaste laget. Vel, vi fekk no stroke dressbuksene våre, på eit bord som vi stal frå resepsjonen. Av andre positive ting å nemne, er reint sengetøy, varmtvatn i dusjen, delvis fungerande trådlaust nettverk og desillusjonerte islandske teenagers i resepsjonen.

Read Full Post »

I dag våga vi oss ut på glatta, for å teste vogna, og for å sjå korleis Aili likte å trille ut i blesten. I tillegg fekk vi send av garde old-school-greiene til A. Vi kledde på jenta både ullbukse og hue, men gløymde vottar.. Vi lærer kvar dag.

Nokon som gjenkjenner denne gensaren?

Med broddar og fire hjul i svingen. HMS i praksis.

Read Full Post »

Jepp jepp, no er eg 29! Det har vore ein strålande dag, og eg takkar for helsingar frå vener, slekt og den norske regjering. Gåvebordet spenner over alt frå diktbøker til potetgull, og utover dagen vert det nok både kaffi og kaker. Eg kjenner at eg snart er ein vaksen mann, men trass i at det ytre er i fritt fall, så sprengjer ungdomen innanfrå. Eg kunne sagt mykje om mine bragder til no i livet, men det vel ikkje så mykje som ikkje allereie er skrive i bøker og aviser.

Eg vil gjerne få gratulere Ray Manzarek, Haruki Murakami, Mel C, Amerie og Cato Zahl Pedersen med dagen!

Frå fjorårets feiring. Mel C og Murakami kunne ikkje kome då heller, pga tåke på Gardermoen.

Read Full Post »

Older Posts »