Då var eg på plass. Bruer er brende, og niks returbilett. Eg kom til leiligheita med omlag det same som eg flytta til Oslo med i 1997, ein sekk og ein bag. Då var eg ein uredd og nyfiken tenåring. No er eg ikkje langt unna 30 og livredd. Det regner, bles og eg kjem truleg til å verte sjuk med det fyrste. Sykkelturen i dag frå Rypefjord til Hammerfest City var såpass ufyseleg at eg truleg vert ein trufast brukar av bybussen. Men no sit eg i lun hamn på biblioteket. Eg har fått meg lånekort og skal fylle sekken med spanande litteratur. Fram til flyttelasset kjem, har eg ikkje anna enn klede og eit par utlesne blad til tidtrøyte. Eg skal sjå om eg finn den nye boka til Jonathan Safran Foer. Og kanskje noko mathistorie av Henry Notaker.
Archive for juli 2005
ein fersk finnmarking fortel..
Posted in Tant og fjas on juli 29, 2005| Leave a Comment »
Hershey kjøper Scharffen Berger!
Posted in Tant og fjas on juli 26, 2005| Leave a Comment »
For ikkje lengje sidan vart det kjend at den engelske sjokoladegiganten Cadbury kjøper opp halvøkologiske Green and Blacks. No er det klart at Hershey kjøper opp kvalitetsprodusenten Scharffen Berger. Scharffen Berger starta opp i Berkley, California i 1996 og har auka populariteten til mørk kvalitetssjokolade i USA. Her er ei lenkje til meir info.
Ferdig!
Posted in Tant og fjas on juli 22, 2005| Leave a Comment »
Ja, då er ferdig med fire år som konditor ved Lie Nielsen konditori i Bergen. Det er rart, men greit. No ventar nye utfordringar i Hammerfest. Eg trur eg må stikke ut å feire litt..
Return of the blog
Posted in Tant og fjas on juli 16, 2005| Leave a Comment »
Ja folkens, eg veit de har venta i knugande uvisse og lengt etter meir stoff frå det stormfulle og innhaldsrike livet mitt. Men nullane og einarane har ikkje vore på mi side. Det vil seie, dei har vore der heile tida, men serveren har ikkje ville med. No går det betre og eg vonar på ei framtid utan fleire nededagar og regn. Regnet vert vanskeleg å sleppe unna, eg bur enno i Bergen, men eitt av to?
Om berre to veker vert eg finnmarking og eit liv langt nord for polarsirkelen byrjar. Dersom Telenor har klart å få pølsefingrane til å kable heilt til Hammerfest, vert det nok rapportert frå mitt nye og vonaleg spanande liv frå Det Høge Nord ™.