Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for mars 2005

Her er tre små hendingar som eg vil dele med dykk.

1. Var på kino før påske og måtte som vanlig innom toalettet før forestillinga. Der såg eg ein mann i tjueåra som sjekka sms medan han tissa i tisserenna. Eg skal ikkje spekulere noko meir rundt tidsklemma eller avhengigheit av mobiltelefonar.

2. Var borte på nedre Sverresborg og kasta litt skeinebrett i lag med A. Formen er ikkje heilt max enno. Det var også ganske kaldt. Eg vart litt forseinka avdi eg held på å søkje til universitetet. (1) Det er nok også den tidlegaste debuten for freesbeekasting nokon gong. Då eg kom heim att merka eg at eg hadde mista nøklane mine. I dag sykla eg bort att til Sverresborg og fann nøklane liggjane i graset rett ved der eg sette frå meg sykkelen i går. Dei kunne då ha sagt i frå i går. Makan.

3. Japan Photo som sender filmane sine til Danmark for framkalling hadde endeleg fått dei attende til Noreg, og eg henta fire filmar skotne med Nikon og Nikkors på Madeira. Det såg ok ut. Fyrste gong eg prøver Provia(tm).

Reklame

Read Full Post »

Hopp Caroline, hopp!

Var ein tur på Langeland (1) saman med vener i dag. Gjekk nokre hundre meter på ski. Laga basecamp med bål og grilling i nærleiken av ein fin bakke. Der bygde vi hopp og hoppa om lag ni meter (2) til 16, 16 og 16,5 i stil. I hoppa ikkje, då ho i fjor påske skada seg på Utviken (3), og måtte sjå lengje etter å prøve dei nye skia sine. F hoppa tre måteleg bra hopp, medan K og eg kiva om pallplaseringane. Vi hoppa beggje om lag like langt, men eg stod oftare enn K. A festa sportsaktivitetane til eit digitalt lagringsmedium. Då vi var vel innrøykte og mette av hopping og pølser, skøyta vi nøgde heim (4).

1. Populært skiområde for Førdefolk i Gaular kommune.
2. Lengda vart som sedvana er i hopping i skilengder. Vi nytta A sine ski som var om lag 203 lange.
3. Utvikfjellet. Populært skiområde for Vengenfolk i Gloppen kommune.
4. Strengt teke ikkje heilt heim, men til bilen på parkeringsplassen.

Read Full Post »

Forfall 2005

Etter påske kjem våren og det er på høg tid å gjere noko med sykkelen. Sidan eg brukar sykkelen til arbeid kvar dag året igjennom, vert det relativt mykje slitasje på doningen. Med litt meir jevnleg smøring og vask kunne eg kanskje sloppe litt billegare no når vårpussen skal gjerast. Men eg har vore slepphendt. Det ser dårleg ut. Her kjem lista over ting som må gjerast for at sykkelen skal eigne seg til meir enn transport til og frå jobb.

– Vask. Hugsar ikkje sist eg gjorde dette.
– Skifte strømper og virar til frambremsa og framgiret.
– Justere frambremsen (skive) evt. kjøpe ny kloss.
– Justere bakgiret.
– Skifte framskiftar. Dette er eg usikker på og må kanskje leggje tenesta ut på anbod til ein sykkelbutikk. Evt. få kjøpt meg ein rimeleg skiftar frå Fast Bikes i Oslo og prøve sjølv.
– Feste framskjerm. Evt. Kjøpe ny. Den eg har no er laus og litt knekt.
– Byte bakdekk. Dette er ikkje naudsynt, men eg har lyst å setje på eit dekk som eg kjøpte på sal i haust.
– Byte kjede.
– «Blø» skivebremsa bak, og kutte av om lag ti centimeter bremseslange.

Dersom eg klarer dette innan J spør om eg skal vere med på sykkeltur til Rundemannen, skal eg kjøpe ein flaske portvin som løn for strevet.

Read Full Post »

Framtidsparanoia

Var på ein kafe i går og åt litt rimeleg kinesisk mat. Der var det andre gjester òg. Eg la merke til noko som såg ut til å vere ein helgepappa og son hans. Eg fekk då ei panikk-kjensle av at dette skulle hende meg òg. At eg skulle vere i ein kjip jobb på ein liten stad utan vener. Med dårleg høve til barnet mitt og økonomiske problemer. Gjekk på kino etterpå og tenkte heldigvis ikkje meir over dette. Puh!

Read Full Post »

Er ein tur i London i dag. Skal moete Father Chocolate i kveld. Maa proeve aa stikke innom Maison de Chocolate, som er pralinkongane i verda. Faar sjaa om eg gidd aa stikke innom Marcolini. Jentene er reist av garde for aa kjoepe sko, medan eg faar fri for det. Puh! Har drukke litt for mykje kaffi, og har serius delirium. Det var kjekt aa treffe att Oda og det fargerike felleskapet i Brighton. Men det var som sagt kaldt. Har endeleg faatt svidd av den gamle Tri-X-en i Lomoen.

Read Full Post »

Har vore ei veke på Madeira med kone og ein del av hennar næraste slekt. Dette var min fyrste ordentlege Sydentur. Med Syden så meiner eg pakketur, restaurantar med skandinavisk meny og servitørar som snakkar svensk-engelsk-portugisisk, hotellfrukost og badebasseng. Diverre var været ikkje like bra som det ofte er i Syden, men det var nokre fine opplevingar likevel.

Eg kan nemne fjellhylletur til Pico Ruivo (1862 moh), det høgste fjellet på Madeira. Vi køyrde opp til Pico Areeiro (1818 moh) (!), og gjekk opp og ned i om lag tre timar på smale stiar og fjellhyller. Nokre (les mange) stader var det fleire hundre meter rett ned. På beggje sider. Med born tilstades. (1). Men vi hadde litt skodde, så då fekk vi ikkje sett avgrunnen..

Eg fekk høve til å stikke innom nokre vinprodusentar. Barbeito, Henriques og Henriques, Madeira Wine Company (Blandys, Cossart Gordon, Miles, Leycock og Atlantic) og Pereira d`Oliveira. Det virka ikkje som det var kvardagskost at folk kom for å smake vin. Det var nemleg ingen som hadde spyttebakkar, ein var pent nøydt å svelgje unna. Dersom ein då ønskte å teste til dømes 7-8 vinar som alle held 18-20% alkohol (2), ja då går ein litt vinglete ut att..

Det vart litt bading. Ingeborg var mest ivrig. Vi fekk sett Madeira frå sjøsida i ein replika av Colombusen sin Santa Maria, bygd av ein nederlandsk dude i fiskelandsbyen Cãmara de Lobos. Då vart det også høve til å kome nært innpå delfinar.

Ein dag køyrde vi til nordkysten, og byen Sao Vicente. Byen likna litt på Flåm, der han låg innimellom høge fjell nede ved fjorden. Og i sentrum var det sjølvsagt ført opp nokre turistboder i ikkje alt for heldig arkitektur.

(1) Viser til ein setning i songen Måkene frå plata Noen ganger er det all right av ørretzen/Myhre. Setninga er omsett til nynorsk. I original språkdrakt lyder ho: «Med barn tilstede».

(2) Madeira er ein av dei tre klassiske sterkvinane. Desse vert sprita opp til mellom 15 og 22%. Madeira er ikkje like populær som dei to andre (portvin og sherry), men kanskje er ein renesanse på gong.. Hovudtypane er Sercial (tørr), Verdelho (halvtørr), Bual (halvsøt), Malvasia (søt). Det er vanleg med 3, 5, 10 eller 15 års fatlagring. Vintage må vere fatlagra i minimum 20 år. Nokre lagar ein colheita frå gode år. Desse er fatlagra i 10 til 18 år. Dette er ein slags mini-vintage.

Read Full Post »