Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for the ‘Observert og klypt’ Category

Jau, ryktene er sanne, me skal flytte attende til Førde. Husvære er kjøpt (nuvel, kontrakt er inngått og betongfundament er observert), men det skal truleg ikkje vere ferdig før mai neste år. I mellomtida treng vi altså eit krypinn for våre blomar, sofaen, to born og 41 banankassar med «krydder + div.» Ingeborg har fått jobb, og ungane har sikra seg barnehageplass. Eg har enno ikkje fått meg arbeid, så om det er nokon der ute som treng eit par hender og eit hovud på riktig plass, hovudsakleg i tertiærnæringar, så ta kontakt.

Men om det er trivselsfylket eller framtidsfylket, me flyttar heim til, det er eg litt usikker på.

Reklame

Read Full Post »

Ved kjøkenbordet etter at middagen er fortært. Borna har som vanlig knapt ete noko, men brorparten av det som var på tallerkenen ligg no på golvet, og yngstemann (som enno ikkje har lært (sukk) å krabbe) smør det utover. Ute er det 18,4 grader og overskya. Dei er kledde i middelklasseklede kjøpt hovudsakleg på inspirasjonslause butikkar som H&M etc. Mor og far er (naturlig nok) trøytte, då mor har amma fleire gonger på natta, medan far har vore på druen og kome seint heim.

Mor (retta til far): Ungane må bade i dag, dei skulle ha bada for lengje sidan!

Far: Ja men dei har jo bada for lengje sida.

Mor og far: Hahahahahahhahahahahahahaha!

Mor og far ler ei god stund av dette, far lengst, då mor er trøytt fordi ho måtte amme fleire gonger om natta, medan far var på druen og kom seint heim.

(Familiesjølvironi er ikkje like morosamt som til dømes Are Kalvø, men det funkar som terapi. Kombinasjonen lite søvn, stort koffeininntak og rotet hus, kan også vere grobotn for enkelte morosame situasjonar, men som oftast ikkje..)

Read Full Post »

I dag har eg drukke kaffi, baka fire brød, og sett på Gary Vaynerchuck, som seier til vinprodusentar i Napa Valley at dei må kome seg i gong på sosiale medier for å selje vinen sin, og få eit eie-til-ein-tilhøve til kundane sine. Eg er ikkje så veldig aktiv i sosiale medier, men sparer peng til vin og eit dyrt hus.. Innimellom er det mating av arvingane mine.

Dagens meny: frukt med fullkorn og banan til dessert.

Read Full Post »

Eg vil gratulere Førde som ferske noregsmeisterar i volleyball! Velspela og spanande kamp.

Read Full Post »

2+2=4

Glede i heimen! Vi fekk ei flott lita jente i går, rett etter Dagsrevytid. Fødselen såg ut til å trekkje i langdrag, men plutseleg kom ho! Vossatausa har enno ikkje fått noko namn, så gode framlegg vert mottekne.

Read Full Post »

Det nye klasseskiljet går ikkje lenger etter storleiken på lommeboka, men om du les i eller ler/gret av avisene. I serien av utklypte artiklar frå medium utan korrektur og ambisjonar, har vi i dag kome til nrk.no, sikkert kjend for dei fleste. Her frå ei sak om at Roger Waters tek med seg «The Wall» til Noreg i april neste år.

«For å illustrere historiene som fortelles gjennom musikken, har Waters utviklet en dynamisk videografikk med visuelle bilder. Disse prosjekteres over en 743 kvadratmeter storskjerm.»

For dei som har lyst å sjå prosjekterte visuelle bilete i Bærum, vert billettane lagde ut for sal 30. august.

Read Full Post »

Våren 2004 vart det innført nasjonale prøver i grunnskulen, og dette var meint å vere eit kvalitetsikringsverkty for lærarane og skulane. Nokre meinte at med offentleggjeringa av prøvene så vart dette ein ny gapestokk. I nærleiken av heimen til mine foreldre i Førde har nokre sett opp skilt som er noko vel ærlig om nivået til borna.

Bilde050

Read Full Post »

For nokre år sidan kom det mobiltelefonar med innebygd digitalt kamera. Kvaliteten på bileta var no so som so i byrjinga. På min telefon som er om lag tre år gamal er det kamera, men eg har ikkje brukt det så mykje. I dag tenkte eg at eg skulle forsøke å overføre bileta til Mac-en. Etter litt prøving og feiling fekk eg send bileta via bluetooth.

Fyrst nokre fantasifulle plakatar.. 

Bilde001

 

Bilde044

Bilde049

Bilde024

Eg fall for denne ærlige og morosame lappen som hang på Domus i Hammerfest.

Bilde048

Bilde047

Så eit par som eg mistenkjer Aili for å ha teke, når ho av og til «låner» telefonen..

Read Full Post »

Read Full Post »

Read Full Post »

Older Posts »