Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for august 2006

Svartfjellet og sommar

Så kom faktisk sommaren til Finnmark! Det har vore nokre fine dagar med opp til 20 grader og sol heile tida. På sundag fekk vi med oss mykje fin ungdom og tok turen over mo, myr og ur til Svartfjellet, 630 moh, Kvaløya sitt høgaste punkt.

For detaljfetisjistane kan eg nemne at vi køyrde til Grøtnes gjekk til toppen etter framlegg frå turkartet over Hammerfest (stipla line på kartet), og så gjekk vi ned att mot nordvest og kom ned i Fjordadalen. Vi var ute i nærare åtte timar og fekk mykje sol på kroppen. På toppen vart det niste og kaffi og kjeks og sjokolade vart send rundt.

Reklame

Read Full Post »

Jau skjegget det veks sakte men sikkert, som de kan sjå. Men eg trur ikkje eg gidd å ha det så mykje lenger. Det er ikkje alle i mine omgjevnader som er like positive til veksten, og etter kvart må nok skjegget takast.

Read Full Post »

Ã…rets moltetur ™ til Sennalandet gav 333 gram. Ingeborg plukka litt blåbær også. Anette og Elisabeth var også med. Det var vått og moltene var ikkje så fine. Litt seint i sesongen kanskje. Eg fekk i det minste i meg like mykje blåbær som Håkon Lie. (Ein kopp om dagen).

Read Full Post »

Så var eg attende i Rypefjord. Elleve grader og overskya.

Men sumaren sørpå var fin. Mykje bading i Førde. Litt rart å vere i Førde. Eg har ikkje budd der sidan 1997, og seinare har eg ikkje vore så mykje attende, berre i jula og ein kort tur om sumaren. Førde er ganske unik i sin kraftige vekst av kjøpesenter. Sist eg var heime stod Handelshuset 2 ferdig. Hm, ferdig og ferdig. Følg med i Firda og NRK Sogn og Fjordane for neste akt i «Farsen om Skywalken» med Smarte Løysingar og Noble Motiv i to av rollene. No er det også eit nytt kompleks under byggjing på Øyrane ute ved båthamna. Ryktene går også om eit senter på Kronborg. Det er berre å ringje etter forbrukslån.

I Masfjorden vart det bading og litt fisking frå båt og frå Storeskjæret. Fekk litt småmakrell som vi (sorry onkel Harald) kasta uti att. Vi er vel litt godt vande frå Finnmark.

Vi fekk bada litt på Askøy hjå Karianne og Christian som har flytta sørover etter eit år i Fjord’n.

Etter eit par dagar i Bergen sette fire karar kursen for Voss og den årlege mat- og vinturen til http://www.vinpressa.no. Les meir om dette på nemde nettside.

I Oslo var det Øya-festivalen som var hovudattraksjon. Dei beste konsertane var !!!, Morissey og Motorpsycho, med Marit Larsen som eit fint innslag av hestejazz mellom all rocken. Datarock hadde ein moro konsert som vart avslutta med «The time of my life» og euforisk dans blant publikum.

I mellom all musikken fekk eg med meg eit besøk på ein tapas-restaurant der ein svært lågmælt svenske serverte scampi og sherry. Kan ta med ein liten ironisk tvist – tapas kjem frå verbet taper – å dekkje. Ei brødskive eller pølsebit (dei lærde strides) vart lagd oppå sherryglaset for å hindre at fluger og liknande skulle kome oppi glaset. Kva skjer så med Manzanillaen min? Jau, eg oppdagar ei lita fluge som ligg og sym.

Det vart også fyllt opp med emulsjon frå Lømorks Foto og handla litt vin frå det gode utvalet på Briskebypolet.
Flyet til Tromsø var litt forsinka, og eg fekk lese ut «Modellen» av Lars Saabye Christensen. God bok. Måtte ty til kriseløysing på Tromsø lufthamn, Langnes, då eg måtte vente om lag fire timar på neste fly til Hammerfest. Kjøpte nyhendemagasinet MEMO, og likte det ikkje noko særleg.

Read Full Post »

Eg fekk i går sitje i førarsetet i ein bil og prøve meg litt som sjåfør. Dette var fyrste gong på ni år. Under kyndig rettleiing frå svigerfar fekk eg gasse, kløtsje, køyre i tredjegir og sjølvsagt kvele bilen nokre gonger..

Vi får sjå kor det ber hen vidare.

Read Full Post »

Etter godt og vel ei veke sørpå har eg no tint opp og huda mi har fått nyansar av rosa og lysebrun. Det har vore fokus på bading og avslapping. Eg fått lese nesten alt som står i nyaste nummer av Syn og Segn, Vinfurum og Carl’s Cars. Levi Henriksen si «Snø vil falle over snø som har falt», vart fort utlesen. Saman med gode vener har eg inteke reker og kvitvin frå Alsace, vore på teater, konsertar og fjellturar. Vinkjellaren har fått påfyll av fire flasker kvitvin av chenin blanc-drua og fire flasker raud burgund frå to kvinnelege vinmakarar.

Snart går turen til Masfjorden. Vonaleg vert det litt fisking i fint ver.

.. og slik går no dagane ønskjer trufaste lesarar ein framleis god sommar!

Read Full Post »