Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for oktober 2004

I dag kom det 121 gram post, og nokre av dei var bladet Vestmannen. Denne blekka tinga eg ein gong for fem-seks år sidan, uvisst av kva grunnar. Eg har ikkje betalt sidan, men det kjem i posten
fast og trutt. Eg har sjeldan lese noko av det som står der, og i bot for dette skal eg gje nokre små teaserar på kva som står skrive i denna utgåva. På framsida er det eit hyllingsdikt til Per Sivle. Det er ei sak frå årsmøtet i Bladmannalaget, Gunnar Staalesen har skive sogespel, reisebrev frå Estland, bokmeldingar og høgnorsknytt.

Kjøpte i går «highbrow-bladet» Vinforum. Der er det ein artikkel om rieslingdrua sin renessanse og ein test av Côte Rotie, Hermitage og Cornas. Det er Cornas frå August Clape og Thierry Allemand som kjem best ut. Av Hermitage-vinane er det Chave 2001 som får mest poeng (86), medan Chapoutier sin Sizeranne 1999 får 84. Ein del produsentar får kritikk for mykje eikebruk. Eg tykjer også at det er litt skuffande poengsummar på nokre av vinane. Kanskje auka popularitet og pris har gjort at nokre produsentar no ligg på latsida og sel alt dei lagar uansett.

Reklame

Read Full Post »

Fotball og mørke

Fekk endeleg ferdig dias-serien frå interrailturen i sumar. A, K, B og K kom for litt mat og framsyning. Det vart nok kanskje litt mange vinmarker og intrikat tysklandgeografi. Men men.
I dag var det fotball på Møllaren. Ã… var med og lova å stikke bort på SV og fikse serveren som har vore nede. No er ting oppe att. Og takk for det. A har vore på vitjing og vi har vore på mørkerommet og kontaktkopiert. Snakka om damer. Hm.

Read Full Post »

Fredagsrock for dei invidde

Fredag var det fest i Welhavensgate. Kjekt det. Eg stakk av rundt midnatt for å få med meg Goddammit i Speilsalen på Kvarteret. Dette var betre enn på lenge, så karane har nok øva godt. Har også fått høyre litt på ein demo frå opptaka til Leif i Høyanger. Fint.

Read Full Post »

Det vart tre dokumentarar denne gongen på BIFF. Var og såg Hawaii, Oslo i kveld. Vi hadde tinga ved og dei kom midt i middagen. Bar opp 15 sekker. Fekk litt hjelp av Nabokarane, og dei fekk kaffi og bollar etterpå. Det var litt regn då eg gjekk heim og A tykte at det var mykje fine jenter ute i dag. E er i villreie om kva fotoutstyr han skal satse på. Kanskje ryk Hassyen.

Read Full Post »

Det vart noko seint i går, og som det skrive står, du skal hauste det du sår. På dagens BIFF (Salvador Allende), var det vanskeleg å halde augo opne. Fin film. Det var nok ikkje berre eksilchilenarane som hadde tårer i augo etterpå. På veg heim møtte me Hugseguten. Kjekt det, lengje sidan sist. Det vart prata om fotball, sjokoladeturen min og huseigarar. Sov litt på sofaen.

56 gram post.

Read Full Post »

Musikk

Laurdagsmorgonmusikkliste:

Gillian Welch – Everthing is free
CSNY – Blackbird
Johnny Cash – Hurt
Joni Mitchell – I think I`m falling
Zero Seven – In the waiting line
Sufjan Stevens – Romulus
Teddy Pendergrass – Wake up everybody
Sweet Chariots – Ten tons of cargo
CSNY – Our house
Jan Eggum – Ryktet forteller
Little feat – Truck stop girl
Lee Hazelwood – Call me sand

Var på fotomessa i Galleri Nygaten, men det var ikkje noko aktuelt. Fekk fikle litt med den nye F6 til Nikon. Epson RD-1 var ikkje komen og vil ikkje kome før medio november. Fikla også litt med ein M7 med Elmarit 21/2.8.

113 gram post.

No vert det BIFF dokumentarfilm, teater og til slutt mat og drykk

Read Full Post »

BIFF og kotelettar

Var på kino og såg ein festivalfilm i dag. The revolution will not be televised. Om kuppet i Venezuela april 2002 mot president Hugo Chavez. Eit irsk tv-team var på plass for å lage dokumentar om president Chavez då dei fekk orkesterplass til det fjernsynsregiserte kuppet leia av den rike høgresida i landet. For de som er i Bergen og er interesserte i media og demokrati, så er det berre å springe og sjå. Smakte eit par av sjokoladane frå London i dag. Mangaro Lait frå Michel Cluizel. Dette er ein mjølkesjokolade med 50% kakaoinnhald frå Madagaskar. Mmm. Så var det Jamaica 70% frå gutta frå California (Scharffen Berger). Dette er grovkverna kakaoaønner, sukker og vanilje slik dei gjorde det i gamle dagar. Knaskigt og godt. Ei aning alkohol og som dei andre Scharffen Bergers; tre og tobakk.

4 gram post og ein mail. Nakkekotelettar og ratatuille til middag.

Read Full Post »

Ah! Øl kan vere bra greier. Jörg, Gjermund og eg stakk på Henriks etter kamerklubbmøtet. Der vart det servert digitale naturbilete. Det er eit stykke att til diaskvalitet, men ikkje verst.

Elles er eg ikkje så imponert over responsen her på sida. De har fått melding? Vel, eg driv med mitt , men er eit menneske av kjøt og blod og kjensler. Her blottlegg eg mi sjel, men kva får eg att? Berre kyniske kikkarar. Verda går vel under snart så eg får ete opp sjokoladen eg har kjøpt.

Fekk 440 gram post i dag, men berre ein mail.

Read Full Post »

Flott om flått

Då eg var i Brighton var eg så heldig å oppdage at eg hadde ein flått plasert på akterspegelen. Var på apoteket i dag og fekk meg noko mot evt. infeksjon. Stakk bort til K etter trening for å få skanna litt. K har fått ny datamaskin og har skannedilla.

Read Full Post »

Sa visst til kona at eg ikkje skulle kjøpe så mykje sjokolade denne gongen, men kom heim med 2899 gram.. Dersom vi tek med dei 1500 gram med M & M`s eg kjøpte til kona, så vart det faktisk rekord. Godt å vere heime att.

Hugsar så vidt at eg lova Steve og Martin at eg skulle skrive ei sak til 70% om sjokoladeveka, og no angrar eg. Nuvel, eg fekk jo smake det siste frå misjonsmarkene.

Martin opna ein gullfarga boks med San Jose-prøver får Domori. Delte den vesle biten og så smakte vi. Det var ein Ocumare 61, 100% kakao. Den fanst ikkje bitter. Ikkje fullt så waxy som dei andre frå Domori. Så var det ein Ocumare 67 med 80% kakao og salt og fruktose. Mmm. Svært creamy og fruktig. Saltet dreg ut litt ekstra smak. Smeltar fantastisk, nett som ein mjølkesjokolade. Smakte også Ocumare 61 og Ocumare 67 med 70 % kakao, og dei var hakket betre enn Puertomar og Puertofino.

Read Full Post »

Older Posts »