Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for april 2009

Parklife

parklife1

2. vers, fritt etter Alex James/Damon Albarn

Eg er eitt år og står opp når eg vil, men på laurdag vert eg vekt av buekorps

(Parklife!)

Pappa kler på meg, gjer meg frukost, så er det ut å trille, ein ny dag er her

(Parklife!)

Eg matar duene, og har dei flaks får spurvane litt også

Det gjer meg sprett hoppande glad, å ja

(Parklife!)

Då er eg lukkeleg resten av dagen, trygg på at mamma hugsar solkrem og fleire våtserviettar neste gong

parklife2

Reklame

Read Full Post »

Nye generasjonar som veks til har gjerne sin eigen humor. For ei stund sia var det ironigenerasjonen som regjerte, men han vart fort avsett (i allefall dei medlemmene som nytta bokmål) då dei ikkje tok ironien til Kjartan Fløgstad. Her i heimen har vi sett til verda starten på ein ny generasjon, og det kan virke som det er practical jokes som er kjekkaste for tida. I samband med ein klesvask av ulike klede, mellom anna finskjorta mi som eg kjøpte på Ricco Vero i fjor sommar, hadde A putta ei appelsin inn i vaskemaskina. Appelsiner har om lag same form og storleik som desse vaskeballane som var så i vinden for nokre år sidan, men effekten er ein heilt annan. 

No skal eg prøve vaske skjorta mi ein gong til, utan vaskeappelsin, og sjå om den gule påskeflekken blir borte..

appelsinjoke

Gult er kuult! (Men ikkje som vaskeball)

Read Full Post »

sni

 

I går var vi ein tur i parken. A og eg fekk oss frisk luft, og duene og endene fekk nokre tørre skjever. Det vart litt kamp om maten, for A ville heller ete skjevene sjølv. Men dette var jo fyrste gong, kanskje ho etter kvart skjønar at smulane skal kastast til fuglane. Vi ser vekst og framgang. Og ei ny oppføring på CV-en: Snill med dyr.

Read Full Post »

It´s no use

resirk

Dersom ikkje BIR gjennvinn denne kubben 100%, skal eg gjere livet surt for dei!!

Read Full Post »