Feeds:
Innlegg
Kommentarar

Archive for november 2005

Ordnung muss sein

Nokon som trur dei har lånt Jan Eggum-cden President av meg? Kan ikkje finne han.
Det kan skuldast andre ting, men det skadar ikkje å spørje.

Read Full Post »

Slitsame greier – Jon Fosse

No har eg lese Naustet og Morgon og kveld av Jon Fosse. Fine bøker bevares. Men så byrja eg på Melancholia 1, om Lars Hertervig sitt opphald i t.d. Düsseldorf. Og eg orkar ikkje meir. Denne boka krev sin mann for å kome vidare i! Eg har lagt ho frå meg og trur ikkje eg kjem gjennom henne i dette årtiet.

Det vert nok ein tur på biblioteket for å finne noko litt meir sidesnuande. Dersom nokon har eit tips, kan de leggje det att i kommentarfeltet. Takk.

Reklame

Read Full Post »

Har du tenkt å markere verdas kjøpefrie dag? Les meir på Framtiden i våre hender sine sider og finn ut at dette kan også du markere i år.

Read Full Post »

I dag var det ynskje om fisk til middag. Eg stilte meg i kø i fiskedisken og bad om litt røykt torsk. Det er slett ingen dum råvare. Lag ein kvit saus og ha i kokt gulrot, kålrot og fennikel. Trekk fisken i lettsalta vatn. Server med kokte poteter til. Ein god kvardagsrett. Dersom du er avyg dei som tykkjer kvar dag er ein fest så kan det kanskje passe med ein lett røykprega Pouilly Fumé til. Produsenten Cailbourdin er no representert i Noreg og i den blå lista finnst Les Cris 2004 til 175 kroner. Dersom du ringer til Chris eller Jens hjå Moestue så kan du også få tak i Cuvée Triptyque 2002 som kjem frå druer dyrka på Silex-jord.

Read Full Post »

.. eller kampen om boka

Boka «MOMO eller kampen om tiden» (Michael Ende, 1973) gav meg ei stor lesaroppleving i min barndom. Eg har seinare vore på jakt etter å skaffe meg eit eks av denne boka, slik at eg kunne lese henne på nytt. Ho er også ei fin referanse i debattar om tidsklemma, konkurransesamfunnet og materialismen. Eg har ikkje lukkast å finne ho før eg i dag var innom biblioteket her i Hammerfest. I gangen har dei ei hylle med kasserte bøker for sal. No var det kome nokre nye bøker der, og eg la merkje til «Otter 3-2 kaller» og Blå 2 hopp ut, som eg las som liten. Og litt lenger ned var det forsyne meg 2 eksemplar av Momo! Så då fekk eg meg boka i mine draumar for 10 kroner!

Det skulle berre ta litt tid..

Read Full Post »

Kor tid byrjar førebuinga til eit måltid? Det kjem an på kor svolten du er. Har du tilstrekkeleg med næring for tarmtottane kan ein diskutere dette spørsmålet filosofisk. Er du derimot så svolten at du finn deg sjølv på nederste trinn i Maslovs behovspyramide – behovet for å overleve – ja då vert ikkje tid til filosofi før du har fått «stappa noko i haue», som dei seier her nord.


Focaccia før forretten. Eit brød som vart oppfunne i Italia for mange hundre år sidan.

Eg byrja litt med den praktiske førebuinga på tysdag. Då laga eg moltegeléen som var i desserten. Men dagen før hadde eg teke moltene ut av frysen. Og moltene dei vart plukka for 3 månader sidan. Haren til hovudretten hadde Thomas skote tidlegare i haust.

Vi drakk naturlegvis vin til maten. Til forretten (Sitrus- og nellikmarinert kyllingbrøst på tomatsalat og ruccula) var det Rüdesheim Estate Riesling 2004 frå Georg Breuer. Denne vart tinga på polet for eit par veker sidan. Druene vart plukka og pressa for eit år sidan. Firmaet Georg Breuer vart oppretta i 1880. Men rieslingdruer vart planta i Rüdesheim av Benediktinermunkar allereie for 700 år sidan. Crozes-Hermitage 1998 har lagt i kjellaren i fem år, før flaska no kom på bordet til hare og viltsaus.


Jeger Thomas med byttet.


Sjokoladesylinder med moltekjerne på molter i muscouvadosukker og urtesaus.

Read Full Post »

Bananflak

Ok

Etter å ha kome meg over det skuffande faktum at dei ikkje har skaffa til vegs nokre flasker Beaujolais Nouveau på dagen her i byn, så vart eg straks litt gladare då eg var innom den vel utbreidde søkjemotoren Google.

«Ikkje så vanskeleg å gle den karen!»

Det har seg slik at eg av og til søkjer på internett etter matoppskrifter. Eg ønskte å finne ut om det stod noko om friterte bananflak. Dette er noko som kan nyttast som pynt på dessertar.

«Javel du?»

Eg søkte difor på ordet bananflak. Og det var ingen treff på ordet bananflak!

«Ingen?»

Niks. Ingen treff på det gøyale og kostelege ordet bananflak! Har du sett. Men ikkje no lenger.

«Men dersom ingen andre skriv noko om bananflak, vil dette vere det einaste treffet på bananflak, eit sjølvrefererande treff.»

Jau. Og so?

Read Full Post »

Il est arrivé pas!

Den nye vinen er komen! Men ikkje til Hammerfest. (Sukk og stønn). Ok, det pinadø ikkje mykje som minner om Frankrike her i byn. Det er sikkert ikkje så mange franskmenn her heller.
Her finnst i det heile ikkje særleg mykje forutan porno og scooter. Folka på polet har heller ikkje kjent si besøkstid og skaffa fram Beaujolais Nouveau 2005 til i dag, altså tredje torsdagen i november. Dagen då heile verda drikk denne unge vinen frå Beaujolais, rett nord for Lyon.

Her i Hammerfest får vi finne på noko anna. Det er litt snø, om ikkje anna.

Read Full Post »

Dagsrevyen revised

I kveld kika eg litt på fjernsyn. Ja, det hender otftare og oftare at dette skjer. Nuvel. Eg la i alle fall merkje til den keisame vignetten til Dagsrevyen. Den bør dei snart få bytta ut med ein freshare. Eg tykkjer eg minnest at den som var før var betre. Kanskje jinglefolka i P3 kan kome opp med noko. Kva tykkjer de?

Read Full Post »

Om ei veke..

..kjem Beaujolais Nouveau!!

Read Full Post »

Older Posts »